Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2025

Forord (E)

Skrive 03.05.2019.        Kvifor vil ein beskjeden vestlending på 75 år og med kreftsjukdom skrive debattbok om samfunnsspørsmål? Først og fremst på grunn av eit sterkt samfunnsengasjement, og fordi eg har registrert at i dagens Norge er offentleg debatt og politikk blitt meir og meir einsretta, kunnskapsfattig og kortsiktig. Det gjev dårlege vilkår for god samfunnsutvikling.  I samfunnsdebatten er kunnskap eit av dei mest brukte honnørorda. Men dette er ein «liksom-kunnskap». Verkeleg kunnskap vert meir og meir mangelvare både i debatt og politikk. Faktabasert kunnskap basert på naturvitskap er nesten fråverande, og generell kunnskap er blitt sterkt devaluert. Årsakene til dette er mange. Det starta vel då marxist-leninistane herja som verst for nokre tiår sidan og etter kvart fekk stor makt i skuleverk, media, forlag og forvaltning. Ideologi fekk rang framfor vitskap og kunnskap for ein heil ungdomsgenerasjon. Skillet mellom å tru og å vite vart gradvis viska ...

Om kvifor eg vil skrive bok - Bokinnhald (E)

Skrive 23.02.2018.     BOKINNHALD -  Stikkord:    Utgangspunktet var godt - utviklinga er mest negativ.   Utgangspunktet i 1970 var godt Gjenreist land etter krigen Lite klasseskilje (ingen adel), samarbeidsånd og solidaritet, tillit, arbeidsvilje, ukorrupt Tok heile landet, alle ressursar og alle grupper i bruk Elektrifisering, industri, fiskeri og jordbruk. Samferdsle og utdanning (lånekasse m.m.) Eit tidsskilje rundt 1980: Utviklinga vert meir negativ  Framleis myke positiv utvikling: Meir likestilling, fleire kvinner i arbeidslivet, auka utdanning, sterk teknologiutvikling, mange nye arbeidsplassar innan oljenæringa Fleire negative utviklingstrekk gjer seg meir og meir gjeldande: Sentralisering av makt i Oslo forfordeler Oslo-området.  Politisk, steinrik stat, næringsliv, byråkrati, organisasjonar - spesielt LO, NHO og miljøorganisasjonar.  Nokre grupper har etablert seg som» gjøkungar» fri for kritisk søkelys...

Norsk samferdslepolitikk: Tog–bløff som utnyttar bilistane (e)

Skrive 28.01.2019.     Samferdslepolitikken her i landet liknar meir og meir på galskap, både fordelingspolitisk og med omsyn til ressursbruk. Det siste er forslaget om at vegbrukarane skal betale enda meir av togbrukarane sine reiser. Trygve Hegnar seier i Finansavisen 25. juli at forslaget kjem fordi ”bilistene er så dumme og fredsommelige og punger ut uten å kny”. Hegnar seier seg samd i at dette er ”landeveisrøveri”.     Eg trur ikkje norske bilistar er dumme, men som mangeårig medlem av NAF syns eg organisasjonen er ganske tafatt opp mot styresmaktene si mangeårige diskriminering av vegbrukarar. Og det ergrar meg at NAF ikkje synes å vere klar over at det skjer mykje meir kollektivtransport på vegane – med buss - enn på jarnbana, og at dette vil bli tilfelle også i framtida. Norsk samferdslepolitikk er ikkje tufta på faktabasert kunnskap, men bygger på to hovedmyter. Den eine er ein påstand som vart planta av NSB for over 30 år sidan, nemleg at jarnban...

Makt og moral i media (E)

Skrive 21.06.2018.     Ein grunnleggande føresetnad for å ha eit levande demokrati, er at vi har har ein fri og faktabasert debatt om politiske saker i det offentlege rom. Som samfunnsengasjert borgar har eg med sorg registrert at slik debatt har vore i tilbakegang i mange tiår her i landet. Media spring meir og meir i flokk og er mest opptekne av kjendisar, det kortsiktige og i overflatisk sladder. Det sel best. Vi ser det ikkje minst i vårt mektigaste media, NRK.   Granskingar har vist at rikspolitikarane hentar storparten av «kunnskapen» sin frå media. Dermed vert både grunnlaget for politikken og sjølve politikken meir og meir devaluert. Vi ser det same i dei fleste demokratiske land. Politikarforakta auka og demokratia er i krise.  Ein skulle tru at såpass grunnleggande og viktige problem ville vekke politisk debatt i riket. Men det skjer ikkje. Og når ein modig maur spelar inn problemstillinga i det offentlege rom, vert det musestille. Alle vet heilt ...

