Er tog viktigare enn å redde tusenvis av liv? (e)

Skrive 04.12.2016.   

På grunn av pengemangel vert sjukehusa nekta å ta i bruk midlar som kan redde livet til mange sjuke. Av same grunn lar vi halvparten av våre gamle døy på sjukeheimar med redsel og store smerter. Men staten auser årleg ut over 20 000 millionar kroner for at nokre skal få reise nærmast gratis med jarnbane. Er vi blitt eit perverst samfunn? 

Det «umulige» skjedde i USA. Trump vann. Taparane var eliten og media, som over tiår hadde oversett  det som skjedde på grasrota: At mange lønstakarar ikkje hadde fått del i den velstand som utviklinga hadde gjeve til andre. Dei opplevde store økonomiske problem og arbeidsløyse, og at politikarane oversåg dei. Dei mista von om ei betre framtid. Med Trump følte dei for første gong at  ein politikar såg deira situasjon. 

Dette forstod ikkje eliten og media, ikkje i USA og ikkje i Norge. Alle var «sjokkerte». 

«Trumps valseier bør oppfattes som et varskorop til andre land», skreiv Aftenposten på leiarplass dagen etter valet. Det er rett. Ikkje minst gjeld det oss, med ein steinrik og mektig stat og ein oljedopa politiske ukultur, prega av at faktabasert kunnskap er bytta ut med slagord og tome fraser. Og av at lojaliteten og solidariteten mindre og mindre vert retta mot veljarane og borgarane, men meir og meir oppover, til systemet og til staten. Vi ser det på Stortinget, i helsevesenet, i skuleverket, ja i alt offentleg. 

Denne ukulturen har utvikla seg nesten utan debatt. Men vi har hatt nokre tilløp. Vi fekk Gjørv-kommisjonen som sette fingeren på haldningane og ukulturen i politiet. Og i fjor skreiv Andreas Skartveit ein sterk aviskronikk om ukulturen hos rikspolitikarane våre. Med bakgrunn i flyktningstraumen peika Skartveit på konflikten mellom «dei moralske fyrtårna» i rikspolitikken, og lokalpolitikarane som skulle utføre den vanskelege jobben. Han peika på at rikspolitikarane fekk dominere, utan omsyn til ein gjenstridig røyndom. Det vart ein usann debatt. 

«Har vi fått ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite i rikspolitikken, ein elite som ikkje har peiling på den barske røyndomen «der ute»?, spurde Skartveit. Han spurde også: «Har vi fått eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?». 

I eit levande demokrati ville det blitt debatt etter slike spørsmål. Spesielt fordi dei kom  frå ein høgt respektert person i norsk samfunnsliv. Men det skjedde ikkje. Dei «moralske fyrtårna» oversåg spørsmåla. 

Dei siste dagane har det kome fleire utsegner som stadfester Skartveit sin analyse.  Mellom anna skreiv Hadia Tajik i Aftenposten om «Trump og sannhetens øyeblikk». Ho hadde halde foredrag i eit forsamlingslokale, men forstod ganske snart at  det ikkje funka. Ho snakka ikkje om livet deira. «Det jeg gjorde var bare å belære dem». 

Men har den politiske «elite» lært såpass at dei vil prioritere å løyse viktige problem som borgarane møter, spesielt svake grupper? I staden for sine mange spinndyre og unyttige symboltiltak? Eg skal illustrere dette med ei konkret problemstilling. 

I årevis har media hatt oppslag om stygge tilfelle av dårleg pasientbehandling på sjukeheimar. Men stort sett har dette alltid enda ut med forsikring om at det skal rettast opp. Det bildet som er gitt oss er at pasientane har det bra. 

Men i år kom det ein grundig rapport som fortalde om tilstanden på sjukeheimane. Det var ei skrekkhistorie! Mellom anna kom det fram at nesten halvpartar av pasientane dør med store smerter. Rapporten fortalde også om redsel, pustevanskar, depresjon, søvnproblem og kvalme - og  at alt dette er unødvendig. Det som trengs er meir pengar og kompetanse. Det bilete som denne rapporten teiknar er det stikk motsette av det som politikarane fortel oss. 

