Kraftutbygging med tap – og historieforfalskinga etterpå

Skrive 23.10.2018.   

I Firda Tidend for 9. november har talspersonar for fire interesseorganisasjonar for naturvern, friluftsliv og fugleliv eit «innhogg» under overskrifta Kraftutbygging med tap. Dei skriv om dagens situasjon med stort kraftoverskot og store økonomiske tap i vindkraft- og småkraftbransjen og for dei offentlege eigarane i heile kraftbransjen. Vidare om planane for enno meir ulønsam og unødvendig kraftproduksjon og for fleire kraftlinjer, og om at det er dei vanlege straumbrukarane som må betale rekninga.

Så langt er eg stort sett samd i skildringa, men når forfattarane går over til omtale av kva og kven som er skuld i at vi er hamna i denne galskapen, blir det sterkt misvisande. Dei nemner nemleg ikkje at det er miljøorganisasjonane, med Naturvernforbundet i spissen, som var dei sterkaste pådrivarane for den irrasjonelle energipolitikken som har ført oss hit. Sidan skadeverknadane er så store, bør sanninga om også dette kome fram. Det kan gje lærdom både til miljøorganisasjonar, politikarar, kraftselskap og eigarane deira, og til folk flest som må betale rekninga for dumskapen. Denne rekninga vil auke sterkt i åra framover.

Gjennom arbeidet mitt i bransjen hadde eg godt høve til å følgje med i det som skjedde. Eg vil derfor peike på dei viktigaste årsakene til landet kom inn på feilsporet med sanselaus overutbygging av ulønsam kraft for vel 15 år sidan, og om kvifor dette har skote fart dei siste 10 åra. 

Her bør eg skyte inn at Norge i alle år har vore eit annleis energiland.

Takka vere vasskrafta vår,  har vi i mange år vore eit føregangsland i bruk av den fantastiske elektrisiteten. Hos oss dekte elektrisitet tidleg over 50 prosent av vårt samla energiforbruk. I «normale» land låg denne andelen på om lag 20 prosent. Dei brukte hovedsakleg fossil energi. Og miljørørsla applauderte det, ville ha oss til å bli som Sverige og Danmark. Men også hos oss var petroleumsprodukt dominerande i såkalla stasjonært forbruk heilt til forbi 1970. Dei fleste hus som vart bygt då hadde oljefyring, men så kom elvarmen for fullt og vart favoritt fordi den var billeg, effektiv og reinsleg. Petroleumsindustrien ville ikkje gje opp kampen om varmemarknaden, og dreiv i årevis kampanje mot elvarmen. Argumenta var dels at elektrisiten var for god til å bruke til oppvarming og dels at elktrisiteten kom frå kolkraft sidan vi hang saman med det nordeuropeiske elnettet.  Og miljørørsla støtta dette synet.

Kortverjonen er slik: Dei ansvarlege politikarane svikta, dei sentrale faginstansane OED og NVE svikta også, og let i stor grad kunnskapsfattige og uansvarlege miljøorganisasjonar styre løpet. Og nokre  økonomiske særinteresser fekk lov til påverke politikken til beste for seg sjølve, men til tap for samfunnet.   

Motstanden mot vasskraftutbygging har vore – og er – sjølve grunnlaget for Naturvernforbundet. Motstanden har vore så intens, einsidig og mange gonger baset på så sterke forvrengingar av fakta, at eg eg syns det er ordet hat som dekker.  Både  som medlem i forbundet i ei periode for mange år sidan, og gjennom tallause møter og diskusjonar med «naturvernarar» opp gjennom åra, har eg eg opplevd ei nærmast fanatisk haldning om at vasskraft er ein styggedom –og berre det. Då mange av oss tok til å verte bekymra over verda sitt overforbruk av ikkje-fornybare ressursar, av tilskitning og forgifting av jord, luft og vatn, så heldt Naturvernforbundet fast på sitt: nei til vasskraftutbygging var viktigare enn alt anna. Det andre vart sett på som ei avsporing. Då miljøvern vart eit omgrep held Naturvernforbundet framleis fast: Miljøvern var det same som nei til vasskraftutbygging. Dette synet vann dessverre også fram i stor grad i statens miljøpolitikk og miljøetatar. «Uberørte vassdrag» var eit omgrep som var mykje framme i debatten og politikken og plandokumenta på 1960-, 70- og 80-talet. Kva betydde det? Jau, at det var eit vassdrag utan kraftverk! Vassdraget kunne vere så omskipa og tilskita som berre det, men etter Naturvernforbundet og miljøbyråkratiet sin definisjon var det uberørt så lenge det ikkje var kraftverk der.   

Då etterspurnaden etter meir kraft auka sterkt heilt fram til årtusenskiftet, fekk Naturvernforbundet eit problem med sin bastante motstand mot vasskraftutbygging. Dette «løyste» dei på to måtar. Dels ved å gå inn for alle slags andre måtar å lage kraft på. Dei var entusiastiske for bølgjekraft, for vindkraft og seinare for små vasskraftanlegg. At alt dette var svært ulønsamt vart feia til sides ved å påstå at dette måtte kunn ordnast på ulike måtar. Her ligg kimen til dagens elendigheit med ulønsam vindkraft og småkraft. På 1970-talet var det til og med nokre «naturvernarar» som tok til ord for å bygge oljekraft i staden for vasskraft, sidan vi no hadde funne vår eigen olje.

Den andre løysinga til Naturvernforbundet og nokre andre særinteresser, var å angripe det høge elektrisitetsforbruket vårt, gjennom å agitere for høge avgifter på bruk av elektrisitet. Det har dei lukkast med, slik at vi no opplever ein nærmast grotesk politikk med enorm skattlegging av vanlege folk sitt elforbruk på den eine sida, og store avgiftsfritak og andre støttetiltak til elforbruk i transportsektoren på den andre sida.

Dette er ein svært usosial og urettferdig politikk. Det er derfor merkeleg at dette ikkje er framme i vår politiske debatt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?