Skrive 03.05.2019. Kvifor vil ein beskjeden vestlending på 75 år og med kreftsjukdom skrive debattbok om samfunnsspørsmål? Først og fremst på grunn av eit sterkt samfunnsengasjement, og fordi eg har registrert at i dagens Norge er offentleg debatt og politikk blitt meir og meir einsretta, kunnskapsfattig og kortsiktig. Det gjev dårlege vilkår for god samfunnsutvikling. I samfunnsdebatten er kunnskap eit av dei mest brukte honnørorda. Men dette er ein «liksom-kunnskap». Verkeleg kunnskap vert meir og meir mangelvare både i debatt og politikk. Faktabasert kunnskap basert på naturvitskap er nesten fråverande, og generell kunnskap er blitt sterkt devaluert. Årsakene til dette er mange. Det starta vel då marxist-leninistane herja som verst for nokre tiår sidan og etter kvart fekk stor makt i skuleverk, media, forlag og forvaltning. Ideologi fekk rang framfor vitskap og kunnskap for ein heil ungdomsgenerasjon. Skillet mellom å tru og å vite vart gradvis viska ...
Skrive 30.12.2018. Eg jobbar med eit bokprosjekt. I jobben heldt eg mange foredrag, og på 1970-talet skreiv eg mange artiklar i riksmedia (...). Litt av dette vil gå inn i boka. Dei siste åra har eg også skrive mykje, men måtte ta ei lang pause etter ein kreftoperasjon i 2009. Hadde langvarig og sterk stråling som ga meg mykje smerter frå 2013 (...) Har vore medlem i Arbeidarpartiet, men melde meg ut på grunn av sentraliseringpolitikken deira. Har også vore medlem i to miljøorganisasjonar, men melde meg ut då eg oppdaga at dei begge var meir opptekne av å verne om eiga makt og prestisje enn å verne miljøet. Har også vore medlem i kommunestyret i Gloppen, pluss diverse andre verv i lokalmiljøet. Eg var ganske imponert over lokalpolitikarane, dei aller fleste gjekk inn i politikken av ideelle grunnar. Eg er mindre imponert over rikspolitikarane. Styret i bransjeorganisasjonen likte tydlegvis det eg skreiv i avisene om energi, miljø og økonomi. Eg t...
Skrive 06.12.2016. (...) For om lag to veker sidan sende eg eit debattinnlegg til avisa. Eg argumenterte for å droppe bybane til Fyllingsdalen og satse på gode og raske bussar, slik «heile verda» no gjer. Sidan artikkelen ikkje har stått på trykk, reknar eg med at avisa ikkje vil ha den. Det har avisa sjølvsagt rett til. Når eg skriv no er det (...) for å seie litt om kvifor eg syns det er leitt at avisa ser ut til å reagere negativt på kritikk av AP-byrådet I Bergen, og litt forsiktig kritikk av AP og av avisa. (...) Saka er dessverre at i det norske samfunn i dag er det svært avgrensa ytringsfridom for den som ikkje er kjendis, leiar i ein organisasjon, politikar eller har kjenningar i ein redaksjon (...). Maktkritikk er blitt mangelvare. «Gravejournalistar» vert oppsagte over heile landet og dei sosiale skilnadane aukar, utan at årsakene til dette vert nok analysert. Meiningssensur er heller ikkje ukjent. Eg har (...) fått opplyst at (...)-avisene ikkj...