Sentralstyring gjev sentralisering

Skrive 04.12.2018.   

Blant demokratia er Norge det mest sentralstyrte landet i verda. Det burde gjeve grunnlag for offentleg debatt. Det skjer ikkje. Tvert imot, no får Oslomakta også hjelp frå Bergen.

Dei siste vekene har det vore mykje stoff i BT knytt til distriktspolitikk, formyndarstaten, og om Oslo-makta i Høgsterett.

Enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Oslo-styringa, det som Sjur Holsen kalla oslofisering, har akselerert. Vi har eit sentralisert politisk styringssystem og vi har ein steinrik stat som stadig vert rikare. Kapitalen si gravitasjonskraft og påverknadskraft er enorm. Bedrifter og finansinstitusjonar strøymer til, statsbyråkratiet både aukar og får større makt og media vert meir oslofiserte. Vi har eit aukande tal av direktorat og organisasjonar - mellom anna LO og NHO - med hovudsete i Oslo og som ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «standplassen avgjør standpunktet».

I sum gjev dette enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Dette gjev seg igjen utslag i forfordeling av Oslo-området på dei fleste område og ofte på skjulte måtar.

Makt korrumperer. Vi har fått ein uheldig kultur med samrøre mellom maktorgana, til gjensidig nytte for kvarandre på kostnad av resten av landet. Har statsbyråkratane tilstrekkeleg sakleg objektivitet? Kva med riksmedia som skal vere eit korrektiv til makta og kontrollere makta?

Bergenske fordomar. For ei tid sidan hadde tidlegare byråd Henning Warloe ein kronikk i BT. Hovudpoenget var at distrikta er ei bør og ein gigantisk kostnad som byfolk må betale rekninga for, mellom anna gjennom inntektsfordelingssystemet mellom kommunar. Warloe fekk mange svar. Ingebjørn Bleivin peika på at dei store pengane går heilt andre stader enn til folk i distrikta. Han nemnde kultursektoren, og han viste til at staten gjennom skattefrådraget på bustadlån gjev enorme subsidier til dei dyre bustandane i byane. Byfolk har «tent hundretusener på dette dei siste 10-15 åra, utan å løfte ein finger». Seinare følgjer byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nilsen og Frank Aarebrot opp Warloe og seier at inntektsfordelina mellom kommunane både gjev ei skjult tapping av fleire bykommunar og eit demokratisk problem.

Oslo og byane skor seg. Det er eit demokratiske problem at nokre i det skjulte får store indirekte subsidier på ei rekkje områder og tenester, medan andre vert pålagde skjulte skattar og avgifter. Det er her dei store pengane ligg. Oslo-makta har laga desse ordningane slik at dei råkar mest folk som bur i distrikta og dei råkar ofte skeivt sosialt. Dette er ikkje framme i offentleg debatt. Nokre eksempel på dette innanfor bustad og kultursektoren. Bleivin nemnde at ein billett på Den Norske Opera vert subsidiert med om lag 2000 kroner. Men det er også mange andre kulturinstitusjonar som Oslo «berre må ha», men som resten av landet må betale for. Det siste er nytt vinter-OL som ikkje kom til Tromsø, men som Oslo no nyttar alle kanalar for å sikre seg sjølve.  

På mange andre områder skjer det same; rike regionar og folk får subsidiar på kostnad av fattigare. Eg vil nemne energisektoren og samferdslesektoren som eg kjenner særskilt til. På energisektoren skjer det på mange måtar, eg nemner her eksempel på to. For det første har vi ei spesiell avgift på forbruk av elektrisitet. Elektrisitetsavgifta, som stadig stig. Dette er ein rein skatt for å skaffe staten pengar. I år vil den koste oss om lag 8 milliardar kroner. Fordelt på alle nordmenn vert det om lag 1500 kroner på kvar. Men avgifta rammar spesielt dei som brukar elvarme fordi denne utgjer så stor del av energiforbruket for dei som bur i einebustad, slik nesten alle i distrikta gjer. Litt spissformulert kan vi seie at elavgifta er ein skatt for å bu i distrikt og einebustad. For byane er det motsett, der brukar mange fjernvarme. Staten har gjeve store subsidiar for å få fjernvarmesystemet på plass. I praksis er blitt ulovleg å bruke elvarme i store nybygg. Grunngjevinga er at elektrisiteten slepp ut mykje CO2. Men på samferdslesektoren er staten interessert i å nytte elektrisitet til framdrift av tog, bybaner og elbilar. Då er den same elektrisiteten blitt miljøvennleg! Der skal toga, banene og elbilane sleppe å betale elavgifta. Eg meiner dette er korrupsjon: Næringsinteresser, mektige byinteresser og miljøorganisasjonar samarbeider for å oppnå eigne fordelar.  

