Dogmatisk om transport

Skrive 15.10.2013.     

Under tittelen «Ubalansert togkritikk» har (...) Sætre i BT for 7. oktober ein kommentar til innlegget mitt i avisa for 2. oktober, og til innlegg eg tidlegare har hatt om transport og miljø. Eg har der peika på den tilsløring av sentrale transportfakta som vi har hatt i over tretti år her i landet, og på myten om at kollektivtransport på bane er best. Eg har tillate meg å peike på det faktum at kollektivtransport på bane krev mange gonger så mykje ressursforbruk og energiforbruk som på veg.

Men Sætre vil ikkje diskutere kva som er den beste kollektivtransporten, han vil ha bybana til Åsane, koste kva det koste vil, og då nyttar han det kjende knepet å skrive om privatbil, ikkje med buss. Han etterlyser også at eg bør skrive meir om ulempene ved «mitt» aternativ.

Det som faktisk er mitt alternativ, er primært å ta ny teknologi i bruk til å erstatte reiser: videokonferansar i staden for flyreiser og heimekontor i staden for bilkøyring. Ei spart reise er den mest miljøvenlege! Vidare er mitt alternativ å bruke beina, sykkelen og bussen mest mogleg. Fordi det er dette som krev minst ressurs- og energiforbruk. Berre ved å satse på den billege, energivenlege og fleksible bussen kan vi få kollektivandel som monnar både i landet og i Bergen. Dette kallar Sætre ubalansert togkritikk.

Vidare har eg peika på at det siste miljøet treng er den enorme subsidieringa av togreiser som dagens politikk legg opp til. Dette gjev enorm sløsing av energi og ressursar, og politikken er svært urettferdig og usosial. Velståande folk i Oslo vil flotte seg med spinndyre togbaner rundt hovedstaden, men vil ikkje betale reisene sjølve. Det er det andre og fattigare folk og regionar som skal gjere. Det same skjer i Bergen, om enn i mindre målestokk.

I framtida vil miljøvenlege bussar truleg ta heilt over kollektivtransporten på land. Dette skjer allereide i dag i stor grad i dei nye framveksande økonomiane, men også i Europa. Det siste nye er at det føregår ei storstilt uttesting av elektriske «superbussar» i eigne bussfelt, og utan leidningar! Men i Norge er det Jernbaneverket sin konvensjonelle «kunnskap» som gjeld: ifylgje dei er det ikkje mogleg å avvikle transporten i og rundt dei store byane utan bane. Dogmene har lang levetid her i landet!

No arbeider ein i helsevesenet med planer om at det vert for dyrt å forlenge livet til alle sjuke folk. Det er førebels sett eit kostnadstak på ein halv million kroner for kvart år livet vert forlenga. Dette er om lag same beløp som ein togpendlar vil få i statssubsidier per år dersom det såkalla Intercityprosjektet rundt Oslo vert bygt ut. Dette illustrerer kor pervers subsidieringa av togtransporten er blitt. Det illustrerer også vår mangel på samfunnsdebatt om viktige spørsmål. Eg må nok skuffe Sætre med at eg framleis vil slåss mot ei slik samfunnsutvikling.

 

 

 

 

 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?