Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2024

Økonomisk samanbrot for Vesten eller ”berre” ei finanskrise?

Skrive 20.02.2017.    I ein tankevekkande kommentar i Bergens Tidende for 16/11 tek politisk redaktør Sjur Holsen for seg den alvorlege kunnskapskrisa i Noreg, spesielt at vi manglar folk med ”harde praktiske kunnskapar”. I den vestlege verda har vi fått ”en flodbølge av popularitet for myke fag som sosiologi, antropologi og all verdens identitetsstudier”. Holsen avsluttar med: ”Men det spørs hvor lenge vi kan stikke oss bort fra sannheten, som er at hard kunnskap alltid betyr hardt arbeid, og at begge deler faller seg enormt tungt i dagens Noreg.”   Dei siste månader har politikarane snakka enormt mykje om ”finanskrisa” og media har sjølvsagt vore fulle av det same. Både media og politikarane har vore mest opptatte av kva finanskrisa betyr for dei nære ting: rentenivå på bustadlåna, vår eigen velstand og for arbeidsløysa. Men også når det gjeld ”finanskrisa” er det all grunn til spørje om kor lenge vi skal stikke oss bort frå sanninga om kva som er den eigentlege krisa, ...

Oppbygging av boka

Skrive 03.08.2017.    (...) Han skriv også at «et nærmest samstemt kor av samfunnsøkonomer advarte sterkt mot ordningen» med grøne sertifikat. Eg sat relativt sentralt i kraftbransjen og kjempa i fleire år mot den toskeskapen, men kan ikkje minnast at samfunnsøkonomane stod sterkt fram i off. debatt mot ordninga. (...)   Korleis eg bygger opp boka?  (...) Eg tek sikte på at boka vert ein kombinasjon av fag og politikk. (...)  Det er klart at eit hovedtema i boka vert den ressurssløsinga som skjer på grunn av kunnskapslaus energi- og miljøpolitikk.  Men eg har også lyst til å skrive om nokre andre felt som eg har interessert meg sterkt for, og som eg derfor har skaffa  meg kunnskap om; det gjeld både økonomi, samferdsle, skule og mange fleire. Felles for mange av desse er at politikk basert på slagord og klisjear har erstatta kunnskap og innsikt, og å ta vare på makt og prestisje er blitt viktigare enn å levere gode tenester for samfunnet. Dette he...

Om min bakgrunn i kraftbransjen (eldre versjon)

Skrive 05.03.2018.    Etter å ha jobba i kraftbransjen i 45 år, må eg vedgå at eg er frustrert over mange av innlegga i Klassekampen om ACER, nye kraftkablar mm. Kunnskapsmangelen er enorm. Men det er ikkje så rart: Kraftbransjen har vore ein flott bransje - i offentleg eige, men han har svikta på eitt område: Å gå ut i det ofentlege rom og informere politikarar og ålmenta om sentrale og viktige forhold og samanhengar i det fantastiske kraftsystemet vårt - som med rette har vore kalla kalle "blodomløpet i samfunnet."   Norge gjennomførde det "grønne skiftet" med vasskraftutbygging og elektrifisering i perioden 1955 -2010. Mot beinhard motstand frå miljørørsla og "miljøpartia" Venstre og SV. Vi satsa på elektrisitet og fornybar energi, medan så godt som alle andre industriland brukte fossil brensel og lite elektrisitet.  Derfor er det ille at eit parti som Venstre lenge har fått "ture fram" som fanebærar for "det grønne sk...

Det er ikkje alltid slik at størst er best

Skrive 26.01.2019.    Etter mi erfaring finst det minst like mykje avgjerande drivkraft på bygdene som i byane. Kva gjer regjeringa? Svelteforar dei.    I BA 3/12 tar kommunalminister Monica Mæland til motmæle mot det Oddny Milleteig skreiv 28/12: «Det spøkjer for Bygde – Noreg ». Mæland skriv at regjeringa « hver dag jobber for sterke byer og levende distrikter». S anninga er dessverre ei anna. Mæland si oppskrift på eit godt samfunn er å lage større kommunar og fylkeskommunar. Små kommunar er ifølgje henne distrikta si største utfordring. I den verkelege verda er det annleis. Der er distrikta sitt største problem at «Oslo-staten» har nok med seg sjølv. Som kommentator Erling Gjelsvik skreiv i BA for nokre år sidan: « Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo ». Det var, og er, ganske presist sagt! Sanninga er at det er Oslo-området som får alle dei store pengane. Bygdene får knapt nok smular. Det skjer på dei fleste område: kultur, samf...

