Kraftpolitikk på ville vegar

Skrive 21.08.2018.   

I Klassekampen har det i månadsvis vore talluse kommentarar og innlegg om kor viktig det er at våre eigne politikarar styrer kraftpolitikken. Men ingen har sett på korleis denne styringa artar seg i praksis.

I sum har kraftpolitikken her i landet dei siste 40 åra vore ei katastrofe. Både for landet, miljøet og forbrukarane. Dei siste er verst råka.

Konkret døme på villskapen: 

-         Straffar folk flest med ein blodskatt for å få lov til å bruke vasskrafta vår

-         Tvingar folk til å betale utanlandske kapitalistar store subsidier for å bygge ut ulønsam vindkraft

-         Gjev desse kapitalistane lov til å snylte på vaskrafta vår

-         Har akseptert at EUs energidirektiv tvingar oss til å bygge ut mykje meir mykje meir fornybar kraft enn vi sjølve har bruk for

Denne politikken har både gitt alle normenn enorme ekstautgifter, samtidig som vasskrafta vår er blitt «devaluert» med minst 100 milliardar kroner. Likevel er dette ikkje framme i offentleg debatt. Spesielt ikkje hos alle «dei moralske fyrtårna» som dei siste månadane har fylt media med forteljingar om kor viktig det er at våre politikarar har full styring med vasskrafta.

 Dei har i fleire tiår blitt straffa med ein «blodskatt» for å få lov til å bruke elektrisk vasskraft i heimen, den mest miljøvenlege og effektive av alle energiformer! Denne særskatten er no komen opp i om lag 10 000 kroner per år for ein vanleg familie. Dette er den mest urettferdige og usosiale skatten av alle.

Men folk flest veit ikkje om det. Fordi  skatten vert kravd inn i løynd, ved at kraftselskapa er pålagt å bake han inn i dei straumrekningane som vert sendt ut. Derfor er denne skammeleg skatten aldri framme i offentlege debatt, verken i media eller i politiske fora. Det er ei skam!

Kva er grunnen til at vi har fått ein så hinsides politikk? Eg trur det er fleire. Først og fremst at vi er styrt av politikarar som har overlate kraft- og miljøpolitikken til miljøorganisasjonar som samarbeider med sterke økonomiske interesser. I eit innlegg i Klassekampen for 13. mars peika eg på at Jens Stoltenberg tok eit kraftig oppgjer med dette uvesenet i boka «Min historie», som kom ut i 2016.  Eitt av eksempla som Stoltenberg tok fram, er dei såkalla «Grønne sertifikater» frå 2006, ei «lureordning» for å få forbrukarane til å betale utbygging av ulønsam fornybar kraft. Samfunnsøkonomen Stoltenberg såg sjølvsagt at dette var rein idioti.

Ordninga har ført til at utanlandske kapitalistar er i ferd med å bygge ned store områder av kyst-Norge med vindkraft.

Men den kraftintensive industrien tener på ordninga, dei får meir kraft og dei slepp unna med å betale berre ein brøkdel av vanleg kraftpris. Stoltenberg fortel at miljørørsla og industrien pressa så sterkt på at fleirtalet på Stortinget sa ja og vedtok toskeskapen. Også regjeringspartnarane SP og SV - og opposisjonen sjølvsagt. Folk flest må betale rekninga.

Nokre få politikarar sa nei. Mellom anna Heidi Sørensen, som har vore tidlegare statssekretær i miljødepartementet og leiar i Norges Naturvernforbund (NNVF). I 2015 gjekk ho offentleg ut og sa at å støtte innførning av «Grønne sertifirkater» var det dummaste ho har gjort.

Etter hundreårskiftet har klimaendringar kome i fokus, og no ser miljørørsla brått på elektrisitet frå vasskraft og anna fornybar energi som sjølve redninga for miljøet på jorda.

Det har ikkje alltid vore slik. Snarare tvert imot. I perioden 1960 til 2000 vart motstand mot vasskraft og elektrisitet sett på som sjølve symbolet på miljøvern. Det var NNVF og «miljøpartia» Venstre og SV som gjekk i spissen. Dei ville at vi heller skulle fyre med olje enn med elektrisitet i heimane. Og dei viller heller bruke alle andre måtar til elproduksjon enn vasskraft: Dei snakka varme om både bølger, vind, olje eller atomkraft. Og dei jobba heile tida for at vanleg folk sin bruk av elektrisitet i heimen skulle straffast med statsskatten elavgift.

