Oppbygging av boka

Skrive 03.08.2017.   

(...) Han skriv også at «et nærmest samstemt kor av samfunnsøkonomer advarte sterkt mot ordningen» med grøne sertifikat. Eg sat relativt sentralt i kraftbransjen og kjempa i fleire år mot den toskeskapen, men kan ikkje minnast at samfunnsøkonomane stod sterkt fram i off. debatt mot ordninga. (...)  

Korleis eg bygger opp boka? 

(...) Eg tek sikte på at boka vert ein kombinasjon av fag og politikk. (...) 

Det er klart at eit hovedtema i boka vert den ressurssløsinga som skjer på grunn av kunnskapslaus energi- og miljøpolitikk. 

Men eg har også lyst til å skrive om nokre andre felt som eg har interessert meg sterkt for, og som eg derfor har skaffa  meg kunnskap om; det gjeld både økonomi, samferdsle, skule og mange fleire. Felles for mange av desse er at politikk basert på slagord og klisjear har erstatta kunnskap og innsikt, og å ta vare på makt og prestisje er blitt viktigare enn å levere gode tenester for samfunnet. Dette held etter mi meining på å bli ein farleg kultur i store grupper Norge. Eg har også inntrykk for at det er på full fart inn i det store statsbyråkratiet. 

Eg har skrive ein god del om slike tema, noko er publisert i avisartiklar, og noko ligg berre på vent. 

Eit hovedproblem med boka vert å avgrense og å kutte ut nok av det eg ikkje bør ta med! (...) 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?