Fylkessamanslåing og strid om kraftverdiar

Skrive 03.12.2018.   

I samanslåingsprosessen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er det blitt strid om dei kraftmilliardar som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig.  Fylkesrådmannen har tilrådd at dei vert overført til kommunane. Dette har skapt tildes sterke reaksjonar i Hordaland. Terje Søviknes seier til BT at han opplever dette som «en fiendtlig handling» som vil «sette spor etter seg i mange år».

Saka er også diskutert offentleg i Sogn og Fjordane. Det som undrar meg er at det ser ut til at politikarane i begge fylka er uvitande om at eigarskapen til den verdifulle vasskrafta vår er heilt ulik i dei to fylka. Kortversjonen er at i Sogn og Fjordane eig fylkeskommunen ein god del av kraftproduksjonen og kommunane lite. I Hordaland er det omvendt; her er kommunane gjennom interkommunale selskap kommunane, dei store eigarane. Så her kjem kraftverdiane og inntektene allereie kommunane til gode. Etter mitt syn kan det derfor ikkje vere fiendtleg handling at «fjogningane» prøver å få til det same.

Desse to fylka har om lag like store kraftressursar, og i begge fylka er mesteparten bygt ut. I Sogn og Fjordane er det i all hovudsak eksterne eigarar; staten, industrien, Oslo og Østfold. Så vidt eg minnes eig kommunar og fylkeskommunen tilsaman 15-20 prosent. Fylkeskommunen hadde også kjøpt fallrettane i vassdraga Gaular, Naustal og Gjengedal. Dette ville gjeve monaleg tilskot til lokal kraftproduksjon. Men desse vassdraga vart verna. Derfor har eg stor forståing for at politikarane i heimfylket kjempar for dei kraftverdiane dei har.

I Hordaland meiner eg at lokale eigarskap er større, og bra er det.

I dag vert dei største verdiane av vasskrafta henta ut av staten. Mest i form  av eigarskap til kraftverka, men også i form av den meiningslause elavgifta og av grunnrenteskatten.

Grunnrenteskatten er ein fornuftig skatt, men den burde heller gått til produksjonsdistrikta enn til den steinrike staten. Å kjempe for slik endring kunne vere ei god oppgåve for den nye fylkeskommunen, saman med andre distriktsfylke.

Sjølv har eg interessert meg for dette spørsmålet heilt sidan eg for eit par tiår sidan var med i det statsoppnemnde utvalet som skulle kome med framlegg om nytt skattesystem for kraftverk. I utvalet var vi samde om at grunnrenteskatt burde innførast. Sjølv argumenterte eg for at denne skatten burde gå til produksjonsregionane, og dei fleste i utvalet hadde sympati for dette. Men dei statlege representantane, som var i fleirtal, kunne naturlegvis ikkje gå inn for det. Eg vart fortald at ved handsaming i Stortinget var det i komiteen fleirtal for grunnrenteskatt til regionane, men at SP i siste liten hoppa av. 

Heller enn intern krangel håpar eg at det nye fylket kan verte ei samlande kraft for å slåst for meir rettferdig fordeling av både kraftverdiar og samferdslemidlar. Det er svært gode argument for begge delar.

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?