Om mitt arbeid i Unipede og skeptiske europeiske kraftgigantar

Skrive 13.03.2018.   

Spørsmål 3. 

Dette dreier seg nok om eit foredrag eg hadde i 1995. Eg var då utpeika som norsk representant i ein komite for fornybar energi i den europeiske kraftbransjen. Tok til der i 1991. Vi hadde to møter for året der vi disskuterte og besøkte fornybar-anlegg. Vi initierte også ugreiing om spesialtema, som vi så behandla på seinare møter. Komiteen hadde fast sekretariat i Paris, der også dei fleste møta vart avvikla. 

Bransjen i Europa var organisert som monopol. Sterkast monopol var det i Frankrike. Der hadde statsselskapet EDF monopol på både produksjon og all transport av kraft i heile Frankrike. Det var eit gigantselskap! (...) Elles var det nokre få store regionale produksjonsselskap både i Tyskland, Spania og Italia. England er eg litt usikker på, dei var lite aktive i komiteen. 

Komiteen var klar over at vi hadde fått såkalla marknadsbasert omsetning i Norge, frå 1991, og at Sverige skulle innføre det same frå 1. januar 1996. Og dei var svært skeptiske/redde for "smitten frå Norden" som dei kalla det. 

Eg hadde eit foredrag, der eg fortalde i grove trekk om opplegget i Norge, og erfaringane våre. (...) 

Forsamlinga var svært skeptisk, både til om det ville fungere "reint teknisk", men mest til  konsekvensane for bransjen. 

Skepsisen og redselen deira vart ikkje mindre etter foredraget mitt. Eg fortalde at teknisk sett var det ikkje noko problem med det nye, bortsett frå ein "glipp" som skuldast at dei som hadde utgreidd det nye opplegget, ei gruppe ved NHH (...), hadde "gløymt" at Norge og Sverige "hang saman" elektrisk. Det førte til "gullalder" for svenske produsentar. Dei hadde monopol heime, og tok der ein pris på ca. 25 øre per kWh som dekka alle deira faste kostnader. Og så hadde dei ledig kapasitet i kjernekraftverka, der den marginale produksjonskostnaden var om lag 6 øre per kWh. Vattenfall tok til å tilby kraft på den norske marknaden for 9 øre per kWh, og etter ei tid vart det marknadsprisen i heile landet! 

Økonomisk var det bortimot ei katastrofe for mange produsentar, spesielt dei som hadde nye anlegg og høge kapitalkostnader. Eg la ikkje skjul på at SFE var i denne situasjonen. (SFE sin sjølvkost var på den tida ca. 18 øre per kWh!). Eg peika på at dette var dumping frå Vattenfall, og at eg hadde prøvd å få styresmaktene til å treffe tiltak. Men det skjedde ikkje, for forbrukarane - spesielt kraftintensiv industri - tente stort på situasjonen. 

Foredraget gjekk fint. Mi klare tilråding var at bransjen burde passe på at landet deira ikkje gjekk over til "nordisk opplegg" utan at dei var sikra mot dumping frå naboland. (...) 

 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?