Innlegg

Stortingsvalet - Eit narrespel?

Skrive 14.08.2017.    Siste vekene har NRK stadig «masa» om at vi må stemme. Men det kan vere mange gode grunnar til ikkje å stemme. Ein kan vere at politikarane oppfører seg slik at vi har mista tilliten til dei. Denne gongen vurderer eg å slutte meg til den flokken som sit heime på valdagen. Stortingsvala og tilhøyrande debattar liknar meir og meir på eit narrespel. Vi vert invitert til å gje stemma vår til dei vi vil skal styre landet. Men politikarane har ikkje særleg stor tru på oss eller respekt for oss. Dei trur visst at vi berre er opptekne av korleis vi skal skaffe oss enno meir materielle gode på kort sikt. Dei fortel oss derfor ikkje ope og ærleg om kva dei vil gjere med dei store utfordringane som landet står framfor. Kva skal vi leve av etter oljen? Skal vi halde fram som stor krigarnasjon i land langt borte? Skal vi halde fram med den statssubsidierte sentraliseringa? Spørjeundersøkingar viser at folk flest er opptekne av viktige og langsiktige saker. Men likevel e

Om helse. Har vi fått eit samfunn som ignorerer dei svake?

Skrive 07.09.2017.    På leiarplass i BT for 4. september seier avisa at det er nødvendig å gje avslag på dyr hjelp som kan redde livet til kreftpasientar. Avisa meiner at slik prioritering er nødvendig fordi det elles ville gå ut over andre pasientgrupper. Det same har leiinga ved Haukeland og andre maktorgan i helsevesenet sagt. Men alle desse overser den viktigaste prioriteringa: Kor mykje ressursar bør vi bruke på helse i forhold til andre sektorar. Ei opinionsgransking i fjor viste at 70 prosent av folket vil at det skal brukast meir på helse. Men likevel er dei økonomiske rammene til helsevesenet ikkje tema i valkampen. Liv eller død for tusenvis av menneske er for uviktig og vanskeleg for det TV-sirkus som valkampen har utarta til.  Altfor mange av våre medborgarar lir og dør fordi helsevesenet har for lite pengar. Eg syns det er ein uakseptabel situasjon i «verdens rikeste land», spesielt når vi auser ut mange titals milliardar kroner til prestisjetiltak som burde kome le

Fyllingsdalen som prøveklut?

Skrive 20.02.2017.    I BA for 1/11 har Marius Øvrebøe Pettersen eit debattinnlegg om å utvikle Fyllingsdalen til «et prøveprosjekt innen grønn byutvikling». Hovedpoenget er at når bybana kjem til Fyllingsdalen «er det store muligheter for at flere unnlater å kjøpe bil til fordel for kollektivtransport». Men dette krever politisk handlekraft og store offentlige investeringer». Ein premiss er at Bergen – og Fyllingsdalen? skal få auka folketal. Eg har liten lyst til å verte ein prøveklut i eit eksperiment som til dei grader er tufta på luftige illusjonar og subsidier frå staten samt bomavgifter frå strilane! Eg har budd i Fyllingsdalen i 15 år, men eg har ikkje møtt nokon som ønsker bybana hit. Sjølv kvitta eg meg med bilen for om lag 12 år sidan og baserte meg på buss og sykkel til arbeid på Kokstad. Men då bybane linje 1 kom, vart det ikkje så enkelt lenger. For å besøke (...) i Fana måtte eg bytte kollektivmiddel 4 gonger og bruke lang tid, mot to gonger før bybana kom. Eg fann

Klokt av Willoch om krigen i Afghanistan

Skrive 14.11.2017.    No er det visst igjen aktuelt å sende norske soldatar til Afghanistan for å hjelpe USA i krigen sin der. Det ser ut til at vi ikkje har lært av tidlegare tabbar.   I haust har NRK ein programserien kalla «Da vi styrte landet». Der møtes dei seks eks-statsministrane Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik, Torbjørn Jagland, Jens Stoltenberg, Kåre Willoch og dagens statsminister Erna Solberg. Dei samtalar og deler minner og erfaringar. I program nr 2, som gjekk 8. november 2017 var Kjell Magne Bondevik hovedperson. Ei av dei vanskelegaste sakene i hans regjeringstid var spørsmålet om vi skulle delta i krigen i Afghanistan. I programmet vart det opplyst at vi i løpet av krigen deltok med 9000 personar. Norske fly bomba bakkemål i landet, og nokre kom heim i båre. Kjell Magne fortalde kor vanskeleg det var å ta ei avgjerd om deltaking i krigen, spesielt fordi han med sitt kristne livssyn visste at krig måtte vere absolutt siste utveg. Det kom også nokre va

