Innlegg

Viser innlegg fra august, 2024

Stortingsvalet - Eit narrespel?

Skrive 14.08.2017.    Siste vekene har NRK stadig «masa» om at vi må stemme. Men det kan vere mange gode grunnar til ikkje å stemme. Ein kan vere at politikarane oppfører seg slik at vi har mista tilliten til dei. Denne gongen vurderer eg å slutte meg til den flokken som sit heime på valdagen. Stortingsvala og tilhøyrande debattar liknar meir og meir på eit narrespel. Vi vert invitert til å gje stemma vår til dei vi vil skal styre landet. Men politikarane har ikkje særleg stor tru på oss eller respekt for oss. Dei trur visst at vi berre er opptekne av korleis vi skal skaffe oss enno meir materielle gode på kort sikt. Dei fortel oss derfor ikkje ope og ærleg om kva dei vil gjere med dei store utfordringane som landet står framfor. Kva skal vi leve av etter oljen? Skal vi halde fram som stor krigarnasjon i land langt borte? Skal vi halde fram med den statssubsidierte sentraliseringa? Spørjeundersøkingar viser at folk flest er opptekne av viktige og langsiktige saker. Men likevel e

Om helse. Har vi fått eit samfunn som ignorerer dei svake?

Skrive 07.09.2017.    På leiarplass i BT for 4. september seier avisa at det er nødvendig å gje avslag på dyr hjelp som kan redde livet til kreftpasientar. Avisa meiner at slik prioritering er nødvendig fordi det elles ville gå ut over andre pasientgrupper. Det same har leiinga ved Haukeland og andre maktorgan i helsevesenet sagt. Men alle desse overser den viktigaste prioriteringa: Kor mykje ressursar bør vi bruke på helse i forhold til andre sektorar. Ei opinionsgransking i fjor viste at 70 prosent av folket vil at det skal brukast meir på helse. Men likevel er dei økonomiske rammene til helsevesenet ikkje tema i valkampen. Liv eller død for tusenvis av menneske er for uviktig og vanskeleg for det TV-sirkus som valkampen har utarta til.  Altfor mange av våre medborgarar lir og dør fordi helsevesenet har for lite pengar. Eg syns det er ein uakseptabel situasjon i «verdens rikeste land», spesielt når vi auser ut mange titals milliardar kroner til prestisjetiltak som burde kome le

Fyllingsdalen som prøveklut?

Skrive 20.02.2017.    I BA for 1/11 har Marius Øvrebøe Pettersen eit debattinnlegg om å utvikle Fyllingsdalen til «et prøveprosjekt innen grønn byutvikling». Hovedpoenget er at når bybana kjem til Fyllingsdalen «er det store muligheter for at flere unnlater å kjøpe bil til fordel for kollektivtransport». Men dette krever politisk handlekraft og store offentlige investeringer». Ein premiss er at Bergen – og Fyllingsdalen? skal få auka folketal. Eg har liten lyst til å verte ein prøveklut i eit eksperiment som til dei grader er tufta på luftige illusjonar og subsidier frå staten samt bomavgifter frå strilane! Eg har budd i Fyllingsdalen i 15 år, men eg har ikkje møtt nokon som ønsker bybana hit. Sjølv kvitta eg meg med bilen for om lag 12 år sidan og baserte meg på buss og sykkel til arbeid på Kokstad. Men då bybane linje 1 kom, vart det ikkje så enkelt lenger. For å besøke (...) i Fana måtte eg bytte kollektivmiddel 4 gonger og bruke lang tid, mot to gonger før bybana kom. Eg fann

Klokt av Willoch om krigen i Afghanistan

Skrive 14.11.2017.    No er det visst igjen aktuelt å sende norske soldatar til Afghanistan for å hjelpe USA i krigen sin der. Det ser ut til at vi ikkje har lært av tidlegare tabbar.   I haust har NRK ein programserien kalla «Da vi styrte landet». Der møtes dei seks eks-statsministrane Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik, Torbjørn Jagland, Jens Stoltenberg, Kåre Willoch og dagens statsminister Erna Solberg. Dei samtalar og deler minner og erfaringar. I program nr 2, som gjekk 8. november 2017 var Kjell Magne Bondevik hovedperson. Ei av dei vanskelegaste sakene i hans regjeringstid var spørsmålet om vi skulle delta i krigen i Afghanistan. I programmet vart det opplyst at vi i løpet av krigen deltok med 9000 personar. Norske fly bomba bakkemål i landet, og nokre kom heim i båre. Kjell Magne fortalde kor vanskeleg det var å ta ei avgjerd om deltaking i krigen, spesielt fordi han med sitt kristne livssyn visste at krig måtte vere absolutt siste utveg. Det kom også nokre va

Heilage kyr og pariakaster

Skrive 07.02.2018.    India har sine heilage kyr, vi har jarnbana.  NSB, eliten og miljørørsla har skapt myten om at toget er mest effektivt og miljøvenleg. Men trass i den påståtte effektiviteten, får NSB og Jernbaneverket om lag 20 milliardar kroner i statsubsidiar kvart år. Forklaringa er enkel. 80 prosent av jarnbanetransporten skjer i Oslo-området. Der har også staten, eliten og miljørørsla sine hovedsete. Dei skaffar subsidier til seg sjølve. Det minner om korrupsjon. India har også eit kastevesen. Pariakasten er dei lågaste på rangstigen. Vår pariakaste er vegbrukarane. I første rekke bilistane, sjølvsagt. Dei vert dynga ned med vegavgifter og bompengar. Vegbrukarane har det siste tiåret betalt om lag dobbelt så mykje inn til staten som det staten her brukt til investering og vedlikehald på riks- og fylkevegar. Staten tenar grovt på vegane. Ikkje rart at vi har Europas dårlegaste vegstandard.  

Innlegg til Klassekampen

Skrive 19.06.2018.    I fleire tiår har uansvarlege miljøorganisasjonar late seg bruke av økonomiske særinteresser for å få til ein energipolitikk som både skadar samfunnsøkonomien og naturmiljøet, og i tillegg er sterkt usosial. I boka «Min historie» som kom ut i fjor, tok Jens Stoltenberg eit sterkt oppgjer med dette «uvesenet» Kraftintensiv industri er ei slik sterk gruppe, som før ga mange arbeidsplassar i distrikta. Eg har heile tida heia på denne industrien, spesielt aluminiumsindustrien. Dels fordi den er viktig i heimfylket mitt, Sogn og Fjordane, men også fordi aluminium etter mi meining er eit miljøvenlege og framtidsretta produkt. Etter sterk modernisering og automatisering gjev aluminiumsproduksjonen no mange færre arbeidsplassar, men billeg og miljøvenleg kraft er blitt stadig viktigare. Derfor har bransjen blitt ekspertar på å skaffe seg  kraft til spesielt gunstige prisar. Før syns eg at dette var ok, men det går ei grense - som no er passert. Det starta med at i