Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2024

MÅNELANDING OG ANNAN GALSKAP

Skrive 29.01.2014.    Skandalen ved månelandinga er at den i det heile tatt vart sett i gang. Ingen andre land tenkjer på å fjerne CO2 frå gaskraft. Til det er utsleppa altfor små, under halvparten av det bioenergi slepp ut. Verda står framfor enorme ressursutfordringar. Ufatteleg store ressursmengder må til for å dekke menneskja sine tre mest grunnleggande behov: Mat, reint ferskvatn og energi.  Løysinga på ressursproblema er minst av alt å bruke mykje pengar på symbolprosjekt som høyrest flotte ut, men som gjev null bidrag til å løyse kloden sine utfordringar. Månelandingsprosjektet på Mongstad er berre eitt av slike symbolprosjekt. Stortinget har nye på gang. Månelandinga  Dei siste dagane tida har Stortinget hatt høyring omkring «månelandinga» på Mongstad, prosjektet som skulle fjerne CO2 frå gasskraftverket. Det har vore brukt store ord frå mange. Det var i fjor at regjeringa avlyste månelandinga. Fleire aviser peika då på at prosjektet skulle vore stoppa før, og at dei bo

EIN FORMYNDARSTAT PÅ VILLE VEGAR

Skrive 25.02.2013.    INNHALD Føreord    Dei siste 20-30 åra har norsk politikk utvikla seg til eit udemokratisk narrespel. Avgjerdene skjer meir og meir i lukka prosessar der sterke særinteresser syter for at dei får god uteljing. Resultatet vert både mindre verdiskaping, usosial fordeling og negativ miljøutvikling. Over mange år har det i det offentlege fått vekse fram ei vill sentralisering og byråkratisering. Ansvarskjensle og effektivt arbeid er erstatta av ein ukultur av servilitet, leiarsvikt, inkompetanse, stor møteaktivitet og rapportskriving.  (Ikkje ferdig)   

Myter om miljø og samfunnsøkonomi i transportsektoren

Skrive 23.09.2014.    Av omsyn til klimaet protesterer miljøorganisasjonar heftig mot ferjefri E39 med 4 felt, men dei omfamnar lyntogplanane på Austlandet. Dette er i beste fall kunnskapslaust og i verste fall hykleri. BT har hatt mykje stoff om samferdsle dei siste månadane. Ikkje rart sidan det no er kort tid til Nasjonal Transportplan (NTP) skal leggast fram. Mange påstandar vert kasta fram, om tog kontra vegtransport, om ferjefri E39 og om miljøkonsekvensar. Det slår meg at debatten i stor grad er basert på seigliva myter og dogmer. Faktabasert kunnskap er mangelvare. Hovudgrunnen til dette er truleg at NTP i seg sjølv er meir basert på gamle postulat enn på kunnskap og fagleg analyse. Mest myter er det knytta til miljø. NSB postulerte rundt 1980 at tog er den mest miljøvennlege transportmåten. Dette har heile tida sidan vore støtta av Naturvernforbundet – som var sponsa av NSB. Samferdsledepartementet ga også beskjed om at i stortingsmeldingar skulle toget framstillast som

Helse og jarnbane i molboland

Skrive 20.12.2017.    Med overskrifta «Bare molboland setter asfalt foran helse» tar BA på leiarplass 14. mars opp eit viktig tema: helsesektoren må bli sterkare prioritert. Det er bra at dette kjem fram i offentleg debatt. Fordi mykje tyder på at den knappe ressurstilgangen til helse skuldast ein reknefeil i det sentrale helsebyråkratiet for om lag 5 år sidan. Mange ekspertar og andre gjekk ut og peika på feilen. Mellom andre Hallvar Bakke i ein aviskronikk. Men politikarane hadde bestemt seg: Helsesektoren skulle omorganiserast for å få skikk på det dei trudde var ineffektivitet. Mange i helsevesenet åtvara. Men reknefeilen vart tagd i hel. Det var gått prestisje i saka. Men folk flest ser at noko er gale i prioriteringa. I fjor viste ei meiningsmåling at 70 prosent av folket meiner at helsevesenet må få meir ressursar. Eit anna teikn er at vi stadig ser oppslag  om folk som må reise til utlandet for å få hjelp mot livstruande sjukdomar. I motsetning til nabolanda våre har «verda

