Er vi styrt av uvitande politikarar som ikkje bryr seg?

Skrive 25.02.2020.   

Helsevesenet vårt vert sveltefora, men staten tek seg råd til å ause ut 30 000 millionar kroner per år i subsidier til dei få som reiser med jarnbane. Slike prioriteringar vert ikkje debattert offentleg.

Andreas Skartveit har i 50 år vore ein høgt respektert mann i norsk samfunnsliv. For fire år sidan  skreiv han ein  sterk artikkel i ei av våre større aviser om ukulturen hos «dei moralske fyrtårna» på Stortinget, «ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite». Han spurde om vi har fått «eit overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?».

Skartveit hadde rett. Det har utvikla seg ein ukultur i rikspolitikken. Politikarane har lite kunnskap om korleis folk flest har det, og er mest opptekne av eiga makt og posisjon.  

I mange land er det opprør mot den sentrale makteliten. Det er gode grunnar til det, også  her i landet, med stadig sterkare opphoping av makt og ressursar i hovedstaden. Det vert søla vekk enorme summar på prestisjeprosjekt i Oslo-området, i staden for å hjelpe svake grupper i heile landet.  

Ei svak gruppe er pasientar på sjukeheimane. For få år sidan kom ein grundig rapport om tilstanden der. Det var ei skrekkhistorie! Vi fekk vite at nesten halvparten av pasientane dør med smerter. Og mange har redsel, pustevanskar, depresjon og kvalme. Etter desse avsløringane vart det nokre dagar med store medieoppslag, og mange var «sjokkerte», men så stilna det. «Dei moralske fyrtårna» på stortinget var tause. Åtti prosent av pasientane på sjukeheimane er kvinner. Er det derfor?

Problemet for sjukeheimane er mangel på ressursar. Det som trengs er meir pengar og kompetanse.  Ei opinionsgransking for få år sidan viste at over70 prosent av folket vil ha meir ressursar til helsetenesta. Men i helsepolitikken er det blitt viktigare å  spare kroner enn liv. Har vi fått ein politisk elite med forakt for dei svake?

Prestisjeprosjekta til den politiske eliten er mange. Det største er «Intercity,  eit system av raske tog rundt Oslo. Eit pengesluk som vert marknadsført som klima-tiltak.

Alt i alt får jarnbana no om lag 30 milliardar kroner i subsidier frå staten kvart år, men står for berre om lag 2 prosent av persontransporten. Brukarane av jarnbana betalar sjølve berre om lag 5 prosent av kostnadane.  

For liknande offentlege tenester som veg, straum, vatn, avløp, renovasjon med fleire, betalar brukarane alt. For ikkje å snakke om bilferjene, der brukarane no må betale «blodprisar». Kvifor får dei som reiser med jarnbana slik særbehandling? Truleg fordi 80 prosent av jarnbanereisene skjer i Oslo-området, og fordi makteliten i Oslo syns det  er på sin plass å gje rikeleg med subsidier til seg sjølve. Det minner om  korrupsjon.

Politikarane viser til klima for å grunngje denne politikken. Det er ein bløff. I ein  reportasje i BT 12. juni 2013 fortalde avisa at eksterne ekspertar har påvist at Intercity ikkje gjev noko klimavinst, snarare tvert imot.

Staten juksar når det vert påstått at togreiser er så miljøvenlege. Jukset går mellom anna ut på å sjå bort frå dei store kostnader og energiforbruk som går med til anleggsarbeid samt til produksjon og vedlikehald av skinner og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalrekninga, men vert altså lurt unna. 

Å satse på buss på gode vegar ville gje oss mykje meir kollektivtransport i heile landet enn dagens spinndyre jarnbane. Og eit bussopplegg vil vere mykje meir miljøvenleg og rettferdig. I tillegg ville vi spare 30 milliardar kroner årleg, som vi kunne bruke til helse og anna nyttig.

I verda rundt oss skjer ein teknologirevolusjon. Elektriske bussar stormar fram, Kina og USA fører an. Men byråkratane og politikarane våre ser ut til å ver uvitande om dette. Dei klamrar seg til mytane om tog som det mest miljøvenlege. Det same gjer miljørørsla.

Vi har fått ein ny samferdsleminister. Han kjem frå eit av våre støste ferjefylke. Eg utfordrar Knut Arild Hareide (Krf) til å kome fram og forklare kvifor ein som pendlar med InterCity-toget i Oslo-området skal få over 100 000 kroner i årleg statsstøtte, medan ein som reiser med ekspressbuss får ingenting. Og ein som er avhengig av ferje for å kome på jobb må punge ut med fleire titusen kroner frå eigen lomme.

Same spørsmålet kan også gå til Trygve Slagsvold Vedum, som har forsvart Intercity-prosjektet. Det  trass i at dette prosjektet er det sterkaste eksempel på den veldige Oslo-sentraliseringa som vi har hatt  lenge. på Dette standpunktet er underleg frå ein politikar frå Senterpartiet, som elles liksom skal vere imot den sterke Oslo-sentraliseringa som dagens regjering står for.

Men partiet har lenge drive eit underleg dobbelspel i samferdslepolitikken. På den eine sida er dei verbalt stekt i mot sentralisering og sterkt for støtte til distrikta, men på den andre sida sat dei med samferdsleministeren i heile perioden då regjeringa Stoltenberg starta opp med ein samferdslepolitikk som var det stikk motsette: svelteforing av vegbygging i distrikta der brukarane betalar heile kostanden- og vel så det, og på den andre sida enorm satsing på subsidiesluket Intercity i Oslo-området der brukarane slepp unna med å betale om lag 5 prosent av kostnadane.  

Dette er då verken «kristeleg» politikk eller god distriktspolitikk. Fornuftig og rettferdig er det i alle fall ikkje. I tillegg  er det politikken heilt absurd både ut frå samfunnsøkonomi og miljø.

Det er på tide at både Hareide og Slagsvold Vedum svarer på kvifor dei støttar denne politikken. 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?