Bygd og by – liv og lære

Skrive 05.12.2018.   

I BA for 3. desember hadde Kommunalminister Monica Mæland eit innlegg der ho tok til motmæle mot det Oddny Milleteig skreiv i avisa om sentralisering. Mæland seier at det «selvsagt» ikkje er slik at distrikta er «bremser, sand i maskineriet eller et utgiftssluk».

Men problemet er at fleire i partiet hennar har meint og skrive nettopp det, mellom anna tidlegare byrådskollega Henning Warloe. For eit par år sidan skreiv han ein kronikk i BT om temaet. Hovudpoenget til Warloe var at distrikta er ei bør og ein gigantisk kostnad som byfolk må betale rekninga for, mellom anna gjennom inntektsfordelingssystemet mellom kommunar.

Mæland skriv i innlegget at regjeringa «hver dag jobber for sterke byer og levende distrikter. Det gir et godt samfunn, og sikrer oss en bærekraftig velferd». Dette er eit godt mål, men regjeringa sin praksis viser dessverre noko heilt anna. Dei sender dei store pengane til byane, mest til Oslo-området. Distrikta få smular. Det skjer på dei fleste område: kultur, samferdsle og energi/miljø med fleire. Eg skal kome tilbake til dette.

Stordriftsfordelar har lenge vore det store trylleordet i norsk politikk. Dess større dess betre. Det er blitt eit dogme, ein slags religion. Ikkje minst hos «Oslo-eliten» og i dagens regjering. I tråd med dette er også Mæland si oppskrift på eit godt samfunn at vi må få større og sterkare kommunar og fylkeskommunar. Ifølgje henne er distrikta si største utfordring at kommunane er for små.

Så feil kan ein ta frå eit skrivebord i Oslo. Distrikta si største utfordring er at «Oslo-staten» har fått nok med seg sjølv. Som kommentator Erling Gjelsvik skreiv for nokre år sidan: «Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo». Det var – og er - ganske presist!

Er det store eller små organisasjonar som gjev best resultat? Det spørsmålet fortener ein seriøs debatt. Det er opplagt at på visse områder er det viktig å ha eit stort ”produksjonsvolum” for å kunne halde oppe spesialkompetanse innan kritiske faktorar. Det er også opplagt at kommunegrenser bør reviderast ved stor endring i samferdsletilhøva.

Men det er all grunn til å stille spørsmål ved dei påståtte stordriftsfordelar på alle område. Som med alle gamle dogmer bør vi sjå kritisk på denne også.

Det gjorde Mælands partifelle Victor D. Norman i Dagens Næringsliv for 19. mai 2013.

Under overskrifta ”Modern Times” kom han med interessante tankar om kva slags organisering som gjev størst effektivitet. Han konstaterte at då Henry Ford for hundre år sidan starta masseproduksjon av eit standardprodukt ved hjelp av samleband og ufaglærde arbeidarar, så ga det stor auke i effektivitet. Men som Norman peika på, så pregar ”Fordismen” tenkinga vår enno. Trass i at utfordringa vår no er den motsette: å få meir ut av den velutdanna arbeidsstokken vi har i dag.

Norman ville ”avfordifisere” velferdsstaten og sleppe kompetansen fri.   

Norman hadde rett. I dag er det heilt andre faktorar enn storleik som er avgjerande for gode prestasjonar. Både forsking og erfaring viser dette. Det er heller faktorar som haldningar, kunnskap, innsatsvilje og engasjement. I små organisasjonar er det lettare å utvikle desse faktorane, og der finn vi også ofte at dei tilsette identifiserer seg sterkt med arbeidsplassen sin, noko som i seg sjølv skapar høg produktivitet.

I store organisasjonar utviklar det seg lett eit stort indre byråkrati for styring og kontroll, noko som er negativt for både nytenking, arbeidslyst og effektivitet. 