Bygd og by – liv og lære

Skrive 05.12.2018.    I BA for 3. desember hadde Kommunalminister Monica Mæland eit innlegg der ho tok til motmæle mot det Oddny Milleteig skreiv i avisa om sentralisering. Mæland seier at det «selvsagt» ikkje er slik at distrikta er « bremser, sand i maskineriet eller et utgiftssluk». Men problemet er at fleire i partiet hennar har meint og skrive nettopp det, mellom anna tidlegare byrådskollega Henning Warloe. For eit par år sidan skreiv han ein kronikk i BT om temaet. H ovudpoenget til Warloe var at distrikta er ei bør og ein gigantisk kostnad som byfolk må betale rekninga for, mellom anna gjennom inntektsfordelingssystemet mellom kommunar. Mæland skriv i innlegget at regjeringa « hver dag jobber for sterke byer og levende distrikter. Det gir et godt samfunn, og sikrer oss en bærekraftig velferd ». Dette er eit godt mål, men regjeringa sin praksis viser dessverre noko heilt anna. Dei sender dei store pengane til byane, mest til Oslo-området. Distrikta få smular. Det skjer på

Dogmatisk om transport

Skrive 15.10.2013.      Under tittelen «Ubalansert togkritikk» har (...) Sætre i BT for 7. oktober ein kommentar til innlegget mitt i avisa for 2. oktober, og til innlegg eg tidlegare har hatt om transport og miljø. Eg har der peika på den tilsløring av sentrale transportfakta som vi har hatt i over tretti år her i landet, og på myten om at kollektivtransport på bane er best. Eg har tillate meg å peike på det faktum at kollektivtransport på bane krev mange gonger så mykje ressursforbruk og energiforbruk som på veg. Men Sætre vil ikkje diskutere kva som er den beste kollektivtransporten, han vil ha bybana til Åsane, koste kva det koste vil, og då nyttar han det kjende knepet å skrive om privatbil, ikkje med buss. Han etterlyser også at eg bør skrive meir om ulempene ved «mitt» aternativ. Det som faktisk er mitt alternativ, er primært å ta ny teknologi i bruk til å erstatte reiser: videokonferansar i staden for flyreiser og heimekontor i staden for bilkøyring. Ei spart reise er den

Kraftpolitikk på ville vegar

Skrive 21.08.2018.    I Klassekampen har det i månadsvis vore talluse kommentarar og innlegg om kor viktig det er at våre eigne politikarar styrer kraftpolitikken. Men ingen har sett på korleis denne styringa artar seg i praksis. I sum har kraftpolitikken her i landet dei siste 40 åra vore ei katastrofe. Både for landet, miljøet og forbrukarane. Dei siste er verst råka. Konkret døme på villskapen:  -         Straffar folk flest med ein blodskatt for å få lov til å bruke vasskrafta vår -         Tvingar folk til å betale utanlandske kapitalistar store subsidier for å bygge ut ulønsam vindkraft -         Gjev desse kapitalistane lov til å snylte på vaskrafta vår -         Har akseptert at EUs energidirektiv tvingar oss til å bygge ut mykje meir mykje meir fornybar kraft enn vi sjølve har bruk for Denne politikken har både gitt alle normenn enorme ekstautgifter, samtidig som vasskrafta vår er blitt «devaluert» med minst 100 milliardar kroner. Likevel er dette ikkje framme

Fylkessamanslåing og strid om kraftverdiar

Skrive 03.12.2018.    I samanslåingsprosessen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er det blitt strid om dei kraftmilliardar som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig.  Fylkesrådmannen har tilrådd at dei vert overført til kommunane. Dette har skapt tildes sterke reaksjonar i Hordaland. Terje Søviknes seier til BT at han opplever dette som «en fiendtlig handling » som vil « sette spor etter seg i mange år» . Saka er også diskutert offentleg i Sogn og Fjordane. Det som undrar meg er at det ser ut til at politikarane i begge fylka er uvitande om at eigarskapen til den verdifulle vasskrafta vår er heilt ulik i dei to fylka. Kortversjonen er at i Sogn og Fjordane eig fylkeskommunen ein god del av kraftproduksjonen og kommunane lite. I Hordaland er det omvendt; her er kommunane gjennom interkommunale selskap kommunane, dei store eigarane. Så her kjem kraftverdiane og inntektene allereie kommunane til gode. Etter mitt syn kan det derfor ikkje vere fiendtleg handling at «fjogningane» prøver å f

