Kvifor sviktar venstresida svake grupper?

Skrive 09.10.2018.   

Klassekampen sette inn denne overskrifta:

Allle vegar går til Oslo.

I Klassekampen for 14. juli spurde Maria Lavik: «Kven skal betale for å redda miljøet?» Ho skreiv om «EnergieWende» i Tyskland som skapar energifattigdom. Av sitt samla budsjett brukar nemleg låginntektshushalda over dobbelt så mykje på straum som gjennomsnittet.

Lavik har rett når ho seier at også her heime er klimapolitikken klasseblind. Når det vert innført avgifter og subsidier som ikkje tek omsyn til lommeboka til folk, så aukar dei økonomiske skilnadane. Dette skjer på fleire område, men verst er det etter mi meining i samferdslepolitikken. Her har både høgre- og venstresida gått inn for enorme subsidier til  jarnbane for velstandsfolk på Austlandet, på kostnad av vegtransport for folk flest.

Uretten og sviket er enormt. Sidan år 2000 har vegbrukarane i snitt betalt om lag 42 milliardar kroner per år inn til Staten i form av avgifter på drivstoff og køyretøy. I same perioden har staten i snitt brukt berre om lag 17 milliardar kroner per år til investering og vedlikehald av vegane. I tillegg betaler bilistane årleg om lag 10 milliardar kroner i bompengar. I sum må vegbrukarane betale ein eigenandel  på over 300 prosent av kostpris! Folk  med dårleg råd får svi aller mest.

På jarnbana er det heilt motsett: Med NSB-toga betalar passasjerane under 25 prosent av kostpris. Resten betalar Staten, det vil seie vi alle.

På dei spinndyre Intercity-toga på Austlandet er det enno verre. Her slepp brukarane unna med  å betale ein eigenandel på under 10 prosent av kostpris. Kvar brukar vert årleg subsidiert med  fleire hundre tusen kroner. Subsidiane går til friske, vaksne og relativt velståande personar.

Åtti prosent av togtransporten skjer i området rundt Oslofjorden. Distrikta må nøye seg med vegar. Det forklarar mykje.

Bjørgulv Braanen skreiv i KK 2. oktober at «det finnes en stigende uro i Distrikts-Norge. Det er rett, og det er samferdslepolitikken som er det største trugsmålet. Knallhard skattlegging av vegbruk og enorm subsidiering av banereiser på det sentrale Austlandet, vil i det lange løp kvele distrikta.

Korleis kan det ha seg at Stortinget vedtar ein så  gal og urettferdig politikk? Mest fordi partia har trudd på det som NSB, Jernbaneverket og byråkratar i Samferdselsdepartementet har fortalt i alle år: At jarnbana er «ryggrada» i transportsystemet vårt, og at jarnbane er den mest effektive og miljøvenlege transportmåten. 

Problemet er at alt dette er usant.

Ifølge SSB sin statistikk produserte NSB-toga berre 1 prosent av personreisene i landet i 2012. Bussar transporterte 5 gonger så mange. 95 prosent av alle reisene skjedde på vegane! Dette trass i at vegbrukarane må betale enorme avgifter og jarnbana får enorme subsidier; over 20 milliardar kroner per år dei siste åra. Litt av ei «ryggrad»!

Eit transportsystem som produserer så lite, og får så enorme subsidier, kan neppe vere det mest effektive! Eg syns at styresmaktene skuldar oss ei forklaring.

Mest miljøvenleg? Også den påstandane er feil. Makta juksar ved at dei sløyfer dei tyngste postane i energi- og miljørekneskapen, nemleg det som går med til å bygge og vedlikehalde skinnegang og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalrekninga. Rett rekna er busstransport på gode vegar mange gonger meir energieffektiv og miljøvenleg enn bane.

No stormar elektriske bussar fram. På verdsbasis var det i fjor om lag 385 000 elektriske bussar i trafikk, dei aller fleste i Kina. Men også USA satsar tungt, og Oslo er i siget.

Kollektivtransport er ei samfunnsoppgåve som kan samanliknast med straum- og vassforsyning, renovasjon og avløp. For alle desse gjeld at brukarane sjølve må betale 100 prosent av kostnaden. Fordi det vert sett på som mest rettferdig, og fordi det gjev mest effektiv ressursbruk. Så styresmaktene skuldar oss ei forklaring på kvifor nettopp vegbrukarane skal betale 300 prosent av kostpris, og banebrukarane skal sleppe unna med berre 10–25 prosent.

Dei pengane som staten brukar på å subsidiere jarnbanereisene til folk i vår rikaste landsdel burde gått til dei verkelege velferdstenester i heile landet. Til pasientar i helsevesenet og på aldersheimane, til barnehagar, skular og universitet. I Klassekampen 15. oktober skriv Marianne Sæhle godt om korleis regjeringa skvisar sjukehusa.

Økonomen Thomas Piketty si forsking viser at venstresida sviktar dei fattige både i USA, England og Frankrike. Partia byter ut dei gamle veljarane med høgt utdanna. Og ulikskapen aukar.

Skjer det same her i landet? Til Klassekampen seier AP og SV nei, men eg trur dei tek feil. Folk flest opplever mykje urett og ulikheit, og mange kjenner seg makteslause. Fordi mykje av uretten skjer i det skjulte. Og fordi folk ser at den politiske debatten er for dei urbane, velutdanna og  velståande

Eg syns det er leit at venstresida har støtta ein samferdslepolitikk som er så ekstremt usosial og lite miljøvenleg. Ein politikk som er ei samfunnsøkonomisk katastrofe, og som stel frå dei verkelege velferdsgoda. Jarnbana er vår største «velferdsprofitør!

Budsjettet for 2019 er eit godt høve til å tenke nytt, og felle ei  regjering som satsar ekstremt på jarnbane!  

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?