Kronikk til KK om samferdsle - Kommentarar

Skrive 08.05.2017.   

(...) 

I denne saka gjer Klassekampen (KK) nemleg det stikk motsette: Har fleire lange artiklar/innlegg som propaganderer for eitt syn: jarnbane/lyntog. (...) Det som er spesielt for dei innlegg KK har tatt inn, er at dei stort sett er utan faktabaserte argument. Eg har derimot lagt fram ny kunnskap/nye perspektiv. Ikkje minst det at rundt om i verda er det no eit paradigmeskifte på gang; ein overgang frå dei tunge, dyre og stive jarnbanene til dei lette, billege og fleksible bussane, «superbusar» (BRT), eller batteribussar. Kina og USA fører an. Det er no 6 år sidan Kina sette sin første batteribuss på vegen. No har dei over 100.000!   

(...) avisa dermed gjev eit lite bidrag til ein håplaus politikk og ressursbruk: Bruke om lag 1000 millardar kroner til eit uproduktivt subsidiesluk i staden for nyttige og nødvendige tenester som t.d. helsevesen, utdanning, eldreomsorg.

Det eg eigentleg driv med er eit bokprosjekt, der samferdslepolitikken vert berre eit kapittel. Boka er tenkt som eit innlegg i samfunnsdebatten, myke om ei samfunnsutvikling som forsterkar dei økonomiske kløftene i Norge og verda. Om reell verdiskaping og om fordeling av verdiskapinga. Og om dei store og vekelege utfordringane som verda står overfor: å ha ressursar nok til å dekke dei dei tre kritiske behova: mat, reint ferskvatn og nok energi. 

(...)  

Eg vil også skrive om dei kreftene i samfunnet som har altfor stor og udemokratisk påverknad av dei politiske avgjerdene. Maktkåte og «uærlege» riksmedia er ei av dei. (...)  

Eg har brukt ein del tid dei siste åra på å setje meg inn i dei faktiske forholda i samferdsle og samferdslepolitikken. Etter kvart oppdaga eg at den er nærmast kriminell; ei enorm sløsing av ressursar til eit subsidiesluk som heiter jarnbane, og som står for berre 1 prosent av reisene her i landet, men som i løpet av dei siste 60 åra har fått statssubsidier tilsvarande 600 milliardar kroner (rekna etter dagens pengeverdi). Og i den nye NTP går det nye bortimot 400 mrd. kroner inn det same sluket til eit lyntogprosjekt rundt Oslo, Intercity. Til velståande personar i den mest velståande regionen i landet. 

Dette er eit perverst prosjekt både samfunnøkonomisk, miljømessig og sosialt. For få år sidan var eit liknande prosjekt oppe i England. Det hadde 15-20 gonger så stort passasjergrunnlag som Intercity. Det vart gjennomgått og vurdert av The Economist. Avisa slakta det, fordi det var samfunnsmessig heilt ulønsamt og fordi det vill gje velståande regionar (London) og personar fordelar på kostnad av fattigare. Det er tankevekkande at eit konservativt økonomitidsskrift i England legge større vekt på dei negative sosiale konsekvensane av eit samfunnsøkonomisk håplaust prosjekt enn kva «Venstresidas dagsavis» gjer!  

(...) om det er slik at avisa driv meiningssensur. 

Eg er nemleg redd for at det er det som skjer. Det gjer meg trist. (...) fordi det betyr at også KK fell inn under den kategorien som eg skriv om i innlegget mitt: «Oslo-makt og korrupsjon. Om lag 80 % av togtransporten skjer i Oslo-området. Her sit også makta som lagar opplegget som sikrar store økonomiske vinstar til seg sjølv. Det liknar på korrupsjon».

Dei fleste veit at riksmedia er ei viktig del av Oslo-makta. Det er berre gjennom sensur og einsretta vinkling av jarnbana i riksmedia at det har vore mogleg å sikre – ja forsterke – den usosiale og urettferdige skattlegginga av vegbrukarane (distrikta), og subsidiering av banebrukarane (Oslo-området).

Sidan sist har KK hatt eit nytt stort oppslag med promotering av illusjonstenking rundt jarnbane, over nærast 2 sider. Det har eg ingenting i mot. Men eg er sterkt imot å bli sensurert når eg prøver å kome med fakta som viser at jarnbane i Norge er eit ineffektivt subsidiesluk som seglar under falsk miljøfane. (...) 

Eg forstår godt at det er økonomisk freistande for KK å skrive positivt om jarnbana, sidan det også er statens politikk og sidan avisa har stor statsstøtte. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet».

Men trist er det. 

(...) 

Eg tenkte på ingen måte å redusere verdien av ekspressbussmodellen, den meiner eg er uhyre viktig. Spesielt for oss som er for sterke kollektivløysingar. Og det å kunne dokumentere at vi ville få 10 gonger så mykje kollektivtransport for pengane med buss som med bane er viktig å peike på i all argumentasjon for betre vegar.

Men vi har også mange gode «tilleggspoeng» som vi bør passe på å ta fatt i, for å få opp augo både på folk flest og på politikarane. Eitt av dei viktigaste er etter mi meining at jarnbana produserer så lite for pengane, mykje mindre enn kva folk trur. (...) 

Under presentasjonen av NTP i dag la eg  merke til at både statsråden og andre understreka at det er om å gjere å få mest mogleg att for pengane. Då bør vi spørje om kvifor dei då ikkje syter for å få ei analyse for kor mykje transport vi får for pengane på veg og bane. Ifølgje NTP skal bane - som vel har berre 2 prosent av transporten - få bortimot like store investeringar som veg som har lag 50 gonger så mykje transport. Vanleg folk ser jo at dette ikkje «heng på greip», men (...) syns at det er ein «god balanse», som og kjem distrikta til gode! Både han og regjeringa bør få «tøffe» spørsmål om «toskeskapen»!

Eit anna viktig poeng er at vegane er brukarbetalt, medan der er staten som i all hovudsak betalar for reisene til dei som brukar jarnbane. (...) det går an å gjere enno meir ut av dette forholdet. Mellom anna at dette er eit prinsipp som ikkje vert brukt for noko anna tilsvarande teneste, og at det ikkje ligg føre argumentasjon for kvifor nett toget skal få denne særhandsaminga, spesielt når dette tilbodet berre fins in ein liten del av landet.  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?