Irrasjonell og usosial kraftpolitikk

Skrive 14.02.2019.   

Dei siste vekene har det vore debatt om kraftpolitikken i alle media. Folk er forvirra og forbanna. Det er ikkje rart.   

For denne politikken vert meir og meir absurd og urettferdig. Det gjeld både det som skjer på produksjonssida og på forbrukssida. Vi har veldig utbygging av ulønsam vindkraft som vi ikkje treng, og som forbrukarane vert tvinga til å subsidiere. Og folk flest må betale enorme offentlege avgifter på toppen av rekordhøge marknadsprisar. Andre slepp unna.

Korleis i all verda har vi hamna her? For å forstå, må vi gå litt tilbake i tid.   

Under regjeringa Willoch, fekk vi i 1990 ny energilov. Vi skulle forlate det gamle systemet der  politikarane bestemte både kraftutbygging og kraftpris. Som det første landet i verda skulle vi over på eit system der det var prisane i ein marknad som skulle syte for å dekke  kraftbehovet. Utbygging skulle ikkje skje før forbrukarane var villige til å betale det utbygginga kosta. Slik skulle systemet sikre både god samfunnsøkonomi og effektiv ressursbruk. Slik var – i  korte trekk -  tanken bak det nye. 

Men dei siste tiåra har vi vore milevis unna den målsettinga. Utanlandske kapitalinteresser har fått lov til å bygge ned landet med skjemmande og ulønsame vindkraftanlegg. Krafta treng vi ikkje sjølve. I eit såkalla normalår har vi allereie eit kraftoverskot på om lag 15 terrawattimar. Det svarar til 20 Altakraftverk! Vi må altså eksportere mykje kraft.  

 Politikarane tvingar også forbrukarane til å betale eit «påslag» i kraftprisen. Dette går til vindkraftinvestorane, som får ei ekstrainntekt på om lag 1 milliard kroner per år. Slik skal dei ulønsame prosjekta bli «lønsame» for utbyggjarane likevel.

 Lenger frå marknadsstyrt og samfunnøkonomisk kraftforsyning er det vanskeleg å kome! Vindkraftutbygginga krev også mykje nytt kraftnett, som gjev auke i  nettleiga for folk flest.

 Det er ikkje mindre absurd på forbrukssida. Her har vi fått eit toprissystem: Dei som brukar elektrisitet til lys, varme og anna i heimen, må betale ein høg straffeskatt til staten, elavgift. Elavgifta pluss «påslaget» utgjorde på siste straumrekninga mi 28 øre per kilowattime. For ein vanleg familie som har elektrisk oppvarming, utgjer dette bortimot 10 000 kroner ekstra per år.

Elavgifta er sterkt usosial. Ho svir mest for folk med dårleg råd. Dei brukar som regel elvarme, fordi panelomnar er både effektive og billege i innkjøp. Dermed brukar dei mykje meir elektrisitet, og må såleis skatte mykje meir enn dei velståande

At folk må betale ein «blodskatt» på elforbruket i heimen, er ekstra opprørande når politikarane heiar fram bruk av elektrisitet på alle andre område. Dei som brukar elektrisitet  til transport og i kraftintensiv industri slepp både elavgift og «påslaget». Fordi den same elektrisiteten der vert sett på som svært miljøvenleg!

Hovedårsaka til denne irrasjonelle politikken er svake og likesæle politikarar. Men mange aktørar har vore med og påverka. Miljørørsla, med Naturvernforbundet (NNV) i spissen, har spela ei hoverolle. I samarbeid med mektige næringsinteresser har dei fått stor makt.

NNV og «miljøpartia» Venstre og SV argumenterte i alle år for høg elavgift. Dei kalla det miljøavgift, fordi dei påstod at vasskraft og elektrisitet er miljøskadeleg. Denne haldninga dominerte miljødebatten i heile perioden 1960 – 2000. Den årelang propagandaen frå NNV og eit sterkt veksande miljøbyråkrati, førte til ei stadig høgare elavgift for folk flest.

I 1996 vart det slått fast av den såkalla «Grønn skattekommisjon»  at eventuelle miljøavgifter skal ikkje leggast på forbruk av elektrisitet, men på miljøskadeleg produksjon. Dette er ganske sjølvsagt, men miljørørsla påstod framleis at høgt elektrisitetsforbruk var miljøskadeleg, og at forbrukarane skulle betale avgift for å halde forbruket nede.

No er det klima som gjeld. Og den før hata elektrisiteten er blitt løysinga! Derfor vert dei «nye» brukarane dynga ned med subsidier og andre fordelar. Men dei forbrukarane som har finansiert utbygging av kraftsystemet vårt, må framleis betale straffeskatten som vart innført då elektrisiteten vart sett på som «skitten». Det heng ikkje på greip!

Det finst ikkje eit einaste sakleg argument for verken elavgifta eller den grove forskjellshandsaminga.

Miljørørsla og «miljøpartia» opptrer no som moralske fyrtårn som liksom går i front for «det grønne skiftet». Det er meiningslaust. Gjennom utbygging av vasskrafta tok vi her i landet eit grønt skifte for lenge sidan, før alle andre land. Det skjedde heile tida i kamp mot både miljørørsla og «miljøpartia». For desse vert det såleis ikkje berre eit skifte, men ein frontkollisjon med eiga fortid!

Det er på tide at politikarane kjem på bana og forklarar seg. Ikkje minst dei som snakkar mest om rettferd og likskap. Men også miljødirektoratet, miljøbyråkratane og miljørørsla, som alle  har heia på galskapen, skuldar oss svar på kvifor dei vil ha denne absurde politikken.

Det einaste riktige og anstendige er å kutte heilt ut både elavgifta og «påslaget». Og slutte å subsidiere utbygging av ulønsam kraftproduksjon. Såpass bør vi kunne krevje av både  politikarane våre og av miljørørsla.

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?