Om min bakgrunn i kraftbransjen (nyaste versjon)

Skrive 02.06.2020.   

Etter å ha jobba i kraftbransjen i 45 år, må eg vedgå at eg er frustrert over mange av innlegga i Klassekampen om ACER, nye kraftkablar mm. Kunnskapsmangelen er enorm. Men det er ikkje så rart: Kraftbransjen har vore ein flott bransje - i offentleg eige, men han har svikta på eitt område: Å gå ut i det ofentlege rom og informere politikarar og ålmenta om sentrale og viktige forhold og samanhengar i det fantastiske kraftsystemet vårt - som med rette har vore kalla kalle "blodomløpet i samfunnet."  

Norge gjennomførde det "grønne skiftet" med vasskraftutbygging og elektrifisering i perioden 1955 -2010. Mot beinhard motstand frå miljørørsla og "miljøpartia" Venstre og SV. Vi satsa på elektrisitet og fornybar energi, medan så godt som alle andre industriland brukte fossil brensel og lite elektrisitet. 

Derfor er det ille at eit parti som Venstre lenge har fått "ture fram" som fanebærar for "det grønne skiftet" og andre illusjonar.  

Kraftbransjen hadde i alle år monopol på kraftproduksjon og krafttransport, men stort sett også på kunnskap om kraftsystemet vårt og korleis det fungerer. Men denne kunnskapen held bransjen stort sett for seg sjølv; nøydde seg med å sende dei nødvendige søknader om konsesjonar for nye kraftverk og kraftlinjer - gjennom dei offisielle kanalar, og kun det.

I alle år kjempa eg internt i bransjen for at vi hadde plikt til - eit samfunnsansvar for - å gå ut i det offentlege rom og fortelje og forklare korleis ting hang saman, og kvifor det og det var nødvendig. Den kampen tapte eg, og "opplysningsarbeidet" vart tatt av meir eller mindre rabiate motstandarar av vasskraft og elektrisitet, med partiet Venstre og Norges Naturvernforbund i spissen. 

Dessverre har dette gitt oss ein kunnskapsfattig og einsretta kraftdebatt i landet. 

Litt om min bakgrunn for å skrive om dette: 

I ein freistnad på å bøte litt på bransjen si info-forsøming, skreiv eg i perioden 1970- 1980, på fritida, mykje i avisene om kraft og miljø. Fleire likte det eg skreiv, også styret i bransjeorganisasjonen. Eg trur at det var derfor at eg, som kom frå eit av våre minste kraftselskap (SFK/SFE), vart bedt om å ta over fleire sentrale faglege posisjonar i bransjen. Mellom anna var eg i fem år på 1990-talet norsk representant i ei ekspertgruppe for fornybar energi i den europeiske kraftbransjen (UNIPEDE). Eg vart også bransjens representant i styret for den kraftbørsen som vart oppretta då vi fekk ny energilov i 1990 - og som det første landet i verda - fekk vi såkalla marknadsbasert kraftomsetning (med ein statsråd frå SP!) Så godt som alle i bransjen var imot det "påfunnet". 

Alt dette, i tillegg til sterk interesse for miljøvern og økonomi, gjorde at eg etter kvart fekk kunnskap på eit breitt felt innan "triangelet" Energi - Økonomi - Miljø. Eg har også vore medlem i to miljøorganisasjonar, og deltatt i lokalpolitikk og frivillig arbeid. Jobbar no med eit bokprosjekt, og høyrer til på venstresida i politikken. 

Eg har alltid vore sterk tilhengar av vasskraft og elektrisitet. Fordi vasskrafta er fornybar og gjev billeg energi, og fordi elektrisiteten er så effektiv og brukarvenleg. I den ekspertgruppa i den europeiske kraftbransjen som eg var medlem av, var det ikkje tvil om at vasskraft er den mest miljøvenlege av dei fornybare energikjeldene. Eg opplevde det derfor som eit stort paradoks at miljørørsla – og «miljøpartia» Venstre og seinare SV - heilt frå 1960 til år 2000 var sterke motstandarar av vasskraft og elektrisitet. I denne perioden skreiv eg mange avisartiklar og heldt mange foredrag. Eg var stekt oppteken av miljøvern, ikkje minst av  den forgifting av jord, luft og vatn som hadde gått føre seg i mange tiår, men som vart heilt neglisjert av miljørørsla. Eg var også stekt oppteken av at verda brukte opp både natur og livsviktige ressursar som reint ferskvatn og olje og gass. Heller ikkje dette var miljørørsla opptekne av. I 50 år vart miljøvern her definert i landet kamp mot vasskraft. Det er nesten ikkje til å tru, men slik var det. Miljørørsla var like einsretta då som no. I dag er det klima som er den store «miljøsaka», og som før vert dei store miljøøydeleggingane med forureining av jord, luft og vatn samt overforbruk av knappe naturressursar lite vektlagt. 

Den nærmast fanatiske einsrettinga av «miljøkampen, har vore til stor skade for naturmiljøet vårt, både før og no. Det er på tide at miljørørsla går i seg sjølv og beklagar gamle synder. Det er nærmast grotesk og ganske frekt når partiet Venstre no liksom skal gå i spissen for «det grønne skiftet». Realiteten er at for Venstre er det ikkje berre eit skifte, men ein fronotkollisjon med eiga fortid! 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?