Det er ikkje alltid slik at størst er best

Skrive 26.01.2019.   

Etter mi erfaring finst det minst like mykje avgjerande drivkraft på bygdene som i byane. Kva gjer regjeringa? Svelteforar dei.   

I BA 3/12 tar kommunalminister Monica Mæland til motmæle mot det Oddny Milleteig skreiv 28/12: «Det spøkjer for Bygde – Noreg». Mæland skriv at regjeringa «hver dag jobber for sterke byer og levende distrikter». Sanninga er dessverre ei anna. Mæland si oppskrift på eit godt samfunn er å lage større kommunar og fylkeskommunar. Små kommunar er ifølgje henne distrikta si største utfordring. I den verkelege verda er det annleis. Der er distrikta sitt største problem at «Oslo-staten» har nok med seg sjølv. Som kommentator Erling Gjelsvik skreiv i BA for nokre år sidan: «Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo». Det var, og er, ganske presist sagt!

Sanninga er at det er Oslo-området som får alle dei store pengane. Bygdene får knapt nok smular. Det skjer på dei fleste område: kultur, samferdsle og miljø m.fl. Og det skjer i aukande grad. «Argumentet» er nesten alltid det same: stordriftsfordelar. Dette har lenge vore det store trylleordet i norsk politikk. Dess større dess betre er blitt eit dogme, ein slags religion. Ikkje minst hos dagens regjering.

Er det slik at det alltid er store organisasjonar som gjev best resultat? Nei, det er tvert imot all grunn til å stille spørsmål ved den påstanden. I Dagens Næringsliv for 19. mai 2013 gjorde Mælands partifelle Victor D. Norman nettopp det. Under overskrifta ”Modern Times” tok han eit oppgjer med det han kalla «Fordismen»: trua på at masseproduksjon av bilar ved hjelp av samleband og ufaglærde arbeidarar, også skulle vere svaret på vår tids oppgåver. Norman peika på at «Fordisme» pregar tenkinga vår enno. Trass i at utfordringa vår no er den motsette: å få meir ut av ein velutdanna arbeidsstokk. Norman ville skrote dogmene om stordriftsfordelar, ”avfordifisere” velferdsstaten og sleppe kompetansen fri.  

Norman hadde rett. I dag er det heilt andre faktorar enn storleik som er avgjerande for gode resultat. Både forsking og erfaring viser dette.  Det er heller faktorar som haldningar, kunnskap, innsatsvilje og engasjement hos arbeidsstokken. I små organisasjonar er det lettare å utvikle dette. I store organisasjonar veks det derimot lett fram eit stort indre byråkrati for styring og kontroll, noko som er drepen for både nytenking, arbeidslyst og effektivitet. 

Korleis er det i idretten, der det er lett å måle resultat? Det var ikkje store organisasjonar som skapte dei internasjonale stjernene våre: Brødrene Ingebrigtsen, Warholm, Bjørgen, Johaug, Northug, Carlsen og mange andre. Det som vart avgjerande for dei, var at dei hadde alle lyst til å bli gode i ein idrett dei elska, og at dei fekk sterkt støtte av familie og nærmiljøet. Det same ser vi i Hordaland. «Bygdenes jubelår», skreiv BA 10. desember. Om at det er «vossinger og striler» som er på medaljejakt her i fylket.

Og i forsking: For få år sidan fekk vi vår første nobelpris i medisin, Det var eit ungt ektepar frå Sunnmøre som stod for den bragda. Kva var det som dreiv dei? Jau, det var lidenskapen for arbeidet, fortalde kvinna då ho deltok i eit TV-program etterpå. 

I det heile tatt er det den indre drivkrafta hos arbeidsstokken som har mest å seie for gode resultat i både små og store organisasjonar. Vi kan og` finne denne drivkrafta på sjukehusa, på aldersheimane og i skulestovene; hos alle dei som bryr seg om pasientane og elevane sine. Og vi finn ho hos dei som legg ned enorm innsats i frivillige organisasjonar.                      

Etter mi erfaring finst det minst like mykje av denne avgjerande drivkrafta på bygdene som i byane. Kanskje fordi dei i større grad har måtte hjelpe seg sjølve - og kvarandre. Det er store avstandar som er dei største utfordringane for bygdene. Derfor er betre samferdsle og kommunikasjon det viktigaste for å få til utvikling.

Det er her regjeringa må sette inn tiltak: Få på plass gode vegar og høgfarts fibernett, samt eit rutenett med ekspressbussar. Kombinert med sterk innsatsvilje, kreativitet og kunnskap, ville dette gje distrikta eit svært godt grunnlag for vekst i både næringsliv og folketal. Då ville folk kunne få utnytte IKT både til å utvikle bedrifter og i kvardagen; heimekontor i staden for lange arbeidsreiser, videokonferansar i staden til flyturar. Eg har prøvd begge delar. Det fungerer utmerka. Det er og mange gonger så effektivt og miljøvenleg som Intercity.

Kva gjer så regjeringa på dette området? Ho svelteforar utbygging av vegar og fiber, neglisjerer ekspressbussar og tener grovt med pengar på vegane. Derimot auser ho ut fleire hundre milliardar kroner i subsidier til Intecity-prosjektet, eit system av raske tog rundt Oslo. Eit spinndyrt systemet som har minimal produksjon.

I min heimkommune, Gloppen i Nordfjord, har ei familiebedrift utvikla verdsleiande teknologi for miljøvenlege snøggbåtar, og har stor suksess både her i landet og internasjonalt. Men på grunn av elendig vegstandard slit dei no med å få tak i nok arbeidarar.

Mæland sin påstand om at vi har ei regjering som «hver dag jobber for levende distrikter»  vert på bygdene opplevd som ein vits. 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?