Økonomisk samanbrot for Vesten eller ”berre” ei finanskrise?

Skrive 20.02.2017.   

I ein tankevekkande kommentar i BT for 16/11 tek politisk redaktør Sjur Holsen for seg den alvorlege kunnskapskrisa i Noreg, spesielt at vi manglar folk med ”harde praktiske kunnskapar”. I den vestlege verda har vi fått ”en flodbølge av popularitet for myke fag som sosiologi, antropologi og all verdens identitetsstudier”. Holsen avsluttar med: ”Men det spørs hvor lenge vi kan stikke oss bort fra sannheten, som er at hard kunnskap alltid betyr hardt arbeid, og at begge deler faller seg enormt tungt i dagens Noreg.”
 
Dei siste månader har politikarane snakka enormt mykje om ”finanskrisa” og media har sjølvsagt vore fulle av det same . Både media og politikarane har vore mest opptatte av kva finanskrisa betyr for dei nære ting: rentenivå på bustadlåna, vår eigen velstand og for arbeidsløysa. Men også når det gjeld ”finanskrisa” er det all grunn til spørje om kor lenge vi skal stikke oss bort frå sanninga om kva som er den eigentlege krisa, og kva som er dei grunnleggande årsaker.

Det underliggande problemet i det som Europa og USA no opplever er at dei gamle industrilanda i vest er blitt meir og meir utkonkurrerte av Asia i den globale økonomiske konkurransen. Lenge greidde vesten å halde eigen produksjon oppe fordi konkurrentane var så langt borte, men to faktorar har endra denne situasjonen dramatisk. Det er containerskip og IT. Containerskipa kan frakte varer over enorme avstandar til små kostnader. Og ved hjelp av IT kan tenesteprodukt leverast nesten kostnadsfritt kvar som helst i verda. I tillegg er ingeniørane, legane, økonomane og andre fagfolk blitt bortimot like dyktige som i vest. Og dei er mange, billege og ikkje redde for hardt arbeid! Dette er fundamentale endringar som vi i vesten enno ikkje har tatt inn over oss.

Det synlege resultatet er at vi ikkje lenger greier å hindre at våre  bedrifter må legge ned. Det starta med konfeksjonsindustrien for fleire tiår sidan, seinare kom metallindustrien, og no er det bilproduksjonen og andre bransjar som gradvis flyttar til Asia. Dette får sjølvsagt store konsekvensar. Folk blir arbeidslause, taper inntekter og set seg i gjeld. Det same gjeld bedrifter bankar og land. Derfor får vi ei gjeldskrise og finanskrise. Men vi får noko mykje meir; stor arbeidsløyse, fattigdom, store økonomiske skilnader og sosial uro. I mange land er ein heil ungdomsgenerasjon i ferd med å misse både arbeid og all framtidsvon.

Situasjonen er svært alvorleg. Skal Europa ha sjanse for å finne ein veg ut av dette, er det heilt nødvendig at ein sluttar å definere krisa som ”berre” ei finanskrise. Det som trengs er at vi tek dei utfordrande økonomiske realitetane inn over oss, og derifrå finn ut kva som trengs både av kunnskap, verdiskaping, fordeling og miljøtiltak. Det vert ikkje enkelt for nokon. Men alternativet er verre: eit økonomisk og sosialt samanbrot for store deler av Europa. Det gjeld også Norge. Vi kan greie å ”surfe” på olje og energi nokre år enno. Men vi risikerer at fallet vert enno sterkare når det først kjem. 


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?