Om helse. Har vi fått eit samfunn som ignorerer dei svake?

Skrive 07.09.2017.   

På leiarplass i BT for 4. september seier avisa at det er nødvendig å gje avslag på dyr hjelp som kan redde livet til kreftpasientar. Avisa meiner at slik prioritering er nødvendig fordi det elles ville gå ut over andre pasientgrupper. Det same har leiinga ved Haukeland og andre maktorgan i helsevesenet sagt.

Men alle desse overser den viktigaste prioriteringa: Kor mykje ressursar bør vi bruke på helse i forhold til andre sektorar. Ei opinionsgransking i fjor viste at 70 prosent av folket vil at det skal brukast meir på helse. Men likevel er dei økonomiske rammene til helsevesenet ikkje tema i valkampen. Liv eller død for tusenvis av menneske er for uviktig og vanskeleg for det TV-sirkus som valkampen har utarta til. 

Altfor mange av våre medborgarar lir og dør fordi helsevesenet har for lite pengar. Eg syns det er ein uakseptabel situasjon i «verdens rikeste land», spesielt når vi auser ut mange titals milliardar kroner til prestisjetiltak som burde kome lenger ned på prioriteringslista. Det er i alle fall uakseptabelt at temaet ikkje vert diskutert i det offentlege rom.

Eg vil trekke fram nokre faktorar som tilseier at dagens helsebudsjett er for små.

For det første tyder mykje på at den knappe ressurstilgangen til helse skuldast ein reknefeil i det sentrale helsebyråkratiet for om lag 5 år sidan. Ein feil som vi slit med enno. Det galdt ei utrekning SSB hadde gjort om kor mykje ressursar vi brukte på helse i Norge i forhold til andre OECD-land. SSB hadde rekna ut at Norge – i forhold til folketalet - låg heilt i toppen i ressursbruk. Men fleire ekspertar gjekk ut og peika på to feil i analysen. Den eine var at i Norge vert langtidssjukepleie rekna med i helsebudsjettet og utgjorde 30 prosent av dette. I mange andre land er dette ført opp under sosialbudsjettet. Og då vert sjølvsagt samanlikninga feil.

Den andre feilen var at det ikkje vart korrigert for at vi har høgare lønsnivå for helsepersonalet enn andre land. For at pasientane skal få like mange arbeidstimar frå våre helsefagfolk som dei får i andre land, må det meir pengar til hos oss. Tala må derfor korrigerast for lønsforskjellane for at dei kan samanliknast.  

Dersom det vart korrigert for desse to feila, ville Norge vere mellom dei OEDC-landa som brukte minst på helse. 

Som nemnt gjekk fleire, både forskarar og andre, ut og peika på feilen. Mellom andre tidlegare statsråd Hallvar Bakke i ein aviskronikk. Men politikarane trudde på SSB-tala, og bestemte at helsesektoren skulle omorganiserast for å få skikk på det dei trudde var ineffektivitet. Mange i helsevesenet åtvara. Men reknefeilen vart tagd i hel. Det var gått prestisje i saka i det enorme helsebyråkratiet vi har lagt oss til. Eg syns at dagens konsekvensar av denne reknefeilen er så alvorlege at det er på tide at styresmaktene ser på saka på nytt.

Den andre faktoren som tilseier at helsebudsjetta må opp, er at dei knappe budsjetta får så brutale konsekvensar. Det er ikkje berre kreftpasientar som får mindre behandling enn i andre land. Det gjeld også mange andre svake og sårbare pasientgrupper. Men sidan dette stort sett skjer i det skjulte, er det lite eller ingen offentleg debatt om det.

Ei av desse forsømde gruppene er pasientane på psykiatriske sjukehus. I fjor hadde ei riksavis ein serie om dette. Det avslørt at her skjer massive lovbrot med  beltebruk og anna tvang. Og at helsetilsynet sviktar totalt.

Ei anna sårbar gruppe er pasientar på sjukeheimane. Styresmaktene har i alle år sagt at her er vi gode. Rettnok har det vore mange avisoppslag om skandaløse tilstandar, men desse har alltid vorte kommenter av smilande ansvarlege om at «dette skal vi rette opp, slik kan vi ikkje ha det». Men så kom det i fjor ein rapport frå ei grundig studie om tilstanden på sjukeheimane våre. Det var ei skrekkhistorie! Nesten halvparten av pasientane lever og dør med store smerter. Og mange har redsel, pustevanskar, depresjon og kvalme. Mange pasientar dør brått og uventa, og utan at personalet ser døden kome.  Dermed kan dei verken gje smertelindring eller varsle pårørande.

Etter desse sterke avsløringane vart det litt medieoppslag, og mange var «sjokkerte», men så stilna det. Stortingsrepresentantane var tause.

I går kunne TV2 fortelje at det er om lag 10 gonger så mange som ventar på plass på sjukeheimar som det regjeringa fortel oss. Same dag intervjua Aftenposten forskarar som fortel at kommunane undervurderer behovet for sjukeheimar. Om ikkje noko drastisk vert gjort, vil situasjonen derfor bli enno verre i framtida.

Og det er ikkje stort betre på aldersheimane. For ein knapp månad sidan kunne TV2 fortelje at ferske tal frå Helsedirektoratet fortel at 4 av 10 på aldersheimane våre lir av underernæring. Tenk det: 40 prosent av våre gamle får ikkje nok mat! Eg syns at det er spesielt opprørande fordi dette er den generasjonen som under og etter krigen gjorde ein enorm innsats for å verje og bygge opp landet etter krig og fattigdom. Dei har i alle år mått nøye seg med lite.

Fellesnemnaren for dei nemnde områda er mangel på ressursar. I helsepolitikken er det blitt viktigare å spare kroner enn å verne om liv og helse.

Det er ein påfallande mangel på interesse for helsespørsmål hos stortingspolitikarane våre. Har vi fått ein politisk elite og eit samfunn som ignorerer dei svake? Kva fortel det om verdiane våre? Det vert snakka i store ord om likeverd. Det verkar som at dette i praksis ikkje gjeld dei gamle og sjuke.

I staden for dagens heseblesande valkampsirkus rundt det politiske spelet og småsaker, skulle eg ønske at vi kunne få ein sakleg valdebatt om store og viktige spørsmål, som til dømes korleis vi steller med gamle og sjuke her i landet. Om ikkje før, så i alle fall til neste val.

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?