Om min bakgrunn

Skrive 30.12.2018.   

Eg driv og jobbar med eit bokprosjekt. I jobben heldt eg mange foredrag, og på 1970-talet skreiv eg mange artiklar i riksmedia (...). Litt av dette vil gå inn i boka. Dei siste åra har eg også skrive mykje, men måtte ta ei lang pause etter at eg tok kreftoperasjon i 2009. Hadde langvarig og sterk stråling som ga meg mykje smerter frå 2013 (...)  

Har vore medlem i AP,  men melde meg ut på grunn av sentraliseringpolitikken deira. Har også vore medlem i to miljøorganisasjonar, men melde meg ut då eg oppdaga at dei begge var meir opptekne av å verne om eiga makt og prestisje enn å verne miljøet. Har også vore medlem i kommunestyret (...), pluss diverse andre verv i lokalmiljøet. Eg var ganske imponert over lokalpolitikarane, dei aller fleste gjekk inn i politikken av idielle grunnar. Eg er mindre imponert over rikspolitikarane. 

Styret i bransjeorganisasjonen likte tydlegvis det eg skreiv i avisene om energi, miljø og økonomi. Trur det var derfor eg fekk fleire (...) verv i bransjen. (...) 

Boka vert ei debattbok om fleire sentrale tema som sentralisering, miljø, energi, økonomi, rettferd, verdiskaping og fleire. Boka vil vere prega av både den utdanning eg fekk (NTH) og arbeidserfaring frå Oslo, Gloppen og Bergen. Men også av bakgrunn/oppvekst (...) på eit lite småbruk i utkanten av bygda, nær skogen. I mange år utan vegtilkomst, elektrisitet og innlagt vatn. Men med to flinke og arbeidssame foreldre og seks søsken. Far var bussjåfør (...) og var mykje borte. Vi hadde naturlegvis lite pengar, lærte oss tidleg å arbeide, både på småbruket og hos naboar. (...) 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?