MÅNELANDING OG ANNAN GALSKAP

Skrive 29.01.2014.   

Skandalen ved månelandinga er at den i det heile tatt vart sett i gang. Ingen andre land tenkjer på å fjerne CO2 frå gaskraft. Til det er utsleppa altfor små, under halvparten av det bioenergi slepp ut.

Verda står framfor enorme ressursutfordringar. Ufatteleg store ressursmengder må til for å dekke menneskja sine tre mest grunnleggande behov: Mat, reint ferskvatn og energi.  Løysinga på ressursproblema er minst av alt å bruke mykje pengar på symbolprosjekt som høyrest flotte ut, men som gjev null bidrag til å løyse kloden sine utfordringar. Månelandingsprosjektet på Mongstad er berre eitt av slike symbolprosjekt. Stortinget har nye på gang.

Månelandinga 

Dei siste dagane tida har Stortinget hatt høyring omkring «månelandinga» på Mongstad, prosjektet som skulle fjerne CO2 frå gasskraftverket. Det har vore brukt store ord frå mange.

Det var i fjor at regjeringa avlyste månelandinga. Fleire aviser peika då på at prosjektet skulle vore stoppa før, og at dei bortkasta milliardane var noko Stoltenberg betalte for å få miljøpartiet SV med i regjeringa.

Men den største skandalen ved prosjektet er det ingen som nemner, ikkje då avlysinga kom og heller ikkje no: Det skulle aldri vore starta. Faktum var og er nemleg at gasskraft slepp ut svært lite CO2; under halvparten av det som vert sleppt ut ved brenning av bio. Men politikarar og media visste visst ikkje dette, og dermed let dei miljøorganisasjonar sette dagsorden slik at toskeskapen vart sett i gang. Heller ikkje no er dette tema. Det er ein skandale.

Verda ler av oss

Ingen andre land tenkjer på å rense CO2 frå gasskraft. Dei satsar fornuftig nok på å rense kolkrafta som har over dobbelt så høge utslepp. Nokre har også lukkast med det, til ein brøkdel av Mongstad-prisen. Dersom det er CO2 som er problemet, så er svaret å fjerne utsleppa frå kolkraft. Fordi utsleppa her er så store og fordi det er enormt mykje kolkraft i verda. Det vert også bygt stadig meir, mellom anna fordi kolressursane er så store.

Bioenergi slepp som nemt ut dobbelt så mykje CO2 som gasskraft. Likevel er bioenergien i følgje nokre miljøorganisasjonar sjølve svaret på klimakrisa. Denne logiske kortslutninga slepp dei unna med. I ein kommentar 19. september skreiv VG-kommentator Astrid Meland at månelandings-prosjektet var «et resultat av en uhellig allianse mellom partiene, industrien og miljøaktivister». Det var ganske presist. Norge skulle liksom vere «verdsmeister» i ei øving der ingen andre deltek. Resten av verda ler av oss. I dag ser eg at BT skriv at ingen vil kjøpe den teknologien som skulle utviklast på Mongstad. Nei, tenk det!

Vi gjer feila opp att

Vi kunne håpe på at Stortinget ville lære av feila på Mongstad. Spesielt at framtidige prosjekt ikkje vert bestemt av symbolpolitikk og falske miljøargument.  Men det ser ikkje ut til av læringsviljen er stor. Det er nærliggande å trekke fram Intercity-prosjektet, eit system av raske togbaner rundt Oslo. Prosjektet er så dyrt at det vil trenge bortimot 200 milliardar kroner i statssubsidiar, men igjen ser Stortinget ut til å godta det. Fordi ein allianse av togindustri, riksmedia og miljøorganisasjonar pressar på. I likskap med Mongstad er opplegget også her at staten skal betale rekninga, medan jarnbana styrer prosjektet og all informasjonen om det. Også her er analyser over nytte og kostnad  fråverande. Og igjen legg interessentane fram falske miljøargument. Falske fordi dei største postane i rekneskapen vert haldne utanfor: dei enorme kostnadane og energimengdene som går med til å produsere skinner og tog. Når dette vert tatt med, har prosjektet eit enormt energiforbruk og utslepp av CO2. Utsleppa forsvinn ikkje sjølv om komponentar vert produsert i Kina!  

Hovedskilnaden mellom månelandinga og Intercity er at det siste vil bety ei ressurssløsing som er 5-10 gonger så stort som det første. Men på nytt stiller ingen spørsmål ved galskapen. 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?