Heilage kyr og pariakaster

Skrive 07.02.2018.    India har sine heilage kyr, vi har jarnbana.  NSB, eliten og miljørørsla har skapt myten om at toget er mest effektivt og miljøvenleg. Men trass i den påståtte effektiviteten, får NSB og Jernbaneverket om lag 20 milliardar kroner i statsubsidiar kvart år. Forklaringa er enkel. 80 prosent av jarnbanetransporten skjer i Oslo-området. Der har også staten, eliten og miljørørsla sine hovedsete. Dei skaffar subsidier til seg sjølve. Det minner om korrupsjon. India har også eit kastevesen. Pariakasten er dei lågaste på rangstigen. Vår pariakaste er vegbrukarane. I første rekke bilistane, sjølvsagt. Dei vert dynga ned med vegavgifter og bompengar. Vegbrukarane har det siste tiåret betalt om lag dobbelt så mykje inn til staten som det staten her brukt til investering og vedlikehald på riks- og fylkevegar. Staten tenar grovt på vegane. Ikkje rart at vi har Europas dårlegaste vegstandard.  

Innlegg til Klassekampen

Skrive 19.06.2018.    I fleire tiår har uansvarlege miljøorganisasjonar late seg bruke av økonomiske særinteresser for å få til ein energipolitikk som både skadar samfunnsøkonomien og naturmiljøet, og i tillegg er sterkt usosial. I boka «Min historie» som kom ut i fjor, tok Jens Stoltenberg eit sterkt oppgjer med dette «uvesenet» Kraftintensiv industri er ei slik sterk gruppe, som før ga mange arbeidsplassar i distrikta. Eg har heile tida heia på denne industrien, spesielt aluminiumsindustrien. Dels fordi den er viktig i heimfylket mitt, Sogn og Fjordane, men også fordi aluminium etter mi meining er eit miljøvenlege og framtidsretta produkt. Etter sterk modernisering og automatisering gjev aluminiumsproduksjonen no mange færre arbeidsplassar, men billeg og miljøvenleg kraft er blitt stadig viktigare. Derfor har bransjen blitt ekspertar på å skaffe seg  kraft til spesielt gunstige prisar. Før syns eg at dette var ok, men det går ei grense - som no er passert. Det starta med at i

Om mitt arbeid i Unipede og skeptiske europeiske kraftgigantar

Skrive 13.03.2018.    Spørsmål 3.  Dette dreier seg nok om eit foredrag eg hadde i 1995. Eg var då utpeika som norsk representant i ein komite for fornybar energi i den europeiske kraftbransjen. Tok til der i 1991. Vi hadde to møter for året der vi disskuterte og besøkte fornybar-anlegg. Vi initierte også ugreiing om spesialtema, som vi så behandla på seinare møter. Komiteen hadde fast sekretariat i Paris, der også dei fleste møta vart avvikla.  Bransjen i Europa var organisert som monopol. Sterkast monopol var det i Frankrike. Der hadde statsselskapet EDF monopol på både produksjon og all transport av kraft i heile Frankrike. Det var eit gigantselskap! (...) Elles var det nokre få store regionale produksjonsselskap både i Tyskland, Spania og Italia. England er eg litt usikker på, dei var lite aktive i komiteen.  Komiteen var klar over at vi hadde fått såkalla marknadsbasert omsetning i Norge, frå 1991, og at Sverige skulle innføre det same frå 1. januar 1996. Og dei var svært

Energipolitikk til beste for folk flest?

