UTFORDRINGAR FOR VELFERDSSAMFUNN OG DEMOKRATI. (Innleiing i bok?)

Skrive 26.02.2013.   

Velferdssamfunna i Vesten er trua frå mange kantar. Ein alvorleg ytre trussel er konkurransen frå mange ”nye” økonomiar som kan produsere varer og tenester mykje billegare enn vi greier sjølve. Det starta for nokre tiår sidan då konfeksjonsindustrien forsvann til Asia. Før var vi likevel stort sett skjerma mot konkurranse frå leverandørar som låg langt borte. To faktorar har endra dette dramatisk dei siste åra. Containerskip og IKT. Med containerskip kan varer transporterast utruleg billeg over lange avstandar. Og med IKT kan mange tenester leverast nærmast gratis frå overalt på kloda. Dermed vert fleire og fleire av våre produkt utkonkurrert av lågkostland, som også har like arbeidssomme og dyktige fagfolk og arbeidarar som oss.

Som eit resultat av dette er ein stor del av metallindustrien flagga ut til Asia, og no er bilindustrien og andre bransjar på full fart same vegen. Det er interessant å legge merke til at desse forholda er nærmast fråverande i både offentleg debatt og i økonomiske fagmiljø.

Vi har i Vesten også indre faktorar som truar både velferdssamfunn og demokrati. I Norge er det til dømas slik at nokre sterke særinteresser har sikra seg sjølve særvilkår som gjev dei både større makt og ein større del av samfunnskaka. Dei er blitt ”gjøkungar” som berre skubbar andre interesser til side, dei reduserer verdiskapinga i samfunnet og bidrar til skeivare sosial fordeling. Dette har dei greidd gjennom årevis å teikne eit bilde av seg sjølve som spesielt viktige eller høgverdige. Derved har dei også greidd å skjerme seg mot kritikk frå resten av samfunnet og mot open debatt. Fleire av dei har også sterke fellesinteresser.

Dei ”bransjar” eg spesielt har i tankane er: Finansbransjen. Media. Petroleumsindustrien. Miljøorganisasjonar. Nokre statsmonopol, i første rekke NSB.  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?