Heilage kyr og pariakaster

Skrive 07.02.2018.   

India har sine heilage kyr, vi har jarnbana.  NSB, eliten og miljørørsla har skapt myten om at toget er mest effektivt og miljøvenleg. Men trass i den påståtte effektiviteten, får NSB og Jernbaneverket om lag 20 milliardar kroner i statsubsidiar kvart år. Forklaringa er enkel. 80 prosent av jarnbanetransporten skjer i Oslo-området. Der har også staten, eliten og miljørørsla sine hovedsete. Dei skaffar subsidier til seg sjølve. Det minner om korrupsjon.

India har også eit kastevesen. Pariakasten er dei lågaste på rangstigen. Vår pariakaste er vegbrukarane. I første rekke bilistane, sjølvsagt. Dei vert dynga ned med vegavgifter og bompengar. Vegbrukarane har det siste tiåret betalt om lag dobbelt så mykje inn til staten som det staten her brukt til investering og vedlikehald på riks- og fylkevegar. Staten tenar grovt på vegane. Ikkje rart at vi har Europas dårlegaste vegstandard.  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?