Verst innan samferdsle. På samferdslesektoren er subsidiering av byane og særavgifter for distrikta verre. Jarnbana får 17,5 milliardar kroner årleg i statssubsidiar. Kvar einaste nordmann subsidierer 3500 kroner årleg til noko som nesten ikkje produserer transport. Analyser viser at toget er 10-15 gonger så kostbart som ekspressbussar, og når alle kostnader vert rekna med har toget mykje høgare energiforbruk og miljøkostnader per passasjer.

Henning Warloe kritiserte mellom anna at distrikta stiller urimelege krav om infrastruktur. Dei som verkeleg stiller krav om at staten skal betale godene er ordførarar og organisasjonar i Oslo-områder. Dei krev at staten skal bygge og betale fullt ut eit prosjekt for raske tog i området sitt (InterCity). Det vil produsere svært lite transport i forhold til kostnaden, og Oslo-interessene foreslår at resten av landet skal betale «moroa», truleg vert det minst 15 milliardar kroner årleg. Det vert nye 3500 kroner for kvar nordmann.

Distrikta har vegar, mest dårlege vegar. Politikken er svært skeiv og usosial med omsyn til brukarbetaling. Togbrukarane betalar i dag berre 25 % av kostnadane, med InterCity vert det enno skeivare.

Vegbrukarane får ingen ting av staten. Tvert imot, staten ser på vegar primært som eit skatteobjekt. Årleg betaler vegbrukarane over 25 milliardar kroner meir inn til staten for vegbruken enn det staten pluss fylka brukar til investering og vedlikehald på riks- og fylkesvegar. Delt på kvar nordmann vert dette ein ekstraskatt på 5000 kroner. Staten skuldar såleis vegbrukarane enorme beløp. I sum for åra 1960–2019 vil dette vere i storleik 1000 milliardar kroner (pengeverdi 2012). På den bakgrunn er det uforståeleg at staten krev at vegbrukarane i tillegg skal betale høge bompengar for vegane dei allereie har betalt mange gonger gjennom avgiftene på bil og drivstoff. 

Kostnadsriktig prising eller sosialhjelp

På mange områder skor Oslo seg på kostnad av resten av landet. Maktkonsentrasjonen i hovedstaden gjer denne politikken muleg.

Det truar demokratiet vårt at vi har ein fattig og einsretta offentleg debatt i Norge. «Vi har ingen systemdebatt her i landet, berre litt mumling», sa politisk redaktør i Aftenposten Harald Stanghelle i ein diskusjon for eit par år sidan i «Aktuelt» på NRK2. Vi har inflasjon av ord i alle kanalar, men mest overflatisk og kunnskapsfattig pjatt og lite av reell og sannferdig informasjon. Dei store mediehusa vert meir og meir kommersielle, og underhaldning og fjas er billegare å produsere og sel truleg betre enn seriøse debattar om viktige spørsmål.

Denne mediesituasjonen er alvorleg fordi det er media som no set dagsorden i samfunnet og langt på veg styrer politikken. Også NRK bidreg dessverre til den fordumming og einsretting som skjer, det er lenge sidan dei hadde ei opplysningsavdeling!

NRK2 tek av og til opp viktige tema, slik også 20. mars i programmet «Status Norge», der temaet var vegtransport og vegutbygging i Norge. Men programmet starta med eit usant utgangspunkt: «Vi bruker enorme summer på vei her i landet, men likevel er 70 prosent av folket misfornøyd med vegstandarden». Sanninga er at staten hentar inn til seg sjølv enorme summar frå vegbrukarane gjennom det folk flest betalar til staten i form av avgifter på køyretøy, drivstoff og bompengar. Og staten brukar berre om lag halvparten av dette til investering og vedlikehald av riks- og fylkesvegar. Resten går rett i statskassa. Staten ser på vegane som ei inntektskjelde for seg sjølv. Dette veit korkje folk flest, politikarane eller mediefolk, for det vert ikkje opplyst om det i dokumenta frå statsbyråkratiet. Det staten har beslaglagt på denne måten gjennom dei siste 60 år utgjer om lag 1000 milliardare kroner (i pengeverdi 2014). Ikkje rart at folk er misfornøgde.


Betalingsprinsipp for offentlege tenester - Eit demokratiske problem

Det vanlege er at folk må betale offentlege tenester etter sjølvkostprinsippet, vi må betale det det kostar å produsere tenestene. Det gjeld for vassforsyning, renovasjon, kloakk og andre «harde» tenester. Desse tenestene vert oftast dyrare i distrikta enn i byane fordi der er færre å dele kostnadane på.

Men på dei to store sektorane energiforsyning og samferdsle, som eg kjenner særskilt til er det svære avvik frå sjølvkostprinsippet. Her gjev staten store  subsidier til nokre grupper og områder, medan andre vert pålagde skjulte skattar og avgifter. På denne måten får vi ei skjult og stor forfordeling – oftast av Oslo-området. Dette er sjeldan framme i offentleg debatt. Lat oss derfor gjere eit forsøk på å talfeste fenomenet. 

