Strilane betaler bybana (eldre versjon)

Skrive 18.03.2014.   

Oslo skor seg på kostnad av resten av landet. I ein viss grad skjer det same i Bergen. Det er strilane og folk i utkantane  av Bergen som betaler mesteparten av bybana.

Vi har fått ein enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Den politiske, økonomiske og byråkratiske makta er samla der. I tillegg kjem alle slags organisasjonar og riksmedia. Alle desse maktorgana ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet». Alle har felles interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve.

Eit demokratisk problem. Det er eit demokratiske problem at Oslo-makta syter for at nokre, spesielt byfolk, i det skjulte får store indirekte subsidier. Medan andre, spesielt folk i distrikta, vert pålagde skjulte skattar og avgifter. Det er her dei store pengane ligg, fordi det skjer på mange områder og tenester. Gjennom skattefrådraget for rentene til bustadlån gjev for eksempel staten enorme subsidier til dei dyre bustandane i byane. Dei fleste byfolk har tent fleire hundretusen kroner på dette dei siste 10–15 åra.

Eg vil også peike på energisektoren og samferdslesektoren som eg kjenner særskilt til.

På energisektoren skjer det på mange måtar, eg nemner her berre to: særbehandlinga av elektrisitet og fjernvarme. Elektrisitet er ei flott energiform, og spesielt viktig for distrikta. Til lys, varme og elektrisk utstyr i alle heimar og arbeidsplassar. Men miljøstyresmaktene likar ikkje elektrisitet her. For det første legg dei ei avgift på alt elforbruk, elektrisitetsavgifta. Dette er ein usosial statsskatt som stadig stig. I år vil den koste oss 8 milliardar kroner. Fordelt på alle nordmenn vert det om lag 1500 kroner på kvar. Men avgifta rammar spesielt dei som bur i einebustad og brukar elvarme, slik nesten alle i distrikta gjer. Litt spissformulert kan vi seie at elavgifta er ein skatt for å bu i distrikt og i einebustad.

For byane er det motsett, her brukar mange fjernvarme. Staten har gjeve store tilskot for å få fjernvarmesystema på plass. I tillegg er det no blitt tilnærma ulovleg å bruke elvarme i store nybygg. Grunngjevinga er at elektrisiteten slepp ut mykje CO2. Men når byfolk skal ha elektriske bybaner, tog og bilar er den same elektrisiteten blitt så miljøvennleg at dei til og med skal sleppe elavgifta! Dette liknar på korrupsjon: Næringsinteresser, mektige byinteresser og miljøorganisasjonar samarbeider for å oppnå eigne fordelar. 

Verst innan samferdsle. På samferdslesektoren er subsidiering av byane og særavgifter for distrikta enno verre. Jarnbana, som har 80 % av transporten sin i Oslofjord-området, får årleg 17,5 milliardar kroner i statssubsidiar. Kvar einaste nordmann betaler 3500 kroner årleg til dette.

Nokre politikarar påstår at distrikta stiller urimelege krav om infrastruktur. Men dei som verkeleg er kravstore er ordførarar og organisasjonar i Oslo-området. Dei krev at staten skal bygge og betale fullt ut eit totalt ulønsamt prosjekt for raske tog i området sitt (InterCity). Vi andre skal igjen betale, truleg vert det minst 15 milliardar kroner årleg. Det vert nye 3500 kroner for kvar nordmann. Analyser viser at eit opplegg med gode ekspressbussar ville koste berre ein brøkdel av dette og ha mykje lågare energiforbruk og miljøkostnader per passasjer. Men Oslo-makta meiner som vanleg at dei «berre må ha» tog. Buss vert for simpelt, til og med dei nye «superbussane» som no fleire og fleire storbyar rundt om i verda satsar på.

Distrikta har vegar, mest dårlege vegar. Vegbrukarane får ingen ting av staten. Tvert imot, staten ser på vegar som eit skatteobjekt. Årleg betaler vegbrukarane over 25 milliardar kroner meir inn til staten enn det staten pluss fylka brukar til investering og vedlikehald på riks- og fylkesvegar. For kvar nordmann vert dette ein ekstraskatt på 5000 kroner. Staten skuldar såleis vegbrukarane enorme beløp. På den bakgrunn er det uforståeleg at staten krev at vegbrukarane i tillegg skal betale høge bompengar for vegane dei allereie har betalt mange gonger gjennom avgiftene på bil og drivstoff.

Politikken er svært skeiv og usosial med omsyn til brukarbetaling. Vegbrukarane betalar om lag 200 prosent av sjølvkost, medan togbrukarane betalar berre 25 prosent av kostnadane. Med InterCity vert det enno skeivare.

Kva med media som skal passe på makta?  Situasjonen er at dei såkalla riksmedia er blitt ein viktig del av Oslo-makta. I NRK får direktørane i dei andre statsdirektorata føre fram dei same frasene om behovet for sentralisering for å få nok «robust kompetanse» og stordriftsfordelar. Utan eit einaste motspørsmål. Både forsking og erfaring viser at på dei fleste områder i samfunnet er det meir stordriftsulemper enn stordriftsfordelar.

Kvar er politikarane? Det er påfallande at politikarane frå Vestlandet er heilt tause om den distriktsfiendtlege politikken eg her har peika på. Kvifor er det slik? Det er to mulege forklaringar. Anten er dei uvitande om desse forholda, eller så er dei er så opptekne av å gjere karriere at dei heller sviktar veljarane sine enn å kome på kollisjonskurs med Oslo-makta. 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?