Fyllingsdalen kulturhus - Skal ein eigedomsinvestor få bestemme?

Skrive 04.01.2013.    

Siste utspel i ørkenvandringa fram til kulturhus i Fyllingsdalen kom 8. november 2012. Då presenterte (...) planer for utbygging av (...) eigedommen hans på Spelhaugen. Desse inneheld at kulturhuset for Fyllingsdalen skal byggast der. (...) arrangerte pressekonferanse for å selje inn planane sine til media og til utvalde politikarar. 

Sydvesten for 11. desember i fjor hadde fleire oppslag om saka. Eg reagerte på leiaren i avisa som i mine auge langt på veg var eit partsinnlegg for (...) sine utbyggingsplanar. Plassering av kulturhus på Spelhaugen er stikk i strid med det som representative organ i Fyllingsdalen har gått inn for. Både Fyllingsdalen Kulturråd og det no nedlagde bydelstyret har einstemmig og tverrpolitisk gått inn for at kulturhuset må byggast i tilknytning til Oasen.

Fyllingsdalen har kjempa for eit kulturhus i fleire tiår. I forfjor såg det omsider ut til at ei god løysing var i sikte. Sydvesten for 21. juni 2011 hadde eit stort oppslag om saka under tittelen ”Vi har en kulturhus-løsning”. Løysinga som det vert vist til er å bygge kulturhus som ein del av utviding av Oasen. Kulturbyråd Harald Victor Hove var svært optimistisk og rekna med at bystyret ville kunne behandle saka på møtet sitt i september i 2011.

Men så kom nye kjelkar i vegen. I november bestemte byrådet seg for å legge kulturhuset ut på anbod. Den nye kulturbyråden, Gunnar Bakke, grunngav i BT.no 6. desember 2011 snuoperasjonen med at ”(...) har gjort en henvendelse til kommunen og pekt på at det i sin tid forelå en muntlig avtale om å vurdere Spelhaugen som alternativ plassering for kulturhuset”. Eg skulle likt å vite når denne ”muntlige avtale” vart inngått og av kven.

Det er fleire grunnar til at eg engasjerer meg i saka. For det første har eg, etter 10 år i Fyllingsdalen, lært meg å sette stor pris på Oasen, ikkje minst er eg flittig brukar av biblioteket der. For eit par år sidan gjekk det rykter om at biblioteket kanskje skulle flytte til Spelhaugen. Alle mislikte det sterkt (...). 

Oasen er ikkje berre eit kjøpesenter, men har mange andre servicetilbod samla på ein stad. Samlokalisering med kulturhus ville gjere Oasen til eit enno meir fullverdig bydelsenter. I tilleg til praktiske fordelar og spart tid vil dette også gje store miljøvinstar i form av redusert behov for bilkøyring. På ettermiddag og kveldstid vil kulturhuset kunne gjere seg nytte av ledige parkeringsplassar.

For det andre syns eg det er underleg og urettferdig at det skal ta så lang tid før ein såpass stor bydel får eit kulturhus.

For det tredje kjøper eg ikkje utan vidare (...). Til det har eg gjennom mine 45 år i yrkeslivet vore borti for mange tvilsame prosjekt som har vore sminka med mykje av dei same skryteorda som (...) har brukt i sin salskampanje til politikarane: ”miljøfyrtårn”, ”spektakulær arkitektur”, CO2-fri, osv.   

(...) er interessert i å få avkastning på investeringa si. Det må han ha lov til. Og han vil vere interessert i at det offentlege investerer i infrastruktur og kulturhus som aukar verdien på eigedomen hans og på eiga avkastning. Men han bør ikkje oppnå dette på kostnad av innbyggarane i Fyllingsdalen.

Sydvesten skriv at politikarane må ha ”et åpent blikk” og at ”politikernes ansvar er å tenke helhetlig”. Meiner avisa at eit einstemmig bydelstyre og kulturråd tenker mindre ”helhetlig” enn (...)? Leiaren sluttar med å peike på at ”det er langt mer enn bare det fremtidige kollektivtilbudet som må få bestemme” plasseringa av kulturhuset. Så vidt eg har registrert er det ingen som meiner noko anna, i alle fall ikkje Fyllingsdalen Kulturråd. I Sydvesten for 28. desember i fjor kunne vi lese kulturrådet sine argument for kvifor dei vil ha kulturhuset ved Oasen. Argumenta likna til forveksling på sunn fornuft.

Politikarane i Bergen som skal avgjere saka treng ikkje berre ”et åpent blikk”. Slik saka har utvikla seg vil dei først og fremst trenge integritet og sunn vurderingsevne.


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?