Kraftutbygging med tap – og historieforfalskinga etterpå

Skrive 23.10.2018.    I Firda Tidend for 9. november har talspersonar for fire interesseorganisasjonar for naturvern, friluftsliv og fugleliv eit «innhogg» under overskrifta Kraftutbygging med tap. Dei skriv om dagens situasjon med stort kraftoverskot og store økonomiske tap i vindkraft- og småkraftbransjen og for dei offentlege eigarane i heile kraftbransjen. Vidare om planane for enno meir ulønsam og unødvendig kraftproduksjon og for fleire kraftlinjer, og om at det er dei vanlege straumbrukarane som må betale rekninga. Så langt er eg stort sett samd i skildringa, men når forfattarane går over til omtale av kva og kven som er skuld i at vi er hamna i denne galskapen, blir det sterkt misvisande. Dei nemner nemleg ikkje at det er miljøorganisasjonane, med Naturvernforbundet i spissen, som var dei sterkaste pådrivarane for den irrasjonelle energipolitikken som har ført oss hit. Sidan skadeverknadane er så store, bør sanninga om også dette kome fram. Det kan gje lærdom både ...

Kostnadsriktig prising eller sosialhjelp

Skrive 28.01.2019.    På mange områder skor Oslo seg på kostnad av resten av landet. Maktkonsentrasjonen i hovedstaden gjer denne politikken muleg. Det truar demokratiet vårt at vi har ein fattig og einsretta offentleg debatt i Norge. « Vi har ingen systemdebatt her i landet, berre litt mumling», sa politisk redaktør i Aftenposten Harald Stanghelle i ein diskusjon for eit par år sidan i «Aktuelt» på NRK2. Vi har inflasjon av ord i alle kanalar, men mest overflatisk og kunnskapsfattig pjatt og lite av reell og sannferdig informasjon. Dei store mediehusa vert meir og meir kommersielle, og underhaldning og fjas er billegare å produsere og sel truleg betre enn seriøse debattar om viktige spørsmål. Denne mediesituasjonen er alvorleg fordi det er media som no set dagsorden i samfunnet og langt på veg styrer politikken. Også NRK bidreg dessverre til den fordumming og einsretting som skjer, det er lenge sidan dei hadde ei opplysningsavdeling! NRK2 tek av og til opp viktige te...

Irrasjonell og usosial kraftpolitikk

Skrive 14.02.2019.    Dei siste vekene har det vore debatt om kraftpolitikken i alle media. Folk er forvirra og forbanna. Det er ikkje rart.    For denne politikken vert meir og meir absurd og urettferdig. Det gjeld både det som skjer på produksjonssida og på forbrukssida. Vi har veldig utbygging av ulønsam vindkraft som vi ikkje treng, og som forbrukarane vert tvinga til å subsidiere. Og folk flest må betale enorme offentlege avgifter på toppen av rekordhøge marknadsprisar. Andre slepp unna. Korleis i all verda har vi hamna her? For å forstå, må vi gå litt tilbake i tid.    Under regjeringa Willoch, fekk vi i 1990 ny energilov. Vi skulle forlate det gamle systemet der politikarane bestemte både kraftutbygging og kraftpris. Som det første landet i verda skulle vi over på eit system der det var prisane i ein marknad som skulle syte for å dekke  kraftbehovet. Utbygging skulle ikkje skje før forbrukarane var villige til å betale det utbygginga kosta...

