Energipolitikk til beste for folk flest?

Skrive 19.08.2018.   

Dei siste månadane har fleire gått på bana med påstandar om kor flott det er blitt for samfunnet med «grønt skifte» og «grønne  sertifikater» i kraftbransjen. Likeeins at forbrukarane har fått billegare strøm fordi dei fritt kan velje kven dei vil kjøpe frå.

Elektrisitet er ein fantastisk teknologi og ein fantastisk energibærar. Då landet vart elektrifisert for om lag hundre år sidan, opplevde folk flest ein revolusjon. Elektrisiteten vart den store nye hjelparen i kvardagen. Oljelampa kunne byttast ut med elektrisk lys og vedomnen med elektrisk komfyr og panelomnar. Lys og varme til folkets behov var slagordet.

Det tok mange tiår før heile landet var elektrifisert. Eg var 13 år då vi fekk elektrisitet heime. Det var som eit eventyr. Heile tida var det elektroingeniørane som hadde styringa. Dei styrde stort sett godt, fordi dei hadde både samfunnsansvar og innsikt i elektrisiteten sine løyndomar. 

I BT for 9. juli skreiv konkurransedirektør Lars Sørgard kronikk om kor godt  strømforbrukarane har fått det etter at kraftmonopola vart avvikla. Sørgard si rosemåling har vesentlege feil og manglar. Derfor litt korrigering og supplering.

Heilt sidan landet vart elektrifisert og fram til for 25 år sidan var det elektroingeniørane som hadde styringa i kraftforsyninga. Med ny energilov i 1990 fekk vi ei dramatisk omlegging av kraftbransjen. Marknaden skulle løyse problema. Sett på spissen kan vi seie at økonomane tok styringa. Diverre hadde dei avgrensa kunnskap om både bransjen og elektrisiteten.

Dei som dreiv gjennom marknadsreforma i 1992 meinte at det hadde vore for rask kraftutbygging. Marknadsreforma skulle rette opp dette. Det skulle bli betre og billegare både for forbrukarane og samfunnet.

Har vi oppnådd det? Nei, stort sett ikkje. På det feltet som skulle rettast opp er det blitt mykje verre. Det viste seg at marknaden ikkje greidde å skaffe fram ny lønsam kraftproduksjon. Men miljøorganisasjonar og andre særinteresser greidde å presse statsmakta til å drive fram utbygging av dyre og ulønsame kraftprosjekt som produserer kraft vi ikkje har behov for og som vi derfor må eksportere. Samfunnsøkonomisk er dette ei katastrofe, men Sørgard nemner det ikkje!

Også for forbrukarane er det blitt verre. Sidan dei nye kraftverka er så dyre, dekker prisane i marknaden berre om lag halvparten av kostnadane, resten må dekkast av subsidier, med det tilslørande namnet «grønne sertifikater». Og det er vi vanlege strømbrukarane som vert tvinga til å betale. Det skjer utan at folk flest veit om det. Men vi får nokre påplussingar på strømrekningane våre. Dei vert skjult under inkjeseiande namn som «påslag», «forbruksavgift» eller berre «avgifter»  I tillegg kjem elavgifta, som er ein  usosial statsskatt. Til saman er det svært store påplussingar, fleire tusen kroner for dei fleste abonnentar, og dei aukar stadig.

I sum betaler nok den vanlege forbrukar vesentleg meir for strømmen  enn før. Heller ikkje dette nemner Sørgard.

Også mange av dei som på førehand var talsmenn for å legge om er kritiske . Ein av dei er Kjell Roland, økonom og no dagleg leiar i Norfund («Statens investeringsfond for utviklingsland»). I eit intervju i Teknisk Ukeblad i 2012 slakta han det som har skjedd:

«Fra å ha et av verdens beste energisystemer er vi på vei til å få et middelmådig og dyrt system. De grønne sertifikatene er som gift for kraftmarkedet».

På eitt viktig punkt har Sørgard rett: Vi har fått ein velfungerande egrosmarknad. Det er godt. Det var også bra at konkurransetilsynet i 2002 greip inn mot Statkraft sitt forsøk på kjøpe opp enno meir kraftproduksjon. Det styrka både konkurransen og tilliten til at engrosmarknaden fungerte.

