Intercityprosjektet – den største økonomiske skandalen i norgeshistoria?

Skrive 16.06.2020.   

Riksmedia i Oslo har opp gjennom åra hatt mange kritiske oppslag om ulønsame og statssubsidierte vegprosjekt i distrikta. Når det derimot gjeld intercityprosjektet, er dei same media stort sett med i heiagjengen som vil ha dette gjennomført for einkvar pris, sjølv om det er enormt lite lønsamt og vil krevje rekordstore statssubsidiar.   

Det underlege er at så godt som ingen stiller spørsmål ved om dette er ei fornuftig og lønsam investering ut frå normale kriterier. Men forklaringa er kanskje at det ikkje ligg føre tal om kostnad og nytte verken frå departement eller Jernbaneverket, berre propaganda om at lyntog er framtida. Det ligg likevel føre eitt tal: investeringa vert på vel 130 milliardar kroner, som truleg vert enno mykje høgare ut frå dei siste tal for kostnadsstigning for strekninga Son-Oslo. Ut frå dette og realistiske tal for reisande, vil vi fort kunne rekne ut at prosjektet er utanfor all fornuft.

Eit overslag viser at dei årlege kostnadane – inklusive kapitalkostnader og vedlikehald  – for banealternativet vert i storleik 12-15 mrd. kroner (basert på 130 mrd. kr i investering). Dersom brukarane absolutt vil ha dette alternativet, bør dei sjølvsagt betale kostnadane sjølve, slik ein må på dei fleste andre områder. Det vil i så fall bli i storleik 10 kr pr. kilometer, altså 2000 kroner for ei reise på 10 mil (tur-retur). Det vert ikkje mange passasjerar med slik pris! Og denne gongen bør ”Gardermoen-trikset”, dvs. at staten til slutt betaler 90 % av kapitalkostnadane, ikkje lukkast. Det ville nemleg bety at vi – dvs. skattebetalarane i heile landet - måtte subsidiere kvar reisande med over 1500 kroner pr. reise, dvs. i storleik 300 000 kroner i året for kvar dagpendlar!

Prosjektet bygger på at det ikkje er muleg å møte veksten i storbyområda utan ei formidabel satsing på jarnbane. Til dette er for det første å seie at påstanden er gal, og for det andre må ein kunne spørje om veksten som er spådd er fornuftig, dersom den treng statssubsidiering i eit omfang som vi må tilbake til det gamle Sovjetsamveldet for å finne maken til.

Fins det eit kollektivalternativ til lyntoget? Svaret er ja; buss! Med store og raske ekspressbussar kan ein på dei nye fire-felts motorvegane som då vil vere bygt på dei same strekningane, kunne frakte minst like mange passasjerar som med toget og til ein brøkdel av kostnadane. I staden for 12–15 mrd. kr kjem bussalternativet på i storleik 0,5 mrd. kroner i årskostnader. Togalternativet krev også mange gonger så stort energiforbruk og globale CO2- utslepp. 

Ein vanleg påstand frå tog–tilhengarane er at togreisande må sleppe å betale infrastrukturkostnadane fordi  busspassasjerane slepp dette. Dette er feil, bussane betalar fullt ut sin del av vegkostnadane gjennom diselavgifta. Gjennom bilavgiftene betaler privatbilar som kjent mykje meir enn kostnadsriktig pris for sin vegbruk. Samla betalar vegbrukarane i Noreg eit pris for vegbruken som ligg langt over kostnadsriktig pris. Då blir det også ut frå eit likebehandlingsprinsipp heilt urimeleg at vegbrukarane i tillegg skal betale togreisene for relativt velståande folk i Oslo-området. 

Det undrar meg som sagt at så mange utan atterhald omfamnar prosjektet. Når banealternativet kostar 25-30 gonger så mykje som eit godt bussalternativt og i tillegg får mykje høgare energiforbruk, må vi spørje om alle tilhengarane av intercityprosjektet er råka av kollektiv galskap.

Det er også tankevekkande at eit så enormt stort og på mange måtar tvilsamt prosjekt kan få tilslutning av eit samla Storting. Det seier ein god del om kunnskapsnivået i nasjonalforsamlinga, men det seier også mykje om kvaliteten på den offentlege debatten her i landet.

Eit mistekrav for debatten om prosjektet framover må vere at det før neste stortingsval vert gitt riktig informasjon til veljarane om kostnader og om kven som skal betale rekninga, brukarane eller skattebetalarane i heile landet. Spesielt må det vere eit krav at NSB, Jernbaneverket og Vegdirektoratet sluttar å desinformere om saka, men legg fram alle relevante fakta om begge alternativ.

Eg håpar at Aftenposten kan ta mål av seg til å kaste lys over dette prosjektet med like god og kritisk journalistikk som avisa har gjort med eit anna ”skandaleprosjekt”, nemleg samanslåinga av sjukehusa i Oslo-området. Dei synes å ha det til felles at dei begge manglar realitetsforankring i utgangspunktet.


Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (e)

Sentralstyring gjev sentralisering