Skrive 19.08.2018.    Dei siste månadane har fleire gått på bana med påstandar om kor flott det er blitt for samfunnet med «grønt skifte» og «grønne  sertifikater» i kraftbransjen. Likeeins at forbrukarane har fått billegare strøm fordi dei fritt kan velje kven dei vil kjøpe frå. Elektrisitet er ein fantastisk teknologi og ein fantastisk energibærar. Då landet vart elektrifisert for om lag hundre år sidan, opplevde folk flest ein revolusjon. Elektrisiteten vart den store nye hjelparen i kvardagen. Oljelampa kunne byttast ut med elektrisk lys og vedomnen med elektrisk komfyr og panelomnar. Lys og varme til folkets behov var slagordet. Det tok mange tiår før heile landet var elektrifisert. Eg var 13 år då vi fekk elektrisitet heime. Det var som eit eventyr. Heile tida var det elektroingeniørane som hadde styringa. Dei styrde stort sett godt, fordi dei hadde både samfunnsansvar og innsikt i elektrisiteten sine løyndomar.  I BT for 9. juli skreiv konkurransedirektør Lars Sørgard kr

Kvifor sviktar venstresida svake grupper?

Skrive 25.10.2018.    Klassekampen sette inn denne overskrifta: Allle vegar går til Oslo. I Klassekampen for 14.juli spurde Maria Lavik: «Kven skal betale for å redda miljøet?» Ho skreiv om «EnergieWende» i Tyskland som skapar energifattigdom. Av sitt samla budsjett brukar nemleg låginntektshushalda over dobbelt så mykje på straum som gjennomsnittet. Lavik har rett når ho seier at også her heime er klimapolitikken klasseblind. Når det vert innført avgifter og subsidier som ikkje tek omsyn til lommeboka til folk, så aukar dei økonomiske skilnadane. Dette skjer på fleire område, men verst er det etter mi meining i samferdslepolitikken. Her har både høgre- og venstresida gått inn for enorme subsidier til  jarnbane for velstandsfolk på Austlandet, på kostnad av vegtransport for folk flest. Uretten og sviket er enormt. Sidan år 2000 har vegbrukarane i snitt betalt om lag 42 milliardar kroner per år inn til Staten i form av avgifter på drivstoff og køyretøy. I same perioden har state

Sentralstyring gjev sentralisering

Skrive 04.12.2018.    Blant demokratia er Norge det mest sentralstyrte landet i verda. Det burde gjeve grunnlag for offentleg debatt. Det skjer ikkje. Tvert imot, no får Oslomakta også hjelp frå Bergen. Dei siste vekene har det vore mykje stoff i BT knytt til distriktspolitikk, formyndarstaten, og om Oslo-makta i Høgsterett. Enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Oslo-styringa, det som Sjur Holsen kalla oslofisering, har akselerert. Vi har eit sentralisert politisk styringssystem og vi har ein steinrik stat som stadig vert rikare. Kapitalen si gravitasjonskraft og påverknadskraft er enorm. Bedrifter og finansinstitusjonar strøymer til, statsbyråkratiet både aukar og får større makt og media vert meir oslofiserte. Vi har eit aukande tal av direktorat og organisasjonar - mellom anna LO og NHO - med hovudsete i Oslo og som ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «standplassen avgjør standpunktet». I sum gjev dette enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Dette

Om min bakgrunn

Skrive 30.12.2018.    Eg driv og jobbar med eit bokprosjekt. I jobben heldt eg mange foredrag, og på 1970-talet skreiv eg mange artiklar i riksmedia (...). Litt av dette vil gå inn i boka. Dei siste åra har eg også skrive mykje, men måtte ta ei lang pause etter at eg tok kreftoperasjon i 2009. Hadde langvarig og sterk stråling som ga meg mykje smerter frå 2013 (...)   Har vore medlem i AP,  men melde meg ut på grunn av sentraliseringpolitikken deira. Har også vore medlem i to miljøorganisasjonar, men melde meg ut då eg oppdaga at dei begge var meir opptekne av å verne om eiga makt og prestisje enn å verne miljøet. Har også vore medlem i kommunestyret (...),  pluss diverse andre verv i lokalmiljøet. Eg var ganske imponert over lokalpolitikarane, dei aller fleste gjekk inn i politikken av idielle grunnar. Eg er mindre imponert over rikspolitikarane.  Styret i bransjeorganisasjonen likte tydlegvis det eg skreiv i avisene om energi, miljø og økonomi. Trur det var derfor eg fekk fleire

