Om min bakgrunn i kraftbransjen (eldre versjon)

Skrive 05.03.2018.   

Etter å ha jobba i kraftbransjen i 45 år, må eg vedgå at eg er frustrert over mange av innlegga i Klassekampen om ACER, nye kraftkablar mm. Kunnskapsmangelen er enorm. Men det er ikkje så rart: Kraftbransjen har vore ein flott bransje - i offentleg eige, men han har svikta på eitt område: Å gå ut i det ofentlege rom og informere politikarar og ålmenta om sentrale og viktige forhold og samanhengar i det fantastiske kraftsystemet vårt - som med rette har vore kalla kalle "blodomløpet i samfunnet."  

Norge gjennomførde det "grønne skiftet" med vasskraftutbygging og elektrifisering i perioden 1955 -2010. Mot beinhard motstand frå miljørørsla og "miljøpartia" Venstre og SV. Vi satsa på elektrisitet og fornybar energi, medan så godt som alle andre industriland brukte fossil brensel og lite elektrisitet. 

Derfor er det ille at eit parti som Venstre lenge har fått "ture fram" som fanebærar for "det grønne skiftet" og andre illusjonar.  

Kraftbransjen hadde i alle år monopol på kraftproduksjon og krafttransport, men stort sett også på kunnskap om kraftsystemet vårt og korleis det fungerer. Men denne kunnskapen held bransjen stort sett for seg sjølv; nøydde seg med å sende dei nødvendige søknader om konsesjonar for nye kraftverk og kraftlinjer - gjennom dei offisielle kanalar, og kun det. 

I alle år kjempa eg internt i bransjen for at vi hadde plikt til - eit samfunnsansvar for - å gå ut i det offentlege rom og fortelje og forklare korleis ting hang saman, og kvifor det og det var nødvendig. Den kampen tapte eg, og "opplysningsarbeidet" vart tatt av meir eller mindre rabiate motstandarar av vasskraft og elektrisitet, med partiet Venstre og Norges Naturvernforbund i spissen. 

Dessverre har dette gitt oss ein kunnskapsfattig og einsretta kraftdebatt i landet. 

Litt om min bakgrunn for å skrive om dette: 

I ein freistnad på å bøte litt på bransjen si info- forsøming, skreiv eg i perioden 1970-1980, på fritida, mykje i avisene om kraft og miljø. Fleire likte det eg skreiv, også styret i bransjeorganisasjonen. Eg trur at det var derfor at eg, som kom frå eit av våre minste kraftselskap (SFK/SFE), vart bedt om å ta over fleire sentrale faglege posisjonar i bransjen. Mellom anna var eg i fem år på 1990-talet norsk representant i ei ekspertgruppe for fornybar energi i den europeiske kraftbransjen (UNIPEDE). Eg vart også bransjens representant i styret for den kraftbørsen som vart oppretta då vi fekk ny energilov i 1990 - og som det første landet i verda - fekk vi såkalla marknadsbasert kraftomsetning (med ein statsråd frå SP!). Så godt som alle i bransjen var imot det "påfunnet". 

Alt dette, i tillegg til sterk interesse for miljøvern og økonomi, gjorde at eg etter kvart fekk kunnskap på eit breitt felt innan "triangelet" Energi - Økonomi - Miljø. Eg har også vore medlem i to miljøorganisasjonar, og deltatt i lokalpolitikk og frivillig arbeid. Jobbar no med eit bokprosjekt, og høyrer til på venstresida i politikken.   

 

 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?