Det vart ein del avissoppslag, og «ekspertane» var sjokkerte, men så stilna det. «Dei moralske fyrtårna» tagde. 80 prosent av pasientane på sjukeheimane er kvinner. Er det derfor? 

Ei anna svak og oversett gruppe er pasientar som vil dø dersom dei ikkje får hjelp av nye og dyre medisinar og behandlingsmåtar. Politikarane har bestemt – utan offentleg debatt - at sjukehusa må setje eit tak for kor mykje livredning kan koste. I 2013 var pristaket for å forlenge livet med eitt år ein halv million kroner. No ser det ut til at verdien av livet vårt er auka til ein heil million. Grunngjevinga er at meir vert for dyrt, helsebudsjetta strekk ikkje til. 

Meir pengar kan truleg redde tusenvis av liv. Ikkje rart at ei opinionsgransking i år viste at over70 prosent av folket vil at meir av ressursane i samfunnet må gå til helseteneste. Men politikarane gjer det motsette. I årevis har Staten sløsa vekk enorme ressursar til ineffektive og unødige prestisjeprosjekt, ressursar som ofte også har gått til tiltak for velståande regionar og personar. 

Det verste eksempelet er jarnbana, som er ei offentleg teneste i ein del av landet. Eit spinndyrt og ineffektivt subsidiesluk som no årleg får om lag 20 milliardar kroner i subsidier frå staten. Brukarane betalar sjølve  berre ein liten brøkdel av kostnadane. For alle andre liknande tenester som veg, strøm, vatn og avløp, renovasjon med fleire, betalar brukarane alt. Det gjeld i heile landet, og for alle. Jarnbane er det einaste unntaket. Kvifor denne særbehandlinga? 

Påstanden er at jarnbane er det mest effektive og miljøvenlege. Men dette er basert på myter. Analyser og erfaring frå mange land viser at rett rekna kostar togtransport fem til ti gonger så mykje som transport med gode bussar. Og bane krev  også mange gonger så mykje energi.  Både NSB, Jernbaneverket og  Samferdselsdepartementet juksar ved at dei ikkje tek med dei om lag 70 % av kostnadane og energiforbruket som går med til anleggsarbeid samt produksjon og vedlikehald av skinner og tog. 

Buss på gode vegar ville også gje oss mange gonger så mykje kollektivtransport. I heile landet – og utan store statssubsidier! Vi ville få eit betre, og meir miljøvenleg transportsystem, og i tillegg spare 20 milliardar kroner årleg. 

I verda rundt oss skjer ein teknologirevolusjon. Batteribussar stormar fram. Kina og USA fører an. Våre kunnskapsfattige politikarar har køyrt oss inn på feil løysingar, med store tap for både miljøet og samfunnet. 

Eitt av dei store spørsmåla som vi bør ta i offentleg debatt er dette: Er det rett at staten skal subsidiere togreiser for friske og vaksne personar med 20 milliardar kroner årleg, framfor å gje fullgode tenester til gamle og dødssjuke? 

... 


First part translated to English, largely by Google Translate:  

Due to lack of money, hospitals are refused to use funds that can save the lives of many sick people. For the same reason, we let half of our old people die in nursing homes with horror and great pain. But the state annually pours out more than NOK 20,000 million so that some people can travel almost free of charge by rail. Have we become a perverted society? 

In 2016, the "impossible" happened in the United States. Trump won. The losers were the elite and the media, who for decades had overlooked what was happening at the grassroot level: that many wage earners had not shared in the prosperity that development had given to others. They experienced major financial problems and unemployment, and that the politicians overlooked them. They lost hope for a better future. With Trump, they felt for the first time that a politician understood their situation. 

The elite and the media did not understand this, not in the USA and not in Norway. Everyone was "shocked". 

"Trump's electoral victory should be perceived as a warning to other countries", Aftenposten wrote the day after the election. That is correct. Not least it applies to us, with a rich and powerful state and an oil-doped political unculture, marked by the fact that fact-based knowledge has been replaced by slogans and empty phrases. And because loyalty and solidarity are directed less and less towards voters and citizens, but more and more upwards, towards the system and towards the state. We see it in the Storting, in the healthcare system, in the education system, basically in everything public. 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?