Vi var nokre få som i offentleg debatt argumenterte med at vasskraft var den beste energiforma både økonomisk og miljømessig. Og som peika på at det ville vere heilt uforsvarleg å halde fram med den sanselause oppbrenning av den knappe lagerressursen olje. Men ved hjelp av mellom andre petroleumsindustrien og eit sterkt veksande statleg miljøbyråkrati, vann den bakstreverske miljøpolitikken til NNVF, SV og Venstre fram og vart rådande i norsk politikk heilt fram til århundreskiftet. På fleire område varer det framleis, til dømes med blodskatten på vanleg folk sitt elforbruk. I innlegget mitt 13. mars etterlyste eg protestar frå venstresida mot denne mishandlinga. Men det er heilt taust.

I Klassekampen for 9. april skriv leiaren i Rogaland SV (...) eit innlegg om kraftpoltitikk under den litt merkelege overskrifta «Etter vasskrafta». Det verkar som ho og SV på nytt vil skape eit vrengebilete av realitetane. Som raud og opprørsk, har eg av og til vore inne på tanken om å stemme på SV, men partiet sin kunnskapsfattige energi- og miljøpolitikk har stått i vegen. Ho skriv rettnok at ho har fått ein «augeopnar», men det synes å vere på berre eine auget. Ho skriv som rett er at vi må ta naturressursane i bruk og at olje og gass er ein tidsavgrensa ressurs. 

(Ikkje ferdig) 

Nei til kablar og ekstrainntekter for det offentlege

Devaluerer vasskrafta

Bygge ut massiv med vindkraft, eigd av utlendingar, og la dei gratis snylte på vasskrafta vår

 (Ikkje ferdig) 


Årleg må norske familiar betale ein ekstraskatt på om lag 10 000 kroner for å bruke elektrisitet i heimen. Men i bilar og bane vert elbrukarane dynga ned med subsidiar. Stortinget har bestemt det slik.

For knapt tre år sidan hadde Andreas Skartveit ein usedvanleg sterk og god kronikk i BT om eit stort samfunnsproblem som stort sett går «under radaren»: Vi har fått eit kunnskapsfattig Storting, som opptrer som «moralske fyrtårn», men som elles er mest opptekne av seg sjølv. Skartveit spurde: «Har vi fått eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?».

Eg har ofte tenkt på det sitatet når eg dei siste vekene har freista å følgje med på den underlege «kraftdebatten» som har gått føre seg i mange media, også i BT. Det har vore mange innlegg mot Acer, EU og nye kraftkablar – og for kraftintensiv industri og miljøvern, Ein samansausa og kunnskapsfattig debatt.  

(Ikkje ferdig) 

Det som går igjen i protestane mot Acer, er at vi sjølve må ha råderett over vasskrafta, slik at politikarane våre har kontroll og styring, og ikkje dei «fæle» utlendingane i EU. Men som BT har peika på i fleire interessante reportasjar, har politikarane brydd seg lite om at det skjer ei storstilt vindkraftutbygging, som er 100 prosent eigd av utanlandske kapitalinteresser, og  som får store subsidier frå norske straumbrukarar! Det har politikarane våre vedtatt etter sterkt press frå miljørørsla og kraftintensiv industri.

Eg har alltid heia på kraftintensiv industri. Men eg syns det var lite ærerikt å skaffe seg meir billeg energi gjennom «grønne sertifikat», på kostnad av vanlege folk. Den toskeskapen har gitt oss eit kraftoverskot på 15-20 milliardar kilowattimar (TWh). 

Og eg syns det er enno mindre ærerikt av denne indsustrien og hjelparane deira, når dei no brukar alle midlar for å låse dette overskotet inne bak stengde grenser – for såleis å skaffe eigarane sine, som i stor grad er private kapitalistar, enno større overskot. Dei som betalar prisen for det, er eigarane av den allereie utbygde vasskrafta, som har 90 prosent offentleg eigarskap. Eg har sett opplyst at verdien deira er blitt redusert med 100 milliardar kroner. Som Stoltenberg skreiv: «Det blir mindre penger til lærerlønninger og sykehjemsplasser. 

(Ikkje ferdig) 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?