Sanselaus sentralisering

Skrive 07.10.2015.   

«Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo», skreiv Erling Gjelsvik i BA nyleg. Det er ein ganske presis observasjon. 

Det har lenge gått ei sentraliseringsbølgje over landet. Det er blitt eit dogme i statsadministrasjonen at alle utfordringar skal møtast med samanslåing og sentralisering til Oslo. Argumentet er heile tida stordriftsfordelar og «robust kompetanse».

I det siste har det skote ny fart. Sist ute er politidirektøren som vil ha sterk sentralisering av sin etat. Det som slær meg når eg høyrer på han, er den eindimensjonale betraktningsmåten. Det er sett berre ut frå eigen ståstad: betre oversyn og meir makt til seg sjølv. Folket som han skal tene der ute er liksom ikkje med. Nærpoliti er eit framandord.

Dogmer og vanetenking. Ser vi konkret på påstandane om stordriftsfordelar, viser det seg at dei oftast berre er vanetenking og gamle dogmer. I praksis er stordriftsulemper eit meir vanleg problem, slik vi til dømes har sett i OUS. Der var ideen at ved å slå saman dei fire store sjukehusa i Oslo til eitt, ville det gje mykje betre effektivitet. Budsjett og bemanning vart basert på dette. Det måtte gå som det gjekk: kaos i den nye organisasjonen og katastrofale resultat for pasientar.

Også forsking viser at det ikkje er slik at stor alltid er best, snarare tvert i mot. Fleire granskingar over gjennomførte fusjonar i næringslivet i Europa viser at så godt som alle hadde betre økonomiske resultat før fusjonen enn etterpå. Stordriftsfordelane var ikkje å finne!

Erfaringar tilseier at det normalt er heilt andre faktorar enn storleik som er avgjerande for å skape gode resultat: haldningar, innsatsvilje, ansvar, engasjement og kunnskap. Desse faktorane kan utviklast minst like godt i ein liten som i ein stror organisasjon

Folk kan få til store ting. Nyleg kom det ut ei ny bok om tungtvannsaksjonen på Rjukan for over 70 år sidan. Den tyske øvstkommanderande kalla dette «det beste kuppet han noensinne hadde sett». Kom dette som resultat av «stordriftsfordeler og robust kompetanse»? Nei, snarare tvert i mot. Den 22 år gamle Joacim Rønneberg frå Ålesund fekk oppdraget, plukka ut ei lita gruppe unge menn som med enormt mot og tungt slit lukkast med den «umulege» oppgåva.

Kvifor vart det ein slik suksess? Truleg fordi Rønneberg og folka hans fekk og tok eit enormt ansvar, og fordi dei var ekstremt motiverte. Det vi kan lære av dette er at folk kan få til store ting. Utan å vere kontrollert, detaljstyrt eller plassert som små brikker i eit stort system. I eit samfunn og i ein stat der blind tru på stordriftsfordelar, kontroll og standardisering snart gjennomsyrar alt, er det på tide å stogge opp og tenke over dette: At det som verkeleg tel til slutt, først og fremst er avhengig av dei som er nær situasjonen: læraren i klasserommet, sjukepleiaren på sjukeheimen, kirurgen på operasjonssalen.

I iveren etter store organisasjonar og kontroll har vi flytta makta til ein sentralorganisasjon i Oslo, altfor langt borte frå dei som skal yte og dei som skal bruke tenestane.

Korrumperande kultur. Oslo-sentraliseringa er styrt politikk, ønskt av Oslo-makta og sterkt subsidiert av staten. Mest pengar går til å subsidiere pendling til Oslo, men også til det store statsbyråkratiet og til kulturtiltak m.m. Det er mange forhold som har gjort denne politikken muleg. Viktigast er at vi har fått ein meir og meir allmektig stat. I tillegg til sterk politisk sentralstyring har vi noko som ingen andre demokrati har: ein steinrik stat. Denne kombinasjonen gjev enorm maktkonsentrasjon til «Oslo–staten».

Makt korrumperer. Og vi ser mange teikn på at det veks fram ein korrumperande kultur med tilsløring og desinformasjon frå arrogante maktorgan, samt kameraderi og gjensidige ytingar mellom ein elite i statsforvaltning, politikk, organisasjonar og næringsliv. Og dei såkalla riksmedia i Oslo støttar villeg opp. Alle desse har felles interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve. 

I dette ”Det nye Norge” er det viktigare å framstå som god enn å vere god. Meir viktig å vere ”innovativ” enn påliteleg. Meir viktig å vere synleg på TV og bygge karriere og makt enn å gjere gangs arbeid. Meir viktig å snakke om å vise økonomisk ansvar enn å handle i samsvar med dette. Denne ukulturen smittar også til resten av landet. Kulturen i «Det nye Norge» vil utarme landet og skape større skilnader. Kontrasten til Rønneberg og hans menn kunne ikkje vore større! 

 

 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?