Teknologisk utvikling - og jarnbanegalskapen i Norge

Skrive 25.06.2019.    Ikkje noko anna land er i nærleiken av å subsidiere  jarnbanetransport så sterkt som vi gjer. Trass i at faktabasert kunnskap fortel at kollektivtransport på veg er mykje meir effektiv, miljøvenleg og fleksibel enn det tunge toget. Og at busstransport kan produserast så billeg at det kan gje stor overgang frå privatbil til buss.   Derfor skjer det no ei omlegging av kollektivtransport rundt om i verda. Mange store byar satsar på buss som einaste kollektivsystem. Det skjer også ein teknologisk revolusjon med utvikling av elektriske bussar – utan leidningar, mange med ladeelement i veggrunnen! Det starta i Sør-Korea for tre år sidan. Berre i Europa er det allereie om lag 100 prosjekt i gang med å prøve ut dette – nokre også i Norden. Men i Norge er det førebels  tog som gjeld. Både «ekspertane» i samferdsledepartementet, kunnskapsfattige politikarar, og mange miljøorganisasjonar klamrar seg til jarnbaneskjenene. Dei stenger ute fakta...

Kvifor sviktar venstresida svake grupper?

Skrive 09.10.2018.    Klassekampen sette inn denne overskrifta: Allle vegar går til Oslo. I Klassekampen for 14. juli spurde Maria Lavik: «Kven skal betale for å redda miljøet?» Ho skreiv om «EnergieWende» i Tyskland som skapar energifattigdom. Av sitt samla budsjett brukar nemleg låginntektshushalda over dobbelt så mykje på straum som gjennomsnittet. Lavik har rett når ho seier at også her heime er klimapolitikken klasseblind. Når det vert innført avgifter og subsidier som ikkje tek omsyn til lommeboka til folk, så aukar dei økonomiske skilnadane. Dette skjer på fleire område, men verst er det etter mi meining i samferdslepolitikken. Her har både høgre- og venstresida gått inn for enorme subsidier til  jarnbane for velstandsfolk på Austlandet, på kostnad av vegtransport for folk flest. Uretten og sviket er enormt. Sidan år 2000 har vegbrukarane i snitt betalt om lag 42 milliardar kroner per år inn til Staten i form av avgifter på drivstoff og køyretøy. I same per...

Er vi styrt av uvitande politikarar som ikkje bryr seg?

Skrive 25.02.2020.    Helsevesenet vårt vert sveltefora, men staten tek seg råd til å ause ut 30 000 millionar kroner per år i subsidier til dei få som reiser med jarnbane. Slike prioriteringar vert ikkje debattert offentleg. Andreas Skartveit har i 50 år vore ein høgt respektert mann i norsk samfunnsliv. For fire år sidan  skreiv han ein  sterk artikkel i ei av våre større aviser om ukulturen hos « dei moralske fyrtårna » på Stortinget, « ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite». Han spurde om vi har fått «eit overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?». Skartveit hadde rett. Det har utvikla seg ein ukultur i rikspolitikken. Politikarane har lite kunnskap om korleis folk flest har det, og er mest opptekne av eiga makt og posisjon.   I mange land er det opprør mot den sentrale makteliten. Det er gode grunnar til det, også her i landet, med stadig sterkare ...

Strilane betaler bybana (siste versjon)

Skrive 28.01.2019.    Oslo skor seg på kostnad av resten av landet. I ein viss grad skjer det same i Bergen. Det er strilane og folk i utkantane   av Bergen som betaler mesteparten av bybana.     Vi har fått ein enorm maktkonsentrasjon i Oslo. Den politiske, økonomiske og byråkratiske makta er samla der. I tillegg kjem alle slags organisasjonar og riksmedia. Alle desse maktorgana ser landet og verda i eit Oslo-perspektiv. Som Gudmund Hernes har sagt det: «Standplassen avgjør standpunktet». Alle har felles interesse av vekst i Oslo, til fordel for seg sjølve. Eit demokratisk problem. Det er eit demokratiske problem at Oslo-makta syter for at nokre, spesielt byfolk, i det skjulte får store indirekte subsidier. Medan andre, spesielt folk i distrikta, vert pålagde skjulte skattar og avgifter. Det er her dei store pengane ligg, fordi det skjer på mange områder og tenester. Gjennom skattefrådraget for rentene til bustadlån gjev for eksempel staten enorme subsid...

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?

