Fyllingsdalen som prøveklut?

Skrive 20.02.2017.   

I BA for 1/11 har Marius Øvrebøe Pettersen eit debattinnlegg om å utvikle Fyllingsdalen til «et prøveprosjekt innen grønn byutvikling». Hovedpoenget er at når bybana kjem til Fyllingsdalen «er det store muligheter for at flere unnlater å kjøpe bil til fordel for kollektivtransport». Men dette krever politisk handlekraft og store offentlige investeringer». Ein premiss er at Bergen – og Fyllingsdalen? skal få auka folketal.

Eg har liten lyst til å verte ein prøveklut i eit eksperiment som til dei grader er tufta på luftige illusjonar og subsidier frå staten samt bomavgifter frå strilane!

Eg har budd i Fyllingsdalen i 15 år, men eg har ikkje møtt nokon som ønsker bybana hit. Sjølv kvitta eg meg med bilen for om lag 12 år sidan og baserte meg på buss og sykkel til arbeid på Kokstad. Men då bybane linje 1 kom, vart det ikkje så enkelt lenger. For å besøke (...) i Fana måtte eg bytte kollektivmiddel 4 gonger og bruke lang tid, mot to gonger før bybana kom. Eg fann ut buss – bane - buss vart såpass tungvindt og ga så lang reisetid at eg beit i det sure eplet og kjøpte meg ein liten Yaris. Den er også nyttig og rask og energieffektiv til diverse småturar til stader som ikkje er dekka av buss. Men stort sett står Yarisen år i garasjen og samlar støv. 

(Ikkje ferdig) 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?