Kronikk til KK om samferdsle - Kommentarar

Skrive 08.05.2017.    (...)  I denne saka gjer Klassekampen (KK) nemleg det stikk motsette: Har fleire lange artiklar/innlegg som propaganderer for eitt syn: jarnbane/lyntog. (...) Det som er spesielt for dei innlegg KK har tatt inn, er at dei stort sett er utan faktabaserte argument. Eg har derimot lagt fram ny kunnskap/nye perspektiv. Ikkje minst det at rundt om i verda er det no eit paradigmeskifte på gang; ein overgang frå dei tunge, dyre og stive jarnbanene til dei lette, billege og fleksible bussane, «superbusar» (BRT), eller batteribussar. Kina og USA fører an. Det er no 6 år sidan Kina sette sin første batteribuss på vegen. No har dei over 100.000!    (...) avisa dermed gjev eit lite bidrag til ein håplaus politikk og ressursbruk : Bruke om lag 1000 millardar kroner til eit uproduktivt subsidiesluk i staden for nyttige og nødvendige tenester som t.d. helsevesen, utdanning, eldreomsorg. Det eg eigentleg driv med er eit bokprosjekt, der samferdslepolitikken vert berre eit k

MÅNELANDING OG ANNAN GALSKAP

Skrive 29.01.2014.    Skandalen ved månelandinga er at den i det heile tatt vart sett i gang. Ingen andre land tenkjer på å fjerne CO2 frå gaskraft. Til det er utsleppa altfor små, under halvparten av det bioenergi slepp ut. Verda står framfor enorme ressursutfordringar. Ufatteleg store ressursmengder må til for å dekke menneskja sine tre mest grunnleggande behov: Mat, reint ferskvatn og energi.  Løysinga på ressursproblema er minst av alt å bruke mykje pengar på symbolprosjekt som høyrest flotte ut, men som gjev null bidrag til å løyse kloden sine utfordringar. Månelandingsprosjektet på Mongstad er berre eitt av slike symbolprosjekt. Stortinget har nye på gang. Månelandinga  Dei siste dagane tida har Stortinget hatt høyring omkring «månelandinga» på Mongstad, prosjektet som skulle fjerne CO2 frå gasskraftverket. Det har vore brukt store ord frå mange. Det var i fjor at regjeringa avlyste månelandinga. Fleire aviser peika då på at prosjektet skulle vore stoppa før, og at dei bo

EIN FORMYNDARSTAT PÅ VILLE VEGAR

Skrive 25.02.2013.    INNHALD Føreord    Dei siste 20-30 åra har norsk politikk utvikla seg til eit udemokratisk narrespel. Avgjerdene skjer meir og meir i lukka prosessar der sterke særinteresser syter for at dei får god uteljing. Resultatet vert både mindre verdiskaping, usosial fordeling og negativ miljøutvikling. Over mange år har det i det offentlege fått vekse fram ei vill sentralisering og byråkratisering. Ansvarskjensle og effektivt arbeid er erstatta av ein ukultur av servilitet, leiarsvikt, inkompetanse, stor møteaktivitet og rapportskriving.  (Ikkje ferdig)   

Myter om miljø og samfunnsøkonomi i transportsektoren

Skrive 23.09.2014.    Av omsyn til klimaet protesterer miljøorganisasjonar heftig mot ferjefri E39 med 4 felt, men dei omfamnar lyntogplanane på Austlandet. Dette er i beste fall kunnskapslaust og i verste fall hykleri. BT har hatt mykje stoff om samferdsle dei siste månadane. Ikkje rart sidan det no er kort tid til Nasjonal Transportplan (NTP) skal leggast fram. Mange påstandar vert kasta fram, om tog kontra vegtransport, om ferjefri E39 og om miljøkonsekvensar. Det slår meg at debatten i stor grad er basert på seigliva myter og dogmer. Faktabasert kunnskap er mangelvare. Hovudgrunnen til dette er truleg at NTP i seg sjølv er meir basert på gamle postulat enn på kunnskap og fagleg analyse. Mest myter er det knytta til miljø. NSB postulerte rundt 1980 at tog er den mest miljøvennlege transportmåten. Dette har heile tida sidan vore støtta av Naturvernforbundet – som var sponsa av NSB. Samferdsledepartementet ga også beskjed om at i stortingsmeldingar skulle toget framstillast som