Skrive 16.06.2020.    Riksmedia i Oslo har opp gjennom åra hatt mange kritiske oppslag om ulønsame og statssubsidierte vegprosjekt i distrikta. Når det derimot gjeld intercityprosjektet, er dei same media stort sett med i heiagjengen som vil ha dette gjennomført for einkvar pris, sjølv om det er enormt lite lønsamt og vil krevje rekordstore statssubsidiar.    Det underlege er at så godt som ingen stiller spørsmål ved om dette er ei fornuftig og lønsam investering ut frå normale kriterier. Men forklaringa er kanskje at det ikkje ligg føre tal om kostnad og nytte verken frå departement eller Jernbaneverket, berre propaganda om at lyntog er framtida. Det ligg likevel føre eitt tal: investeringa vert på vel 130 milliardar kroner, som truleg vert enno mykje høgare ut frå dei siste tal for kostnadsstigning for strekninga Son-Oslo. Ut frå dette og realistiske tal for reisande, vil vi fort kunne rekne ut at prosjektet er utanfor all fornuft. Eit overslag viser at dei årl...

Kva er miljøvern?

Skrive 14.04.2019.    Stopp tilskitinga!     I norsk miljøpolitikk har det å forgifte og skitne til jord, vatn og natur stort sett vore ikkje-tema i 60 år. Det er på tide at vi vaknar.   I BA for 8. mai 2018 hadde direktør (...) Hambro i Miljødirektoratet eit innlegg om marin forsøpling, og om folks sterke engasjement for å rydde strendene. Ho skriv at dette pressar styresmaktene til å handle. Det er flott at mange gjer ein stor dugnadsinnsats, men  det er ein fallitt for miljøstyresmaktene at folk flest må presse dei til å gjere jobben sin. Korleis har vi hamna der? Og kvar har det enorme statlege miljøbyråkatiet og alle miljøorganisasjonane vore? Vi må gå litt attende i tid. Dei siste 60 åra, er det heilt andre spørsmål enn tilskiting av naturmiljøet som har fanga interessa til både miljøstyresmakter, miljøbyråkrati og miljøorganisasjonar. Dei seinaste 40 åra før hundreårskiftet, var det kamp mot utbygging av vasskraft som var defi...

Absurd kraftpolitikk

Skrive 17.04.2019.    Absurd kraftpolitikk    Kraftpolitikken vår liknar på galskap. Det gjeld både det som skjer på produksjonssida og på forbrukssida. Trass i at landet allereie har stort overskot av kraft som må eksporterast, får utanlandske kapitalinteresser lov til å bygge ned landet med  nye, ulønsame og skjemmande vindkraftanlegg. BT har informert grundig om dette siste året.  Fordi produksjonen er ulønsam, vert norske forbrukarar tvinga til å betale eit påslag i kraftprisen. Dette går til utbyggjarane, og gjev desse ei ekstrainntekt på om lag 1 milliard kroner per år. Lenger frå sunn kraftmarknad og sunn fornuft er det vanskeleg å kome. Utbygging av vindkrafta krev også mykje nytt kraftnett, og auke i  nettleiga for forbrukarane. Det er ikkje mindre absurd på forbrukssida . Dei tradisjonelle forbrukarane, vanleg folk som brukar elektrisitet til lys, varme og anna i heimen, må betale ein høg straffeskatt som heiter elavgift til staten....

Om kvifor eg skriv i aviser – og bok

Skrive 06.12.2016.      (...) For om lag to veker sidan sende eg eit debattinnlegg til avisa. Eg argumenterte for å droppe bybane til Fyllingsdalen og satse på gode og raske bussar, slik «heile verda» no gjer. Sidan artikkelen ikkje har stått på trykk, reknar eg med at avisa ikkje vil ha den. Det har avisa sjølvsagt rett til.  Når eg skriv no er det (...) for å seie litt om kvifor eg syns det er leitt at avisa ser ut til å reagere negativt på kritikk av AP-byrådet I Bergen, og litt forsiktig kritikk av AP og av avisa. (...)  Saka er dessverre at i det norske samfunn i dag er det svært avgrensa ytringsfridom for den som ikkje er kjendis, leiar i ein organisasjon, politikar eller har kjenningar i ein redaksjon (...). Maktkritikk er blitt mangelvare. «Gravejournalistar» vert oppsagte over heile landet og dei sosiale skilnadane aukar, utan at årsakene til dette vert nok analysert. Meiningssensur er heller ikkje ukjent. Eg har (...) fått opplyst at (...)-avisene ikkj...