"Alternative fakta" hos Trump – og i Norge (e)

Skrive 14.02.2017.   

Mange er rysta over Trump sin bruk av «Alternative fakta». Men metoden har vore brukt med hell i Norge i mange tiår innan samferdslepolitikken: Byråkratar i Samferdsledepartementet, NSB og Jernbaneverket har hjernevaska både statsrådar, media, LO og andre med misvisande «fakta» om jarnbana. Dei har påstått at jarnbana vår er overmåte viktig, og mest effektiv og miljøvenleg av alle transportformer.   

Men alt dette er «falske fakta». Dei fleste har likevel trudd på det, og resultatet er blitt enorme statssubsidier til jarnbana, eit distriktsfiendtleg transportsystem, og Europas dårlegaste vegnett. Og mykje mindre kollektivtransport enn vi ville fått med å satse på bussar på gode vegar i heile landet.

Dei reelle fakta er: Jarnbana er eit spinndyrt og ineffektivt transportsystem som no vert subsidiert av staten med over 20 milliardar kroner årleg. Ein uhorveleg sum til ein ørliten  produksjon – under 2 prosent av alle reiser i landet skjer med NSB. Og pengane går til relativt velståande personar og regionar, i all hovudsak til Oslofjordområdet. Ikkje noko anna land er i nærleiken av slik subsidiering.

Ekspressbussane er distrikta sine «tog». Desse  kan produsere om lag 10 gonger så mykje transport for pengane som jarnbane. Men dei får ikkje ei krone frå staten.

Eit anna viktig faktum er at jarnbana ikkje lenger er åleine om å ha miljøfordelen av elektrisk framdrift. Batteri bussar stormar  fram i mange land, med USA og Kina i teten. Desse bussane kan no gå 560 km på ei lading. Kina fekk sin første elbuss på vegen i 2011. No har landet over 100 000 slike busar i drift. Fleire miljøorganisasjonar tek til å sjå at buss er meir miljøvenleg enn bane. Cicero var først ute. «Skinner mister glansen» skreiv dei i 2013. Seinare har både Bellona og Zero uttala seg svært positivt om batteribussar.

Ingen av dei fakta eg her har nemt er omtala i den såkalla Nasjonal Transportplan (NTP). Den planen er i stor grad basert på «falske fakta».

Etter mi meining er det samferdslepolitikken som er den største drivaren for den veldige sentraliseringa vi har hatt i mange tiår. Det er merkeleg at denne skadelege politikken har fått halde fram så lenge, og at ingen er blitt stilt til ansvar. Etter mi meining bør saka verte tema for Riksrevisjonen.

I år er det valår. Det er på tide at denne distriktsfiendtlege  politikken og bruken av «falske fakta» vert tema i valkampen. Spesielt vert dette viktig for distrikta, som er den store taparen i narrespelet.

Men eg er redd for at dei to hovedfløyane vil prøve å skygge unna open debatt om temaet, fordi begge har om lag like store «svin på skogen». Det var under dei 8 åra med raud-grøn regjering at jarnbane-galskapen skaut fart, med det groteske "Intercity"-prosjektet i Oslo-området som  prestisjenummer. I den regjeringa hadde som kjent AP statsministeren og SP samferdsleministeren i alle år. «Solidaritetspartiet» AP og «distriktspartiet» SP praktiserte ein usolidarisk og distriktsfiendtleg politikk!

Etter regjeringsskiftet er det blitt enno verre. Og «Jarnbanepartiet» Venstre er i ei klasse for seg.   

Eg har budd om lag halvparten av mitt vaksne liv i våre tre største byar, og den andre halvparten i ein distriktskommune. Og har jobba i fire selskap, to store og to mindre. Skal eg trekke fram dei viktigaste  erfaringane, så er det dette: Det som er avgjerande for å få gode resultatet er ikkje stoleiken på selskapa, men haldningane, innsatsviljen og bedriftskulturen. Og at det er lettare å skape gode haldningar i eit lite selskap enn i eit stort. Stordriftsulempene er stort sett fleire og større enn stordriftsfordelane. 

Eg syns også at folk frå distrikta ofte har større innsatsvilje og arbeidslyst enn byfolk. Kan hende det kjem av at dei har gått fleire motbakkar.

Derfor har eg tru på at distrikta kan ha ei lys framtid. Men då må vi få ein politikk som syter for ein infrastruktur som fjernar dei store ulempene som næringslivet  i  distrikta i dag slit med. Vi må få gode vegar for både person- og godstransport. Hamner for å utnytte sjøen til miljøvenleg  godstransport. Og ikkje minst: raskt breiband til informasjonsutveksling. Å gje statssubsidier til fiberutbygging i heile landet ville vere mykje meir miljøvenleg og lønsamt for samfunnet enn det bane-sløseriet som har gått føre seg i mange år på det sentrale Austlandet.

Om vi fekk til dette, trur eg distrikta fort ville konkurrere ut Oslo på dei fleste område. Det er truleg det Oslo-eliten fryktar.

Det beste ville vere om alle distrikta i landet vert einige om å stå saman i valkampen mot dagens sentraliserande togpolitikk. Eg trur at det må til for å  få til ei verkeleg omlegging. Den vanlege småkrangelen mellom partia vil berre føre til meir av det same som vi har hatt.

Eg håpar derfor at distriktsavisene vil tvinge alle stortingskandidatane til å svare for både kva dei og partiet deira har gjort, og kva dei vil gjere for å bytte ut jarnbanegalskapen med  gode vegar og fiber i distrikta.  


... 


First part translated to English, largely by Google Translate:  

Many are shocked by Trump's use of "Alternative facts". But the method has been used successfully in Norway for many decades in transport policy: Bureaucrats in the Ministry of Transport, NSB and the Norwegian Railways have brainwashed ministers, the media, LO and others with misleading "facts" about the railway. They have claimed that Norwegian railway is extremely important, and the most efficient and environmentally friendly of all forms of transport. 

But all these are "false facts". Most people in Norway have nevertheless believed it, and the result has been huge state subsidies for the railways, a transport system hostile to the districts, and Europe's worst road network. And much less public transport than Norway would achieve by investing in buses on good roads throughout the country. 

The real facts are: The Norwegian railway is an expensive and inefficient transport system which is subsidized by the state with over NOK 20 billion annually. An enormous sum of money for a tiny production - less than 2 percent of all journeys in Norway take place with NSB. And the money goes to relatively wealthy people and regions, mainly to the Oslofjord area. No other country comes close to such a subsidy.

The express buses are the districts' "trains". These can produce around 10 times more transportation for the money than railways. But they don't receive a penny from the state.

Another important fact is that the railway is no longer alone in having the environmental advantage of electric propulsion. Battery buses are storming forward in many countries, with the USA and China in the lead. These buses can go 560 km on one charge. China got its first electric bus on the road in 2011. The country has over 100,000 electric buses in operation. Several environmental organizations are taking the view that buses are more environmentally friendly than rail. Cicero was first out. "Tracks loses its shine", they wrote in 2013. Later, both Bellona and Zero have spoken very positively on battery buses.


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering

Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?