Bok innhald

Skrive 06.09.2011.   

Eg har enno ikkje bestemt meg heilt for strukturane i boka mi - dels pga. kreftsjukdomen, men også fordi erfaringane andre har gjort med å skrive liknande bøker er at strukturane gjerne endrar seg sterkt undervegs (det går for tida interessante program i NRK2 om Jens Bjørneboe og hans forfattarskap - føler eit visst slektskap med han; han utfordra også den "slappe" vanetenkinga  - som i stor grad styrer samfunnet).

Eitt er likevel sikkert: Sentralt i boka vil vere at utviklinga i dagens Norge er lite styrt av faktabasert kunnskap. Det er vanetenking, særinteresser, media, statsbyråkratiet, "miljøorganisasjonar" gjerne kombinert med nokre overfladiske nye motar/ismer/ideologiar - og mektig, passiv og "feig" statsforvaltning som "styrer" kursen. 

Resultatet blir ei dårleg samfunnsutvikling. Dårleg langs fire viktige dimmensjonar:

1. Sosial skeivfordeling. Dette gjeld både internasjonalt og i Norge. Sterke interessegrupper vinn fram og dei svake/fattige blir meir og meir taparar i dagens system. Eksempel i Norge: ungdomar med psykiske problem, barnevernsbarn, distirkts-Norge.

2. Redusert verdiskaping. Særinteresser - i kompaniskap med kunnskapslause journalistar og "miljøorganisasjonar" får tilslutning til samfunnøkonomisk sett spinndyre tiltak, som for eksempel "ny fornybar kraftproduksjon", fjernvarme og "lyntog" på bekostning av energieffektivisering. Dei dyre og sterkt subsidierte tiltaka kjem forbausande ofte Oslofjord-området til gode, kfr. pkt 1.

3. Lite effektiv ressursbruk - dvs. dårleg miljøresultat.

Eg er overtydd at den aller største utfordringa vi står framfor både i Norge og globalt er meir effektivt ressursbruk. Det må til for at vi skal makte å gje alle eit godt liv gjennom å få dekka sine grunnleggande behov for reint drikkevatn, nok mat og nok energi. (...) Då held det ikkje å styre ressurbruken ut frå tanketomme fraser og symbolpolitikk. Analyser basert på faktabasert kunnskap må til. Her har spesielt statsforvaltninga eit stort ansvar  - som dei i dag stort sett spring vekk frå. Det gjeld både NVE og Vegvesenet. 

4. Lite demokratisk.  

Det mest opprørande er at folk flest ikkje får informasjon om for eksempel kor sterkt nokre interessegrupper og aktivitetar vert subsidierte av staten og andre vert straffa av særavgifter. Dermed sviktar også demokratiet på eit heilt fundamentalt punkt: Vi får ikkje vite at på kva for nokre områder vi betalar for mykje eller for lite av off. tenester. Til dømes. Kor mykje vert passajerar på vanleg jernbane og flytoget subsidiert i forhold til passasjerar på ekspressbussar. Eg har reist mykje med desse transportformene. Dei som reiser med buss er først og fremst ungdommar, pensjonistar og innvandrarar, mens det generelt sett er langt meir velståande grupper som er jernbanepassasjerar - spesielt på flytoget!

På kraftsektoren - som eg kjenner godt - er subsidieringa av "dei rike" og økonomisk straff av "dei fattige" gjennom særavgifter enno verre enn på transportsektoren.

Når vi ikkje veit,  kan vi heller ikkje bruke stemmeretten til å stemme for ei utvikling vi ønskjer. Dette er kanskje den alvorlegaste mangelen ved dagens system. Etter mi vurdeing er det først og fremst statsforvaltninga - i "vårt" tilfelle Statens Vegvesen og NVE som sviktar si oplysningsplikt.

Dette vil som sagt vere det eg vil prøve å få fram i boka, både gjennom analyse og konkrete eksempel som eg har fanga opp gjennom eit innhaldsrikt liv, der eg har fått høve til å delta i utordrande posisjonar både lokalt, regionalt og internasjonlat. Eg har ikkje bestemt meg for om eg vil bruke transportsektoren og den mytebaserte jernbanesatsinga som eksempel, men utviklinga ser ut til å gjere det til ei aktull problemstilling.

(...) Etter mi vurdering manglar landet dei mest grunnleggande faktabaserte analyser som skal gje grunnlag for dei overordna strategival for utbygging av mest ressurseffektive og miljøvenlege infrastruktur for person- og godstransport i Norge. For eksempel spørsmålet om veg eller jernbane er best for persontransport i Norge. (...) Det er alvorleg at dette ikkje har vore gjort tidlegare, men det vil etter mi meining vere ei svært alvorleg forsømingom om vegvesenet ikkje tar fatt på dette i den nye NTP. (Jfr. mine fire dimmensjonar ovanfor). Har forstått (...) at det vil vere fullt mogleg å dette fram i grunnlagsarbeidet. Det må gjerast! Myten om jernabana sine miljøfortrinn har styrt norsk samferdelepolitikk lenge nok!


 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?