Sanselaus sentralisering

Skrive 07.10.2015.    «Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo», skreiv Erling Gjelsvik i BA nyleg. Det er ein ganske presis observasjon.  Det har lenge gått ei sentraliseringsbølgje over landet. Det er blitt eit dogme i statsadministrasjonen at alle utfordringar skal møtast med samanslåing og sentralisering til Oslo. Argumentet er heile tida stordriftsfordelar og «robust kompetanse». I det siste har det skote ny fart. Sist ute er politidirektøren som vil ha sterk sentralisering av sin etat. Det som slær meg når eg høyrer på han, er den eindimensjonale betraktningsmåten. Det er sett berre ut frå eigen ståstad: betre oversyn og meir makt til seg sjølv. Folket som han skal tene der ute er liksom ikkje med. Nærpoliti er eit framandord. Dogmer og vanetenking. Ser vi konkret på påstandane om stordriftsfordelar, viser det seg at dei oftast berre er vanetenking og gamle dogmer. I praksis er stordriftsulemper eit meir vanleg problem, slik vi til dømes har sett

Eliten mot folket. Skal vi la kunnskapsfattige «moralske fyrtårn» styre landet? (Eldre versjon)

Skrive 04.12.2015.    Har vi fått ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite i rikspolitikken, ein elite som ikkje har peiling på den barske røyndomen «der ute», spurde Andreas Skartveit i BT. Han har ikkje fått svar. For få år sidan konstaterte politisk redaktør i Aftenposten at vi ikkje har nokon debatt om dei store spørsmåla her i landet, «berre litt mumling». Han hadde rett. Mønsteret er blitt slik: dei store sakene i samfunnet vert «løfta ut av politikken» og avgjort av ein sjølvbestalta «elite» i Oslo, i det skjulte og utan demokratisk debatt i det offentlege rom. Eksempel:  Skal vi forsvare oss på heimebane eller skal vi krige på bortebane  i Libya og Afganistan? Skal vi satse på det mest effektive transportsystemet for landet, eller skal vi bygge eit ineffektivt subsidiesluk rundt Oslo? Slike og fleire andre store spørsmål vert halde unna open debatt. Dette er ein sørgjelege tilstand for demokratiet vårt. Men det vert ikkje debattert. Derimot har vi igjen fått tilstan

Strilane betaler bybana (eldre versjon)

Skrive 18.03.2014.    Oslo skor seg på kostnad av resten av landet. I ein viss grad skjer det same i Bergen. Det er strilane og folk i utkantane  av Bergen som betaler mesteparten av bybana. Vi har fått ein enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Den politiske, økonomiske og byråkratiske makta er samla der. I tillegg kjem alle slags organisasjonar og riksmedia. Alle desse maktorgana ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet». Alle har felles interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve. Eit demokratisk problem. Det er eit demokratiske problem at Oslo-makta syter for at nokre, spesielt byfolk, i det skjulte får store indirekte subsidier. Medan andre, spesielt folk i distrikta, vert pålagde skjulte skattar og avgifter. Det er her dei store pengane ligg, fordi det skjer på mange områder og tenester. Gjennom skattefrådraget for rentene til bustadlån gjev for eksempel staten enorme subsidier til dei dyre bustandane

Fyllingsdalen kulturhus - Skal ein eigedomsinvestor få bestemme?

Skrive 04.01.2013.      Siste utspel i ørkenvandringa fram til kulturhus i Fyllingsdalen kom 8. november 2012. Då presenterte (...) planer for utbygging av (...) eigedommen hans på Spelhaugen. Desse inneheld at kulturhuset for Fyllingsdalen skal byggast der. (...) arrangerte pressekonferanse for å selje inn planane sine til media og til utvalde politikarar.  Sydvesten for 11. desember i fjor hadde fleire oppslag om saka. Eg reagerte på leiaren i avisa som i mine auge langt på veg var eit partsinnlegg for (...) sine utbyggingsplanar. Plassering av kulturhus på Spelhaugen er stikk i strid med det som representative organ i Fyllingsdalen har gått inn for. Både Fyllingsdalen Kulturråd og det no nedlagde bydelstyret har einstemmig og tverrpolitisk gått inn for at kulturhuset må byggast i tilknytning til Oasen. Fyllingsdalen har kjempa for eit kulturhus i fleire tiår. I forfjor såg det omsider ut til at ei god løysing var i sikte. Sydvesten for 21. juni 2011 hadde eit stort oppslag om

UTFORDRINGAR FOR VELFERDSSAMFUNN OG DEMOKRATI. (Innleiing i bok?)

