Om kvifor eg skriv i aviser – og bok
(...) For om lag to veker sidan sende eg eit debattinnlegg til avisa. Eg argumenterte for å droppe bybane til Fyllingsdalen og satse på gode og raske bussar, slik «heile verda» no gjer. Sidan artikkelen ikkje har stått på trykk, reknar eg med at avisa ikkje vil ha den. Det har avisa sjølvsagt rett til.
Når eg skriv no er det (...) for å seie litt om kvifor eg syns det er leitt at avisa ser ut til å reagere negativt på kritikk av AP-byrådet I Bergen, og litt forsiktig kritikk av AP og av avisa. (...)
Saka er dessverre at i det norske samfunn i dag er det svært avgrensa ytringsfridom for den som ikkje er kjendis, leiar i ein organisasjon, politikar eller har kjenningar i ein redaksjon (...). Maktkritikk er blitt mangelvare. «Gravejournalistar» vert oppsagte over heile landet og dei sosiale skilnadane aukar, utan at årsakene til dette vert nok analysert.
Meiningssensur er heller ikkje ukjent. Eg har (...) fått opplyst at (...)-avisene ikkje tek inn innlegg som går imot Intercity-banene rundt Oslo.
Eg har jobba mykje med energi, miljø og økonomi – og med effektiv og rettferdig bruk av ressursar. Har halde bortimot 200 foredrag om dette i mange ulike forsamlingar; alt frå vidaregåande skular til ei forsamaling av Europas fremste ekspertar på fornybar energi i Paris. (...) Det finns ikkje ein enkel og billeg overgang frå fossilt til fornybar energi. Det vert kjempedyrt å erstatte den fossile energien. Vi får eit enormt globalt ressursproblem når vi skal dekke dei tre mest grunnleggande behova våre: mat, ferskvatn og energi. (...)
Derfor er eg sterkt oppteken av at vi kuttar ut mest muleg av dagens ressurssløsing, og får effektiv og rettferdig bruk av ressursane. Slik at det ikkje vert dei med dårleg råd som sit att som taparane. Det er nemleg det som skjer når problema vert «løyste» med avgifter og bompengar, som er sterkt usosiale skattar.
Bybane er både ressurssløsing og usosial skattelegging. Derfor er eg imot, og eg hadde håpa at avisa ville syns det var ok å få fram opplysningar om dette. Eg synes også at det må vere greitt å la lesarane få vite at både Trondheim og Stavanger har valt å satse på «superbussar» i staden for bane. Eg er også sikker på at elektriske bussar kjem til å vinne fram i heile verda på kostnad av jarnbane, fordi dei er så mykje lettare, billegare og meir fleksible - og dermed meir miljøvenlege. Økonomisk trongare tider vil tvinge dette fram. Elles dekker buss allereie i dag 80 prosent av kollektivtransporten globalt.
Avisskrivinga mi er ein del av eit bokprosjekt (som eg måtte avbryte for sju år sidan på grunn av kreftsjukdom, men har no kunne ta prosjektet opp att.) Drivaren er eit sterkt samfunnsengasjement og sosialt engasjement. Eg er litt bekymra for framtida til barnebarna mine og for landet og verda i ei tid med aukande kamp om ressursane. (...)
___
Om kvifor eg vil skrive bok
Skrive 23.02.2018.
Då miljørørsla kom sterkt på bana om energi- og miljøpolitikk rundt 1970, trekte kraftbransjen seg attende. Ville ikkje delta i offentleg debatt om dette. Eg var sterkt i mot den haldninga. Eg hadde heilt frå ungdomen vore sterkt oppteken av miljø og ressursvern. Eg melde meg også inn i Naturvernforbundet rundt 1970 og hadde mange kjende der, så eg visste at dei var ganske kunnskapsfattitge men sterkt engasjerte.
Eg argumenterte sterkt internt i kraftbransjen for at bransjen hadde stort settt monopol på kraftkunnskapen, og hadde dermed "ikkje lov til" å sky debatten i det offentlege rom om kraftpolitikk og kraftutbygging. Via sjefen min kjende eg mange av sjefane i bransjen, og eg jobba sterkt for at bransjen mått gå på bana. (Politikarane etterlyse det også.) Men sjefane ville ikkje. Dei ville ikkje gå ned på det nivået som debatten låg på, og dessutan meinte dei at media var fiendtleg innstilt til bransjen, og at det dermed ikkje nytta. Eg kjende fleire journalistar og var uenig. Men eg tapte den kampen.
Etter eit møte i Oslo der dette var tema, og eg som vanleg hadde terpa på mitt om bransjen sitt samfunnsansvar og ansvaret for kundane våre, var det ein som kom med eit spørsmål: "Kvifor går ikkje du på bana (...) du kan vel skrive i avisene også?" Eg avviste det, eg hadde jo min jobb, som var noko anna. Bransjen måtte tilsetje folk som kunne stoffet og som hadde som jobb å informere ålmenta.
Men etter møtet vart spørsmålet liggande å murre. Som den pliktooppfyllande type eg dessverre er fødd som, vart det til at eg tok til å skrive. Lange innlegg til avisene. Først til Aftenposten og gjerne til andre aviser etterpå. Aftenposten tok inn alt, men dei ville nesten alltid korte det ned. (...) I 5-6 år skreiv eg mykje. Men så måtte eg slutte, hadde ikkje tid lenger. Sjefen min likte at eg skreiv, men eg måtte gjere det privat - og helst på fritida.