Helse og jarnbane i molboland

Skrive 20.12.2017.   

Med overskrifta «Bare molboland setter asfalt foran helse» tar BA på leiarplass 14. mars opp eit viktig tema: helsesektoren må bli sterkare prioritert. Det er bra at dette kjem fram i offentleg debatt. Fordi mykje tyder på at den knappe ressurstilgangen til helse skuldast ein reknefeil i det sentrale helsebyråkratiet for om lag 5 år sidan. Mange ekspertar og andre gjekk ut og peika på feilen. Mellom andre Hallvar Bakke i ein aviskronikk. Men politikarane hadde bestemt seg: Helsesektoren skulle omorganiserast for å få skikk på det dei trudde var ineffektivitet. Mange i helsevesenet åtvara. Men reknefeilen vart tagd i hel. Det var gått prestisje i saka.

Men folk flest ser at noko er gale i prioriteringa. I fjor viste ei meiningsmåling at 70 prosent av folket meiner at helsevesenet må få meir ressursar. Eit anna teikn er at vi stadig ser oppslag  om folk som må reise til utlandet for å få hjelp mot livstruande sjukdomar. I motsetning til nabolanda våre har «verdas rikaste land» ikkje råd til å redde livet til desse pasientane. I helsevesenet er det blitt viktigare å spare pengar enn liv.

På slutten av fjoråret fekk vi eit nytt eksempel. Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, stod fram i media og fortalde at ho trong ein ny medisin til å behandle kreften som ho hadde hatt i årevis. Problemet var at sjukehusa ikkje fekk lov å bruke denne medisinen. Ei nemnd som bestemmer slikt sa at dette har vi ikkje råd til, det vert for dyrt. 

Paradokset er at medisinen er i bruk i mange land, mellom anna i Sverige og Danmark. Hestetuns lege fortalde til BT at utanlandske kollegaer nesten ikkje trur det når han fortel at vi ikkje får lov å bruke medisinen i Norge.

Hestetun reagerte også på den lukka prosessen rundt godkjenning av nye medisinar. Og på at Stortingen har gjeve frå seg denne myndigheita til ei nemnd, kalla «Beslutningsforum for nye metoder». Dette organet sit bak lukka dører og avgjer kven som skal få lov til å leve, og kven som må døy.

Dei har bestemt at det å forlenge livet med eitt år, får lov å koste opp til ein million kroner. Meir vert for dyrt. Det dreier seg truleg om hundrevis av medborgarar som årleg misser livet på grunn av dette. Veit stortingspolitikarane våre om det? Eg trur ikkje det, det verkar i alle fall ikkje som dei bryr seg.

Til BT forklarte leiaren for «Beslutningsforum» sitt nei med at «vi kan bruke pengane betre på andre pasientgrupper». Eg syns at dette er ei for lettvindt haldning.

Kva med å jobbe for å få auka budsjettråmer? Og å be sentralmakta sjå på det tvilsame utgangspunktet på nytt.  Burde ikkje dette vere tema som både «forumet» og helsepolitikarane burde reise? Spesielt når vi stadig ser eksempel på at vi ikkje har råd til behandlingsmåtar som vert brukt i helsevesen i dei fleste land i Europa. 

Eg håpar at BA vil «ruske opp» både i helsepolitikken og i politikarane, desse som har feiga ut og overlate dei viktigaste spørsmåla til byråkratane. Og som har late dei store pengane gå til andre sektorar.

Kven er det så som stikk av med statspengane? BA meiner i leiaren at det er motorvegar og asfalt. Men dette er skivebom! Eg har fleire gonger peika på at det tvert imot er slik at staten går med overskot på vegane. Gjennom statsavgifter på køyretøy og drivstoff - pluss stadig aukande bompengar, betalar brukarane inn meir enn det som går med til investering og vedlikehald av alle riks-og fylkesvegar.

Jarnbana derimot! Ho er det store snyltedyret. Faktum er at jarnbana vår er eit pengesluk som nesten ikkje produserer. Tala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) fortel at berre 1,3 prosent av alle reiser i Norge skjer med NSB-tog. Men jarnbana får årleg over 20 milliardar kroner av staten til sin vesle produksjon, som i all hovudsak føregår i Oslo-området. Brukarane betalar berre ein liten brøkdel av kostnadane.

Desse fakta vert ikkje opplyst i den såkalla Nasjonal Transportplan (NTP). Derfor veit ikkje politikarane og media om det.

Subsidieringa av jarnbana og diskrimineringa av vegbrukarane og distrikta utanfor Oslo-området er utanfor ei kvar fornuft. Eg syns at det er eit stort demokratisk problem at Jernbaneverket og NSB i fleire tiår har fått bløffe oss med «falske fakta» om jarnbana: at NSB går med overskot, og at jarnbane  er den mest effektive og miljøvenlege transportforma. Det har ført til at dei over fleire tiår har fått enorme summar frå staten. Det liknar på korrupsjon – og stormannsgalskap!

Lekkasjar frå statsbudsjettet fortel at det skal bli verre: Staten vil pøse inn fleire nye hundrevis av milliardar og subsidier til «gaukungen» Intercity på Austlandet. Kvar togpendlar i dette systemet vil bli subsidiert av staten med om lag ein halv million kroner – årleg! Og «miljøpartia» jublar for galskapen.

Regjeringa skryt av at det skal investerast om lag like mykje i jarnbana dei neste 12 åra som i vegar - som har om lag 90 gonger så stor produksjon! 

Vert dette gjennomførd, vert det smalhans både for fornufta og helsevesenet. Det er på tide at politikarane oppdaterer seg på dei reelle fakta om både vegar, jarnbane og helseprioritering. 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?