Vi kan også gå til idretten for å sjå kva som gjev toppresultat der. Det var ikkje store organisasjonar som skapte dei største idrettsstjernene våre. Brødrene Ingebrigtsen, Karsten Warholm, Marit Bjørgen, Terese Johaug, Magnus Carlsen, med fleire fekk alle lyst lyst til å bli gode i ein idrett dei elska, og vart støtta opp av familie og andre i nærmiljøet. Det vart avgjerande.  

Eller i forsking. For nokre år sidan fekk vi vår første nobelpris i medisin, Det var eit ungt ektepar frå Sunnmøre som stod for den bragda. Kva var det som dreiv dei? Jau, det var lidenskapen til arbeidet, fortalde kvinna då ho deltok i eit TV-program etterpå. 

I det heile tatt er det den indre drivkrafta som er avgjerande for gode resultat. Av og til vert den så sterk at det vert ein lidenskap. Då vert det gjerne ein Nobelpris eller ein olympisk gullmedalje. Men vi kan også finne den indre drivkrafta på sjukehusa, på aldersheimane og i skulestova, hos alle dei som bryr seg om pasientane og elevane.

Vi ser også denne indre drivkrafta hos alle dei som legg ned enorm innsats i frivillige organisasjonar.                      

Etter mi erfaring fins det meir av denne gode indre drivkrafta på bygdene enn i byane. Kanskje fordi dei i større grad har blitt vane med å måtte hjelpe seg sjølve - og kvarandre.

Kva er det så som er dei største utfordringane for bygdene? Det er dei store avstandane. Derfor er betre samferdsle og kommunikasjon det viktigaste tiltaket for utvikling i distrikta. Eit system av ekspressbussar på gode vegar, samt utbygging av høgfarts fibernett i heile landet ville gje distrikta eit grunnlag for sterk vekst i både næringsliv og folketal.

Men kva gjer regjeringa på dette området? Ho svelteforar fiberutbygginga og neglisjerer ekspressbussane. Derimot auser regjeringa ut fleire hundre milliardar kroner i gåver til Intecity-prosjektet, eit subsidiesluk av raske tog rundt Oslo. Vestlandsvegane har 100 gonger så mykje trafikk som denne «miniputten». Men kvar passasjer med Intercity får enorme subsidier av staten. Passasjerane med ekspressbussane får ingenting.   

Det har lenge blese ein sentraliseringsvind over landet. Staten lokkar med pengar, og sterke krefter i Oslo vil at enno meir makt skal flyttast dit. Dei brukar to argument: stordriftsfordelar og at distrikta er ei bør å bære for storbyane. Begge bygger på myter og vanetenking, men dei får vekt fordi Oslo-makta brukar dei. Det er på tide å sjå på maktorgana i Oslo og på pengestraumane.

For det første er det store avstandar; distrikt er avstand. For det andre er det at Oslo-staten ikkje vil sjå dette, men motarbeider dei effektive hjelpemidla: gode vegar og raskt internett med fiber. (...) 

det er heilt andre faktorar enn små kommunar og fylkeskommunar som er størte utfordringa for distrikta.

Enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Vi har eit sentralisert politisk styringssystem, men vi har også noko som er eineståande: ein stadig rikare stat. Kapitalen si påverknadskraft er enorm. Finansinstitusjonar og bedrifter strøymer til, statsbyråkratiet aukar og vi har eit aukande tal av direktorat og organisasjonar med hovudsete i Oslo, mellom anna LO og NHO.

Alle desse ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet». Dei har interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve.

Distrikta betalar. Men først litt om kultursektoren. Her går dei store statstilskota til Oslo. Til dømes vert ein billett på Den Norske Opera subsidiert med om lag 2000 kroner. Det er også mange andre  store kulturinstitusjonar som Oslo «berre må ha». I sum vert det store tal. 

Då finansminister Siv Jensen presenterte Nasjonal transportplan 2018-29 på Oslo sentralbanestasjon, saman med statsminister og samferdsleminister, sa ho: Denne planen inneheld 1000 milliard kroner til norsk samferdsle og nesten halvparten går til tog. Når Intercitytoget står klart i 2032 kan folk på det sentrale Austlandet bu kvar dei vil og halde på draumejobben.

(...) 

(Ikkje ferdig)

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?