Skrive 26.02.2013.    Velferdssamfunna i Vesten er trua frå mange kantar. Ein alvorleg ytre trussel er konkurransen frå mange ”nye” økonomiar som kan produsere varer og tenester mykje billegare enn vi greier sjølve. Det starta for nokre tiår sidan då konfeksjonsindustrien forsvann til Asia. Før var vi likevel stort sett skjerma mot konkurranse frå leverandørar som låg langt borte. To faktorar har endra dette dramatisk dei siste åra. Containerskip og IKT. Med containerskip kan varer transporterast utruleg billeg over lange avstandar. Og med IKT kan mange tenester leverast nærmast gratis frå overalt på kloda. Dermed vert fleire og fleire av våre produkt utkonkurrert av lågkostland, som også har like arbeidssomme og dyktige fagfolk og arbeidarar som oss. Som eit resultat av dette er ein stor del av metallindustrien flagga ut til Asia, og no er bilindustrien og andre bransjar på full fart same vegen. Det er interessant å legge merke til at desse forholda er nærmast fråverande i båd

Bok innhald

Skrive 06.09.2011.    Eg har enno ikkje bestemt meg heilt for strukturane i boka mi - dels pga. kreftsjukdomen, men også fordi erfaringane andre har gjort med å skrive liknande bøker er at strukturane gjerne endrar seg sterkt undervegs (det går for tida interessante program i NRK2 om Jens Bjørneboe og hans forfattarskap - føler eit visst slektskap med han; han utfordra også den "slappe" vanetenkinga  - som i stor grad styrer samfunnet). Eitt er likevel sikkert: Sentralt i boka vil vere at utviklinga i dagens Norge er lite styrt av faktabasert kunnskap. Det er vanetenking, særinteresser, media, statsbyråkratiet, "miljøorganisasjonar" gjerne kombinert med nokre overfladiske nye motar/ismer/ideologiar - og mektig, passiv og "feig" statsforvaltning som "styrer" kursen.  Resultatet blir ei dårleg samfunnsutvikling. Dårleg langs fire viktige dimmensjonar: 1. Sosial skeivfordeling. Dette gjeld både internasjonalt og i Norge. Sterke interessegr

Om min bakgrunn i kraftbransjen (nyaste versjon)

Skrive 02.06.2020.    Etter å ha jobba i kraftbransjen i 45 år, må eg vedgå at eg er frustrert over mange av innlegga i Klassekampen om ACER, nye kraftkablar mm. Kunnskapsmangelen er enorm. Men det er ikkje så rart: Kraftbransjen har vore ein flott bransje - i offentleg eige, men han har svikta på eitt område: Å gå ut i det ofentlege rom og informere politikarar og ålmenta om sentrale og viktige forhold og samanhengar i det fantastiske kraftsystemet vårt - som med rette har vore kalla kalle "blodomløpet i samfunnet."   Norge gjennomførde det "grønne skiftet" med vasskraftutbygging og elektrifisering i perioden 1955 -2010. Mot beinhard motstand frå miljørørsla  og "miljøpartia" Venstre og SV. Vi satsa på elektrisitet og fornybar energi, medan så godt som alle andre industriland brukte fossil brensel og lite elektrisitet.  Derfor er det ille at eit parti som Venstre lenge har fått "ture fram" som fanebærar for "det grønne skiftet" og

Norsk samferdslepolitikk: Tog–bløff som utnyttar bilistane (e)

Skrive 28.01.2019.    Samferdslepolitikken her i landet liknar meir og meir på galskap, både fordelingspolitisk og med omsyn til ressursbruk. Det siste er forslaget om at vegbrukarane skal betale enda meir av togbrukarane sine reiser. Trygve Hegnar seier i Finansavisen 25. juli at forslaget kjem fordi ”bilistene er så dumme og fredsommelige og punger ut uten å kny”. Hegnar seier seg samd i at dette er ”landeveisrøveri”.     Eg trur ikkje norske bilistar er dumme, men som mangeårig medlem av NAF syns eg organisasjonen er ganske tafatt opp mot styresmaktene si mangeårige diskriminering av vegbrukarar. Og det ergrar meg at NAF ikkje synes å vere klar over at det skjer mykje meir kollektivtransport på vegane – med buss - enn på jarnbana, og at dette vil bli tilfelle også i framtida. Norsk samferdslepolitikk er ikkje tufta på faktabasert kunnskap, men bygger på to hovedmyter. Den eine er ein påstand som vart planta av NSB for over 30 år sidan, nemleg at jarnbane er den mest energieffektive

Analyse av miljøverknader (...)

Skrive 1981.    https://vannforeningen.no/wp-content/uploads/2015/06/1981_32018.pdf