På energisektoren skjer forfordelinga på mange måtar, eg nemner to: særbehandlinga av elektrisitet og fjernvarme. Elektrisitet er ei flott energiform, spesielt viktig for distrikta. Til lys, varme og elektrisk utstyr i alle heimar og arbeidsplassar. Men styresmaktene likar ikkje elektrisitet her. Dei legg ei avgift på alt elforbruk, elektrisitetsavgifta. Dette er ein usosial statsskatt som stadig stig. I år vil den koste oss 8 milliardar kroner. Fordelt på alle nordmenn vert det om lag 1500 kroner på kvar. Men avgifta rammar spesielt dei som bur i einebustad og brukar elvarme, slik nesten alle i distrikta gjer. Litt spissformulert kan vi seie at elavgifta er ein skatt for å bu i distrikt og i einebustad.

For byane er det motsett, her brukar mange fjernvarme. Staten har gjeve store tilskot til fjernvarmesystema. I tillegg er det no blitt tilnærma ulovleg å bruke elvarme i store nybygg. Påstanden er at elektrisiteten slepp ut mykje CO2. Men når byane skal ha elektriske bybaner, tog og bilar er den same elektrisiteten blitt så miljøvennleg at dei til og med slepp elavgifta!

Verst innan samferdsle. På samferdslesektoren er subsidiering av byane og særavgifter for distrikta enno verre. Jarnbana, som har 80 % av transporten sin i Oslofjord-området, får årleg 17,5 milliardar kroner i statssubsidiar. Kvar nordmann betaler 3500 kroner årleg til dette.

Oslo-området krev i tillegg at staten skal bygge og betale eit totalt ulønsamt prosjekt for raske tog, InterCity. Vi andre skal igjen betale, truleg vert det minst 15 milliardar kroner årleg. Det vert nye 3000 kroner for kvar nordmann. 

Distrikta har vegar, mest dårlege vegar. Vegbrukarane får ingen ting av staten. Tvert imot, staten ser på vegar som eit skatteobjekt. Årleg betaler vegbrukarane om lag 25 milliardar kroner meir inn til staten enn det staten pluss fylka brukar til investering og vedlikehald på riks- og fylkesvegar. For kvar nordmann vert dette ein ekstraskatt på 5000 kroner. I tillegg kjem bompengane, no om lag 10 milliardar kroner årleg.

Politikken er svært skeiv med omsyn til brukarbetaling. Vegbrukarane betalar om lag 200 prosent av sjølvkost, medan togbrukarane betalar berre 25 prosent av kostnadane. Med InterCity vert det enno skeivare. Ekspressbussane, som er distrikta sine «tog», får inga statsstøtte.

Enorme summar. Om vi summerer desse meirkostnadane for folk i distrikta i forhold til Oslo-folk, kjem vi til om lag 50.000 kroner årleg for ein familie på fire. Ikkje rart at folk strøymer til Oslo. Statstøtta til jordbruket vert småpengar!

Kva med media som skal passe på makta? Sanninga er at dei fleste av dei såkalla riksmedia er blitt ein viktig del av Oslo-makta. I NRK får direktørane i statsdirektorata gjenta frasene om behovet for sentralisering for å få «robust kompetanse» og stordriftsfordelar. Utan eit einaste motspørsmål.

Både forsking og erfaring viser at på dei fleste områder i samfunnet er det meir stordriftsulemper enn stordriftsfordelar. Plassen tilet ikkje å gå nærare inn på det, men eg viser til OUS-skandalen og til NAV.

Kvar er politikarane? Kvifor er politikarane så tause om denne distriktsfiendtlege politikken? Anten er dei uvitande om desse forholda, eller så er dei er så opptekne av å gjere karriere i systemet at dei heller sviktar veljarane sine enn å kome på kollisjonskurs med Oslo-makta.

Det har lenge blese ein sentraliseringsvind over landet. Staten lokkar med pengar, og sterke krefter i Oslo vil at enno meir makt skal flyttast dit. Dei brukar to argument: stordriftsfordelar og at distrikta er ei bør å bære for storbyane. Begge bygger på myter og vanetenking, men dei får vekt fordi Oslo-makta brukar dei. Det er på tide å sjå på maktorgana i Oslo og på pengestraumane.

Enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Vi har eit sentralisert politisk styringssystem, men vi har også noko som er eineståande: ein stadig rikare stat. Kapitalen si påverknadskraft er enorm. Finansinstitusjonar og bedrifter strøymer til, statsbyråkratiet aukar og vi har eit aukande tal av direktorat og organisasjonar med hovudsete i Oslo, mellom anna LO og NHO.

Alle desse ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet». Dei har interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve.

Distrikta betalar. Men først litt om kultursektoren. Her går dei store statstilskota til Oslo. Til dømes vert ein billett på Den Norske Opera subsidiert med om lag 2000 kroner. Det er også mange andre  store kulturinstitusjonar som Oslo «berre må ha». I sum vert det store tal. Det siste er nytt vinter-OL som Oslo no nyttar alle kanalar for å sikre seg. Statsgarantien skal vere 25 milliardar kroner. 

(Ikkje ferdig) 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?