Helse og jarnbane i molboland

Skrive 20.12.2017.    Med overskrifta «Bare molboland setter asfalt foran helse» tar BA på leiarplass 14. mars opp eit viktig tema: helsesektoren må bli sterkare prioritert. Det er bra at dette kjem fram i offentleg debatt. Fordi mykje tyder på at den knappe ressurstilgangen til helse skuldast ein reknefeil i det sentrale helsebyråkratiet for om lag 5 år sidan. Mange ekspertar og andre gjekk ut og peika på feilen. Mellom andre Hallvar Bakke i ein aviskronikk. Men politikarane hadde bestemt seg: Helsesektoren skulle omorganiserast for å få skikk på det dei trudde var ineffektivitet. Mange i helsevesenet åtvara. Men reknefeilen vart tagd i hel. Det var gått prestisje i saka. Men folk flest ser at noko er gale i prioriteringa. I fjor viste ei meiningsmåling at 70 prosent av folket meiner at helsevesenet må få meir ressursar. Eit anna teikn er at vi stadig ser oppslag  om folk som må reise til utlandet for å få hjelp mot livstruande sjukdomar. I motsetning til nabolanda våre har «verda

Bygd og by – liv og lære

Skrive 05.12.2018.    I BA for 3. desember hadde Kommunalminister Monica Mæland eit innlegg der ho tok til motmæle mot det Oddny Milleteig skreiv i avisa om sentralisering. Mæland seier at det «selvsagt» ikkje er slik at distrikta er « bremser, sand i maskineriet eller et utgiftssluk». Men problemet er at fleire i partiet hennar har meint og skrive nettopp det, mellom anna tidlegare byrådskollega Henning Warloe. For eit par år sidan skreiv han ein kronikk i BT om temaet. H ovudpoenget til Warloe var at distrikta er ei bør og ein gigantisk kostnad som byfolk må betale rekninga for, mellom anna gjennom inntektsfordelingssystemet mellom kommunar. Mæland skriv i innlegget at regjeringa « hver dag jobber for sterke byer og levende distrikter. Det gir et godt samfunn, og sikrer oss en bærekraftig velferd ». Dette er eit godt mål, men regjeringa sin praksis viser dessverre noko heilt anna. Dei sender dei store pengane til byane, mest til Oslo-området. Distrikta få smular. Det skjer på

Dogmatisk om transport

Skrive 15.10.2013.      Under tittelen «Ubalansert togkritikk» har (...) Sætre i BT for 7. oktober ein kommentar til innlegget mitt i avisa for 2. oktober, og til innlegg eg tidlegare har hatt om transport og miljø. Eg har der peika på den tilsløring av sentrale transportfakta som vi har hatt i over tretti år her i landet, og på myten om at kollektivtransport på bane er best. Eg har tillate meg å peike på det faktum at kollektivtransport på bane krev mange gonger så mykje ressursforbruk og energiforbruk som på veg. Men Sætre vil ikkje diskutere kva som er den beste kollektivtransporten, han vil ha bybana til Åsane, koste kva det koste vil, og då nyttar han det kjende knepet å skrive om privatbil, ikkje med buss. Han etterlyser også at eg bør skrive meir om ulempene ved «mitt» aternativ. Det som faktisk er mitt alternativ, er primært å ta ny teknologi i bruk til å erstatte reiser: videokonferansar i staden for flyreiser og heimekontor i staden for bilkøyring. Ei spart reise er den

Kraftpolitikk på ville vegar

Skrive 21.08.2018.    I Klassekampen har det i månadsvis vore talluse kommentarar og innlegg om kor viktig det er at våre eigne politikarar styrer kraftpolitikken. Men ingen har sett på korleis denne styringa artar seg i praksis. I sum har kraftpolitikken her i landet dei siste 40 åra vore ei katastrofe. Både for landet, miljøet og forbrukarane. Dei siste er verst råka. Konkret døme på villskapen:  -         Straffar folk flest med ein blodskatt for å få lov til å bruke vasskrafta vår -         Tvingar folk til å betale utanlandske kapitalistar store subsidier for å bygge ut ulønsam vindkraft -         Gjev desse kapitalistane lov til å snylte på vaskrafta vår -         Har akseptert at EUs energidirektiv tvingar oss til å bygge ut mykje meir mykje meir fornybar kraft enn vi sjølve har bruk for Denne politikken har både gitt alle normenn enorme ekstautgifter, samtidig som vasskrafta vår er blitt «devaluert» med minst 100 milliardar kroner. Likevel er dette ikkje framme