Stortingsvalet - Eit narrespel?

Skrive 14.08.2017.   

Siste vekene har NRK stadig «masa» om at vi stemme. Men det kan vere mange gode grunnar til ikkje å stemme. Ein kan vere at politikarane oppfører seg slik at vi har mista tilliten til dei. Denne gongen vurderer eg å slutte meg til den flokken som sit heime på valdagen.

Stortingsvala og tilhøyrande debattar liknar meir og meir på eit narrespel. Vi vert invitert til å gje stemma vår til dei vi vil skal styre landet. Men politikarane har ikkje særleg stor tru på oss eller respekt for oss. Dei trur visst at vi berre er opptekne av korleis vi skal skaffe oss enno meir materielle gode på kort sikt. Dei fortel oss derfor ikkje ope og ærleg om kva dei vil gjere med dei store utfordringane som landet står framfor. Kva skal vi leve av etter oljen? Skal vi halde fram som stor krigarnasjon i land langt borte? Skal vi halde fram med den statssubsidierte sentraliseringa?

Spørjeundersøkingar viser at folk flest er opptekne av viktige og langsiktige saker. Men likevel er spesielt dei store partia så redde for å støyte veljarar frå seg, at dei held seg langt unna tema som dei trur er for kontroversielle og vanskelege for oss. Vi vert umyndiggjorde. Og dei store media let stort sett politikarane sleppe unna med dette.

Ein annan grunn til ikkje å stemme, er at politikarane har late det gli ut slik at dei viktigaste spørsmåla meir og meir vert avgjorde av ein ikkje-folkevald maktelite i Oslo. Toppbyråkratar, rådgjevarar og dei tallause særorganisasjonane som er samla i Oslo høyrer til denne sjølvbestalta makta. Eg får ikkje stemme på dei.

Ein tredje grunn til å sitje heime på valdagen er at det er stor sprik mellom liv og lære hos politikarane. Eg vil som eksempel vise til det som leiarane av dei to største partia seier at dei står for på den eine sida, og kva dei på den andre sida gjer innan samferdslepolitikken, som er eitt av dei områda som folk flest er mest opptekne av.

Jens Stoltenberg brukar stadig vekk ordet rettferdighet i valkampen. Men den samferdslepolitikken som regjeringa fører er ikkje prega av rettferd. Den er grovt urettferdig mot folk flest og mot største delen av landet. Dei som brukar vegane våre betalar om lag dobbelt så mykje som kostnadane, medan dei som brukar toget – hovedsakleg i Oslo-området - betalar berre om lag 25 prosent. Dersom Intercity-prosjektet rundt Oslo skal byggast, vert det enno verre: der vil brukarane betale berre om lag 10 prosent av kostnadane. Er «eigenandel» på 200 prosent for vegbrukarane og 10 prosent for banebrukarane rettferdig?

Erna Solberg går for skattelette. Men ho forsvarar skattelegging av vegbrukarane. Ja, ho vil auke denne skatten. Ho vil ha meir bompengar. Bilavgiftene er ein rein skatt, bompengar likeeins. Dette er skattar som er sterkt usosiale og som råkar næringsliv og folk flest i heile landet. Og dei utgjer som nemt om lag 200 prosent av kostnadane. Vår rike stat ser ikkje på vegane som viktige transportårer, men som eit skatteobjekt. Denne politikken har gjeve oss Europas dårlegaste vegstandard og store ekstrautgifter for både bedrifter og folk flest.

Både Stoltenberg og Solberg seier dei er opptekne av å føre ansvarleg økonomisk politikk. Men dei går begge to inn for bygging av Intercity-prosjektet. Eit system av raske baner rundt Oslo. Prosjektet er ekstremt ulønsamt, det må ha statssubsidier på godt over 100 milliardar kroner. Den vesle transporten ville lett kunne produserast med store og raske ekspressbussar i eigne filar på dei parallelle motorvegane som vert bygt. Og det til ein brøkdel av kostnadane og energibruken. Prosjektet er ein parodi på økonomisk ansvarleg politikk. Men Stoltenberg og Solberg støttar det likevel. Eg trur at dei faktisk er i god tru. Dei veit truleg ikkje betre. For i bortimot 50 år har kunnskapsfattige samferdslebyråkratar fått lov til å fore oss med gamle myter om at tog er den mest effektive og miljøvenlege transportmåten. Dei har heile tida juksa ved å halde utanfor dei enorme kostnadane og energibruken som går med til å produsere skinnegang og tog. Når vi tek dette med kostar togtransport 10–15 gonger så mykje som busstransport, som også har mykje lågare energirekning.

Innovasjon er eit ord som politikarane likar godt. Men i samferdslepolitikken heng vi fast i jarnalderen. Internasjonalt er det på veg eit paradigmeskifte: over frå det stive, tunge, kostbare og energikrevjande toget til den lette, smidige, billege og miljøvenlege bussen i eigne filar på gode og trygge vegar. Det skjer ein enorm teknologisk utvikling av miljøvenleg bussdrift. Elektriske bussar utan leidningar er eitt stikkord. Berre i Europa er det 100 prosjekt på dette.   

Den siste grunnen til ikkje å stemme, er den arrogante haldninga som politikarane har lagt for dagen når dei vert utfordra av veljarane. Eg skal ta berre eitt eksempel. Også det frå samferdslesektoren. Eit fortvila foreldrepar miste einaste dottera si i ei møteulukke på ein usikra E39 på Stord. Gjennom fleire sterke avisinnlegg utfordra dei stortingskandidatane til å kome på bana og fortelje om dei fortsatt ville halde fram med den enorme skeivfordelina mellom veg og bane. Ei skeivfordeling som har gjeve ein vegstandard som kostar oss mange unødvendige dødsfall. Dei utfordra spesielt Erna Solberg. Men ingen svar å få. Mi manglande stemme på valdagen vil også vere ein protest mot politikarane sin arrogante oppførsel overfor desse foreldra.

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?