Eliten mot folket. Skal vi la kunnskapsfattige «moralske fyrtårn» styre landet? (Eldre versjon)

Skrive 04.12.2015.   

Har vi fått ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite i rikspolitikken, ein elite som ikkje har peiling på den barske røyndomen «der ute», spurde Andreas Skartveit i BT. Han har ikkje fått svar.

For få år sidan konstaterte politisk redaktør i Aftenposten at vi ikkje har nokon debatt om dei store spørsmåla her i landet, «berre litt mumling». Han hadde rett. Mønsteret er blitt slik: dei store sakene i samfunnet vert «løfta ut av politikken» og avgjort av ein sjølvbestalta «elite» i Oslo, i det skjulte og utan demokratisk debatt i det offentlege rom. Eksempel:  Skal vi forsvare oss på heimebane eller skal vi krige på bortebane  i Libya og Afganistan? Skal vi satse på det mest effektive transportsystemet for landet, eller skal vi bygge eit ineffektivt subsidiesluk rundt Oslo? Slike og fleire andre store spørsmål vert halde unna open debatt.

Dette er ein sørgjelege tilstand for demokratiet vårt. Men det vert ikkje debattert. Derimot har vi igjen fått tilstanden bekrefta av stillheita som har rådd etter ein uvanleg sterk, god  og viktig kronikk i BT 29. juli i år, skriven av skribent og tidlegare forlagssjef Andreas Skartveit.

Med bakgrunn i den aukande flyktningstraumen til Europa skreiv Skartveit om konflikten mellom rikspolitikarane, «dei moralske fyrtårna», og dei som er lokalpolitikarar og skal utføre den vanskelege jobben. Han peika på at debatten skjer i riksmedia, der rikspolitikarane får dominere, utan omsyn til ein gjenstridig røyndom. Det blir ein debatt om varme hjarte, humanitet  og godvilje. Ein fiktiv og usann debatt.

Skartveit går vidare, med døme frå andre samfunnsområde. Han peika på at før 22. juli 2011 var vi i media nesten dagleg fora med sjølvskryt av politi- og justisleiinga der inne i Oslo, om kor godt det stod til, og om kor mykje godt arbeid som vart gjort. Så kom prøva. Og eliten der inne, direktorat og departement strauk. Var det fordi dei ikkje visste korleis det var der ute, og  fordi dei berre var opptekne av sitt: styringsdokument og politikk?

Skartveit spør til slutt: «Har vi fått eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?».

I eit ope og levande demokrati ville slike sentrale spørsmål reist debatt. Spesielt når spørsmåla kjem frå ein kunnskapsrik, kjend og respektert mann i norsk samfunnsliv i mange tiår. Men det skjer ikkje. Ingen av dei «moralske fyrtårna» frå den politiske eliten  har kommentert spørsmåla. Og media, med NRK, i spissen har så vidt eg har sett late dei sleppe unna med det.

Skartveit har dessverre rett i analysane og spørsmåla sine. Vi har fått ein politisk elite som har hovedfokus på eigne posisjonar i det politiske spelet. Dei har lite praktisk erfaring og er derfor ganske kunnskapsfattige om røyndomen der ute. Dei slær om seg med tilslørande fraser, og synes å vere mest opptekne av pengar til eigne symbolsaker.  

Men situasjonen  i vårt oljedopa samfunn er verre enn som så. Det er ikkje berre rikspolitikarane som sit der inne og meler si eiga kake. Same ukultur finn vi no i ein veksande og sjølvbestalta «elite» av andre aktørar i og rundt den allmektige staten. Dei er mange, har stort sett hovedsete i Oslo, og har ei felles interesse og formål: å syte for sjølve og ha størst mogleg sugerør ned i den store statskassa. Det minner om korrupsjon.

Ein av desse aktørane er statsbyråkratiet, som veks enormt. I BT for 3/11 går det fram at ved siste årsskiftet var 161.000 personar tilsette i departement, direktorat eller statleg etat, og at talet aukar enno meir under den nye regjeringa enn under den forrige.

Verre enn veksten i antal byråkratar, er ein veksande ukultur også i statsbyråkratiet. Vi  hadde lenge byråkratar som var både dyktige, samvitsfulle og effektive. Dei ga politikarane råd om kva som på sakleg grunnlag var dei beste løysingar for folk og land. Og dei jobbe effektivt. Eg har sjølv hatt gleda av å møte fleire av dei. Men i dei siste 20-30 åra har vi fått ei utvikling bort frå desse haldningane og verdiane. 

Tidlegare i år kom ei avslørande bok om dagens indre liv i eit departement. Boka heiter «Departementet», skriven av Eivind Tesaker som har hatt mange sentrale stillingar i kulturdepartementet. Han skriv om eit departement som får stadig fleire tilsette, produserer færre saker, men brukar meir og meir tid og ressursar på seg sjølve og sine interne prosessar. Boka er skræmande lesing for alle som er opptekne av demokrati og effektiv ressursbruk.

