Myter om miljø og samfunnsøkonomi i transportsektoren

Skrive 23.09.2014.   

Av omsyn til klimaet protesterer miljøorganisasjonar heftig mot ferjefri E39 med 4 felt, men dei omfamnar lyntogplanane på Austlandet. Dette er i beste fall kunnskapslaust og i verste fall hykleri.

BT har hatt mykje stoff om samferdsle dei siste månadane. Ikkje rart sidan det no er kort tid til Nasjonal Transportplan (NTP) skal leggast fram. Mange påstandar vert kasta fram, om tog kontra vegtransport, om ferjefri E39 og om miljøkonsekvensar. Det slår meg at debatten i stor grad er basert på seigliva myter og dogmer. Faktabasert kunnskap er mangelvare. Hovudgrunnen til dette er truleg at NTP i seg sjølv er meir basert på gamle postulat enn på kunnskap og fagleg analyse.

Mest myter er det knytta til miljø. NSB postulerte rundt 1980 at tog er den mest miljøvennlege transportmåten. Dette har heile tida sidan vore støtta av Naturvernforbundet – som var sponsa av NSB. Samferdsledepartementet ga også beskjed om at i stortingsmeldingar skulle toget framstillast som mest miljøvennleg. Og slik vart det. Dette postulatet har sidan  vore sjølve golvplanken i NTP og i samferdslepolitikken. Ingen kritiske spørsmål vart reist eller tolt i dette monopolsystemet. Resultatet er at vegtransport har fått eit ufortent fy-stempel og vegbrukarane er blitt stigmatisert og straffa med skyhøge avgifter. Problemet med dette er at det tunge og lite fleksible toget i røynda er eit lite kostnadseffektivt og miljøvennleg transportmiddel. Politikken har derfor gitt oss eit transportsystem som er dårleg både kva angår ressursbruk og miljø. Og dessutan svært usosialt: rike landsdelar og personar får store subsidiar betalt av meir fattige.

Desse påstandane frå meg krev ei grunngjeving.

Miljøfakta

Eikvar vare og teneste har ei energirekning. Det vil seie den energien som går med til å produsere og forbruke vara eller tenesten. Det har opp gjennom tidene vore laga mange faganalyser omkring dette, her i landet av mellom anna SSB. I slike analyser må sjølvsagt alle ledd i produksjonsprosessen vere med. For togtransport til dømes må både bygging og drift av skinnegang og tog vere med, ikkje berre framdrifta av toget. Eit forskningsprosjekt i Sverige har vist at for tog utgjer framdrifta berre om lag ein tredjedel av energirekninga. Når NSB, miljøorganisasjonane og NTP berre reknar med framdriftsenergien, juksar dei grovt. Dei juksar også når dei påstår at togtransporten er CO2-fri. Skinnene vert truleg bygt i Kina der 70 % av energien er kolbasert.

Naturvernforbundet har heile tida kjempa med nebb og klør mot utbygging av vasskrafta. Det har vore sjølve livsgrunnlaget for organisasjonen. Det er då eit paradoks at dei no brukar vasskrafta og elektrisitet som sjølve trumfkortet i kampen for mest muleg transport med tog og lyntog. Men det kan stillast store spørsmål ved om den elektrisiteten vår som vert brukt til farmdrifta av toga er CO2-fri slik Naturvernforbundet og NSB påstår. Sidan vi no er blitt så tett kobla til det europeiske kraftsystemet, er realiteten den at for kvar kilowattime (kWh) vi brukar ekstra i Norge, så må det samla systemet levere ein kWh meir. Og i storparten av tida er dette kolkraft med store CO2-utslepp. Det er slik det offentlege Norge reknar (med full støtte av miljøorganisasjonane) at det er ved bruk av elektrisitet i bygningar. I nye byggforskrifter er av den grunn elektrisk oppvarming no likestilt med oljefyring og i praksis forbode. Men ved bruk av el i tog (og bilar) er den same elektrisiteten plutseleg blitt utsleppsfri. Det er sjølvsagt heilt uhaldbart at styresmaktene driv med slik forskjellhandsaming. Det minner om korrupsjon. Kvar er media med sitt ”samfunnsansvar”?

Det er alvorlege miljøproblem knytta til aukande transport. Det første vi bør gjere er å slutte med den store subsidiering av reiser og transport som no skjer i jarnbana, som miljøorganisasjonane støttar. Dei gjev også sterk støtte til lyntogutbygginga rundt Oslo (Intercity). Denne vil kreve enorme subsidier.

Buss er eit mykje meir energivenleg og kostnadseffektivt alternativ enn tog og lyntog. For det første går det med om lag så 5 gonger så mykje energi til å bygge bane som til å bygge veg. Men viktigast er at bussen brukar berre ein brøkdel av vegkapasiteten og skal såleis berre svare for ein brøkdel av kostnaden og energirekninga. Toget må derimot svare for heile kostnaden og energibruken ved å bygge og bruke jarnbana. I tillegg er toget så tungt at det pr. passasjer brukar mykje meir energi enn bussen.

 (...) 

miljøorganisasjonar

Samfunsøkonomi

Sjølvkost og subsidiar 

(...) 

(Ikkje ferdig) 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?