Men når vi har ein engrosmarknad som vi kan stole på, så er det einaste fornuftige å nytte oss av dette: la forbrukarane knytte seg direkte til denne marknaden. Det vil gjere det både billegare og enklare for oss. Ved å kjøpe til spot-pris i engrosmarknaden vert vi automatiske sikra tilgang til den billegaste strømmen. Då vert detaljmarknaden berre eit fordyrande, og unødvendig ledd.

Detaljselskapa har rett og slett ingen funksjon lenger: Produsentane produserer krafta og konkurrerer om å levere billegaste strøm til engrosbørsen. Nettselskapa fører strømmen fram til oss, og ved å trykke på brytarane avgjer vi sjølve om vi vil kjøpe. Det einaste detaljselskapa leverer i dag er ei rekning for det målte forbruket vårt. Men det bør monopolkontrollen (NVE) pålegge nettselskapa å gjere, for ein minimal godtgjersle. Dei må nemleg likevel måle strømkvantumet til kvar kunde.

Vi bør kutte ut heile detaljmarknaden. Eg håpar at Sørgard vil ta initiativ  til ei slik forbetring. Elles gjev han intrykk av at marknaden er målet og ikkje eit middel. Det er synd for oss forbrukarar.

Sørgard  påstår at det er «om lag 4000 kroner årlig i forskjell mellom laveste og høyeste pris» i detaljmarknaden. Det høyrest utruleg ut: ein forskjell på 4000 kroner for å levere nesten ingenting! Anten må det vere ein reknefeil, eller så er det svindel ute og går. I alle fall er dette nok ein grunn til å fjerne dette leddet.

Sørgard har fleire feil i si skildring av fortida: Han hevdar at det før tidleg på 1990-talet ikkje var ein kraftbørs som «kunne oppmuntre produsentene til bruk av alt vannet». Dette er feil! Allereie i 1971 vart det oppretta ein kraftbørs for engroshandel med kraft, nettopp med det føremål å få optimal utnytting av vasskrafta i heile landet. Eg meiner at vi faktisk var det første landet som fekk ein slik landsomfattande børs. Dette var ein viktig del av det Roland kallar «et av verdens beste energisystemer».

Sørgard påstår at det tidlegare var «en ikke ubetydelig andel» av vatnet som «ble sendt på havet uten at det ble benyttet til å produsere strøm». Dette vart ifølge han gjort for å presse opp prisane. Eg syns at dette er lite redeleg. Alle som har litt kjennskap til det norske kraftsystemet og til dei store nedbørsvariasjonane vi har, veit at det av og til må sleppast vatn på havet utanom turbinane.  

Sørgard skriv om den dramatiske sommaren 1992, det første året med ny kraftbørs. Det vart ekstremt låge prisar i engrosmarknaden. Sørgard peikar på konkurransen på kraftbørsen og mykje nedbør som årsakene. For oss som opplevde dramatikken var det ein annan faktor som spelte størst rolle. I staden for sunn konkurranse, som Sørgard skriv om, fekk vi nemleg betydeleg dumping av kraft inn i den norske marknaden frå det svenske statsselskapet Vattenfall. Dei hadde ledig produksjonskapasitet i kjernekraftverka sine og låge marginalkostnader. Dermed låg det til rette at dei kunne levere kraft inn i den opne norske marknaden for under halvparten av det som før var prisen.

Den prisen Vattenfall tok for krafta som dei selde til Norge, var bere om lag ein tredjedel av det dei tok på heimebane, der dei framleis hadde monopol. Situasjonen var ganske grotesk. Dumping er ulovleg. Men det hadde skjedd ein svikt i det utgreiingsarbeidet som var utført for departementet før marknadsreforma, og dette gjorde at dumpinga fekk halde på ganske lenge. Eg syns det er rart at Sørgård ikkje nemner dette. Veit han ikkje om det, eller syns han det er for flaut at kollegaene hans på NHH oversåg eit så fundamentalt forhold i utgreiingsarbeidet sitt?  

(Ikkje ferdig)  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?