Klokt av Willoch om krigen i Afghanistan

Skrive 14.11.2017.   

No er det visst igjen aktuelt å sende norske soldatar til Afghanistan for å hjelpe USA i krigen sin der. Det ser ut til at vi ikkje har lært av tidlegare tabbar.  

I haust har NRK ein programserien kalla «Da vi styrte landet». Der møtes dei seks eks-statsministrane Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik, Torbjørn Jagland, Jens Stoltenberg, Kåre Willoch og dagens statsminister Erna Solberg. Dei samtalar og deler minner og erfaringar.

I program nr 2, som gjekk 8. november 2017 var Kjell Magne Bondevik hovedperson. Ei av dei vanskelegaste sakene i hans regjeringstid var spørsmålet om vi skulle delta i krigen i Afghanistan. I programmet vart det opplyst at vi i løpet av krigen deltok med 9000 personar. Norske fly bomba bakkemål i landet, og nokre kom heim i båre.

Kjell Magne fortalde kor vanskeleg det var å ta ei avgjerd om deltaking i krigen, spesielt fordi han med sitt kristne livssyn visste at krig måtte vere absolutt siste utveg. Det kom også nokre vanlege kommentarar frå dei andre.

Men så kom Willoch med ei «einetale», som bør bli pensum for både politikarane våre og media (Erna Solberg prøvde å bryte av ein gong).

Dette sa Willoch: Jeg er vel en av de få her som har opplevd en okkupasjon. Jeg vet at det varer ikke lenge før en okkupant er grundig upopulær, nær sagt uansett hva vi holder på med. Hver gang Vesten griper inn på denne måten; sender bombefly, sender soldater eller støtter andre som gjør det samme, så vokser uviljen mot den vestlige verden. Det har vært en enorm ulykke for mange mennesker der nede. Det at man følte seg presset til å handle raskt og gå til krig, det var ikke løsningen»!

Etter desse visdomsorda sat dei andre tause (i alle fall på TV-programmet). Det verka nesten som dei følte seg flaue.  

Eg håpar at Willoch igjen orkar å tale med kraft mot galskapen ved ny krig mot eit fattig folk på andre sida av kloden.

Også den krigen vil få berre eitt resultat: fleire døde, såra og ulukkelege. Og fleire IS-krigarar som vil hemne seg på Vesten. Men våpen-industrien vil vel kome til å tene meir pengar. 

«Mennesker, ikke penger», sa Erna Solberg for nokre år sidan. Greier ho å leve opp til det – i Afghanistan?

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?