Teknologisk utvikling - og jarnbanegalskapen i Norge

Skrive 25.06.2019.   

Ikkje noko anna land er i nærleiken av å subsidiere  jarnbanetransport så sterkt som vi gjer. Trass i at faktabasert kunnskap fortel at kollektivtransport på veg er mykje meir effektiv, miljøvenleg og fleksibel enn det tunge toget. Og at busstransport kan produserast så billeg at det kan gje stor overgang frå privatbil til buss.  

Derfor skjer det no ei omlegging av kollektivtransport rundt om i verda. Mange store byar satsar på buss som einaste kollektivsystem. Det skjer også ein teknologisk revolusjon med utvikling av elektriske bussar – utan leidningar, mange med ladeelement i veggrunnen! Det starta i Sør-Korea for tre år sidan. Berre i Europa er det allereie om lag 100 prosjekt i gang med å prøve ut dette – nokre også i Norden. Men i Norge er det førebels  tog som gjeld. Både «ekspertane» i samferdsledepartementet, kunnskapsfattige politikarar, og mange miljøorganisasjonar klamrar seg til jarnbaneskjenene. Dei stenger ute fakta, juksar  om jarnbana sine miljøfordelar og framstiller vegtrafikk som nærmast ei form for satanisme.

I årevis har regjeringane våre pøsa inn enorme midlar til subsidier i jarnbana, no over 20 milliardar kroner per år. Brukarane betalar berre ein liten brøkdel av kostnadane. Likevel er det få som tek toget. Ifylgje SSB er det berre om lag 1 prosent av alle personreiser i landet som skjer med NSB. Vegane våre har 95 prosent av personreisene, men vegbrukarane får ingen subsidier av staten. Tvert imot betalar dei bortimot dobbelt så mykje til staten i form av drivstoff- og bilavgifter og bompengar som det staten brukar til investering og vedlikehald på riks- og fylkesvegar. Staten ser på vegane som først og fremst ei inntektskjelde for seg sjølv, ikkje som ein god og nyttig infrastruktur for heile landet. Det er galskap.

Kvifor har vi hamna her? Det er etter mi meining tre hovedårsaker. For det første er det nostalgi og vanetenking, toget har ei lang historie. For det andre er det sterk og langvarig propaganda frå NSB og Jernbaneverket. For det tredje ser mange maktorgan i Oslo seg tent med galskapen, dei sjølve tener på det.

Banetransport er gamalt. Rundt år 1800 kom støypte jarnskinner og primitive former for damplokomotiv. Då elektrisiteten kom rundt år 1900, vart det fart på utbygging av undergrunnsbaner. Den første elektrifiserte undergrunnsbana kom i 1904 i New York.

Rundt år 1900 var det hestetransport som gjaldt. I storbyar som London og New York stod folk fast i store mengder hesteskit! Derfor opplevde folk jernbana som eit stort framsteg. Jernbane fekk ry som ein raskt og effektivt transportmåte – samanlikna med hesteskyss. Dei store undergrunnsbanene rundt om i verda vart bygt på den tid. Dette var lenge før den moderne bilen var oppfunnen.

Sidan har det skjedd ein revolusjon på vegen og i lufta. Køyretøy på luftfylte gummihjul kan i dag transportere både folk og gods svært effektivt og miljøvenleg.  

Den andre, og truleg viktigaste, årsaka til den særnorske galskapen, er den årelange propagandaen frå NSB og Jernbaneverket om at toget framleis er den mest effektive og miljøvenlege transportforma. Dei har hatt god støtte frå NRK og andre media, og frå mange miljøorganisasjonar, som lydig har formidla påstandane vidare. Men påstandane er usanne. Byråkratane i både samferdsledepartementet og NSB/Jernbaneverket juksar. Jukset består i at dei tek ikkje med dei tyngste postane i kostnads- og energirekneskapen, nemleg det som går med til å bygge og vedlikehalde skinnegang og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalrekninga. Hadde slikt juks vorte praktisert i vanlege bedrifter, ville dei skuldige hamna i fengsel. Men i samferdsle- og miljøpolitikken går visst allting an! 

Miljøproblema er i hovudsak knytt til energiforbruket. Slik også i transportsektoren. Rett rekna er kollektivtransport på veg mange gonger billegare og meir energieffektivt enn på bane. Analyser viser at togtransport kostar om lag 10 gonger så mykje som buss. Også energirekninga er mange gonger høgare. Fleire ekspertar har dokumentert dette.

Togaktivistane risikerer å klamre seg til togmytane heilt til dei blir forbikøyrde av lette, raske, miljøvenlege og smidige elektriske bussar. Då vil dei ikkje lenger ha miljøalibiet å dekke seg bak. Nokre tek likevel til å forstå det som skjer. «Skinner mister glansen» skreiv miljøorganisasjonen Cicero i tidsskriftet «Samferdsel» i 2013. 

Den tredje sterke årsaka til at vi har hamna i eit uføre, er at makteliten i Oslo vil ha denne politikken. Det gjeld sjølvsagt i første rekkje NSB og Jernbaneverket og alle deira 11000 tilsette, men også mange andre. For mens vegane våre er eit av dei store fellesgoda i landet, så er jarnbana eit særgode for nokre få relativt velståande personar i svært avgrensa delar av landet. 80 prosent av jarnbanetransporten skjer i Oslofjord-området. Derfor pressar makteliten her på for at folk rundt om i heile landet skal betale det meste av Oslo-folk sine togreiser. Både politikarane, toppbyråkratar i departement og i alle slags organisasjonar, samt mediefolk og miljøaktivistar går aktivt ut  og støttar denne politikken, som dei sjølve tener på. Det er grov egoisme. Det liknar på korrupsjon.

Ikkje på noko anna samfunnsområde er det så stor avstand mellom liv og lære hos politikarane som i samferdslepolitikken:

Venstresida seier at dei står for rettferd, likskap og solidaritet, men politikken deira er det motsette: Dei tvingar alle over heile landet til å betale for dei dyre og eksklusive togreisene til relativt velståande folk i Oslo-regionen.

Senterpartiet seier at dei står for distriktspolitikk, men dei hadde samferdsleministeren i sju år då den distriktsfiendtlege samferdslepolitikken skaut fart.

Høgre brukar marknad som honnørord, men det finst ikkje  marknad for jarnbane i Norge. Jarnbana ville ikkje fått ein einaste passasjer dersom brukarane måtte betale ein pris lik sjølvkost! Det er det  som er det normale ved alle andre tilsvarande tenester. Men Solberg–regjeringa akselererer no den gigantiske subsidieringa av jarnbanereiser. Denne politikken liknar til forveksling på det dei dreiv med i gamle Sovjetsamveldet. Også der sytte staten for enorme subsidier til produksjon av varer og tenester som forbrukarane  ikkje var interesserte i å  betale for. Denne politikken knekte til sist regimet og landet. Det er derfor forunderleg at Høgre-regjeringa forsterkar slik galskapspolitikk.

Dei andre partia er ikkje stort betre.  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?