Heller ikkje desse avsløringane vekte nemnande debatt. Men i BT for 16/10 kjem kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik med interessante avsløringar om ukulturen i kulturlivet i Bodø og Bergen. Om makt på avvegar og om korrupsjonsliknande kameraderi. Og om at det i eit slikt klima kan koste dyrt å gå ut med kritikk. Nettopp redsla for motførestillingar og intern kritikk er eit sentralt punkt i Tesaker sin kritikk av ukulturen i kulturdepartementet.

Det er ikkje grunn til å tru at situasjonen er betre i andre departement. Hos nokre er det verre. Dei  driv med feilinformasjon til dei politikarane og det samfunnet dei er sette til å tene. Verst er det i samferdsledepartementet og i dei underliggande etatane NSB og Jernbaneverket. Desse to etatane har tilsaman om lag 11 000 tilsette. Dei har i årevis fortalt media og politikarar om kor viktig, effektiv og miljøvenleg jarnbanetransporten i NSB er. Og at NSB går med overskot. Alt dette  er usant, mykje meir usant enn politiet sitt sjølvskryt før 11. juli.

Sanninga er at NSB har berre om lag ein prosent av alle personreiser i Norge,  altså nesten ingenting! 95 prosent av personreisene skjer på vegane våre, som derfor er vårt suverent største fellesgode innan transport. Jarnbana derimot er ikkje eit fellesgode: 80 prosent av alle jarnbanereiser skjer i Oslofjordområdet. Men vår politiske «elite» - og mange media, spesielt NRK – trur at jarnbana er ryggrada i transportsystemet i Norge! Samferdsledebatten- og politikken byggjer på denne myten. Staten har pøst inn hundrevis av milliardar kroner i subsidier til dette tapssluket. Her ligg hovedgrunnen til at vårt rike land har Vest-Europas dårlegaste vegstandard.  

NSB-transporten er minimal. Verre er det at jarnbanetransport er så kostbar. Fagfolk har dokumentert at persontransport på jarnbane er 10-20 gonger så dyr som kollektivtransport på veg. Og at transport med ekspressbussar i tillegg er mykje meir energieffektiv og miljøvenleg enn jarnbane. Dette skuldast at tog er tungt, stivt og ekstremt dyrt. Denne dokumentasjonen er offentleggjort i fleire seriøse tidsskrift og i store aviser, og er sendt til departement, statsrådar og andre og politikarar. Men desse sit musestille og håpar at bløffen ikkje skal bli oppdaga av folket. Ekspressbussar er distrikta sine «tog». Men staten diskriminerer dei: dei er ikkje eingong nemnt  den såkalla Nasjonal Transportplan (NTP), og dei får ikkje statssubsidier.

Innan norsk jarnbane betaler brukarande berre ein liten brøkdel av kostnadane. Nesten alt vert betalt av staten, det vil seie av oss alle. Vi gjev årleg jarnbana om lag 20 milliardar kroner i subsidier til sin miniproduksjon! Det skjer ei grotesk ressurssløsing og forfordeling til fordel for den rike Oslo-regionen, og eliten der inne. Ingenting av dette vert opplyst i NTP eller i NRK og andre riksmedia. Det skjer i det skjulte. Det minner om politisk korrupsjon.

Grunngjevinga for jarnbanesatsinga er at den er miljø- og klimavenleg. Dette er rein bløff. Når vi skal rekne på om togtransport er effektiv og miljøvenleg, må vi sjølvsagt ta med kostnadane i heile produksjonsprosessen slik det vert gjort på alle andre samfunnsområder. Det gjer ikkje NSB og departementet. Dei juksar og tek berre med den brøkdelen som går med til å drive fram toget på skinnene. Storparten av kostnadane – om lag 70 % - ligg i produksjon og vedlikehald av skinner og tog. Dette vert lurt unna.

Det er meir enn underleg at heile Stortinget og riksmedia er så kunnskapsfattige at dei ikkje reagerer på den ineffektive, usosiale og korrupsjonsliknande ukulturen i samferdslepolitikken. Som er eit alvorleg problem både for demokrati, samfunnsmoral, arbeidsmoral og for næringsliv og folk flest.

Kultur og haldningar sa Gjørv-kommisjonen. Eg trur vi treng ei storopprydding – ikkje berre i politiet, men i heile maktsystemet i og rundt Oslo-staten. Vi treng på nytt å få inn ein kultur som set samfunnet sine behov først. Og vi treng ein politikk som byggjer på faktabasert kunnskap og faktabaserte analyser i staden for dei moteriktige frasene som dei kunnskapsfattige «moralske fyrtårna» slær om seg med overalt der inne: i Storting, regjering, departement, direktorat, organisasjonar og media med NRK i spissen. 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?