"Alternative fakta" hos Trump – og i Norge (e)

Skrive 14.02.2017.     Mange er rysta over Trump sin bruk av «Alternative fakta». Men metoden har vore brukt med hell i Norge i mange tiår innan samferdslepolitikken: Byråkratar i Samferdsledepartementet, NSB og Jernbaneverket har hjernevaska både statsrådar, media, LO og andre med misvisande «fakta» om jarnbana. Dei har påstått at jarnbana vår er overmåte viktig, og mest effektiv og miljøvenleg av alle transportformer.    Men alt dette er «falske fakta». Dei fleste har likevel trudd på det, og resultatet er blitt enorme statssubsidier til jarnbana, eit distriktsfiendtleg transportsystem, og Europas dårlegaste vegnett. Og mykje mindre kollektivtransport enn vi ville fått med å satse på bussar på gode vegar i heile landet. Dei reelle fakta er: Jarnbana er eit spinndyrt og ineffektivt transportsystem som no vert subsidiert av staten med over 20 milliardar kroner årleg. Ein uhorveleg sum til ein ørliten  produksjon – under 2 prosent av alle reiser i landet skj...

Skal vi la kunnskapsfattige «moralske fyrtårn» styre landet? (Nyaste versjon)

Skrive 28.01.2019.     Har vi fått ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite i rikspolitikken, ein elite som ikkje har peiling på den barske røyndomen «der ute», spurde Andreas Skartveit i BT. Han har ikkje fått svar.   For få år sidan konstaterte politisk redaktør i Aftenposten at vi ikkje har nokon debatt om dei store spørsmåla her i landet, «berre litt mumling». Han hadde rett. Mønsteret er blitt slik: dei store sakene i samfunnet vert «løfta ut av politikken» og avgjort av ein sjølvbestalta «elite» i Oslo, i det skjulte og utan demokratisk debatt i det offentlege rom. Eksempel: Skal vi forsvare oss på heimebane eller skal vi krige på bortebane  i Libya og Afganistan? Skal vi satse på det mest effektive transportsystemet for landet, eller skal vi bygge eit ineffektivt subsidiesluk rundt Oslo? Slike og fleire andre store spørsmål vert halde unna open debatt.  Dette er ein sørgjelege tilstand for demokratiet vårt. Men det vert ikkje debattert. De...

Demokrati, økonomi og solidaritet i unnabakke (E)

Skrive 07.10.2015.    I ein tv-diskusjon for få år sidan kom politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, med ein interessant uttale om den offentlege debatt her i landet. Vi manglar skikkeleg debatt om dei store sakene, sa han, vi har berre litt mumling.   Eg er einig med Stanghelle. Vi manglar eit fritt, sjølvransakande og sakleg offentleg ordskifte om dei store sakene og dei uheldige sider ved dagens Norge. Ein slik debatt er heilt vesentlege for å  ha eit verkeleg demokrati. Det kommunevalet og den valkampen som vi nettopp har lagt bak oss, er illustrerande. Det vi skulle velje var dei  som skulle styre kommunane våre dei neste fire åra. Likevel var det rikspolitikarane som dominerte debattane i dei store avisene og i radio og tv. Og det var riksmedia som bestemte kva for tema som skulle debatterast, og då valde dei tema som ga best underhaldning. Det verka som det var ei felles forståing mellom rikspolitikarane og riksmedia om å unngå viktige og vask...

Er tog viktigare enn å redde tusenvis av liv? (e)

Skrive 04.12.2016.    På grunn av pengemangel vert sjukehusa nekta å ta i bruk midlar som kan redde livet til mange sjuke. Av same grunn lar vi halvparten av våre gamle døy på sjukeheimar med redsel og store smerter. Men staten auser årleg ut over 20 000 millionar kroner for at nokre skal få reise nærmast gratis med jarnbane. Er vi blitt eit perverst samfunn?  Det «umulige» skjedde i USA. Trump vann. Taparane var eliten og media, som over tiår hadde oversett  det som skjedde på grasrota: At mange lønstakarar ikkje hadde fått del i den velstand som utviklinga hadde gjeve til andre. Dei opplevde store økonomiske problem og arbeidsløyse, og at politikarane oversåg dei. Dei mista von om ei betre framtid. Med Trump følte dei for første gong at  ein politikar såg deira situasjon.  Dette forstod ikkje eliten og media, ikkje i USA og ikkje i Norge. Alle var «sjokkerte».  «Trumps valseier bør oppfattes som et varskorop til andre land», skreiv Aftenposten på lei...

Utkast til forord (vedrørende planlagt bok)

Utkast til forord, skrevet av Arne Festervoll, 28.07.2016.    Første gang jeg ble oppmerksom på Rikard Solheim var midt på 1970-tallet under det som den gangen for mange var høydepunktet kraftbransjen, de årlige møtene i Samkjøringen, forløperen til Statnett. Hvert år redegjorde Samkjøringens meget kunnskapsrike og analytiske leder, Rolf Wiedswang, for tilstanden i bransjen, ikke bare i Norge, men i Norden og resten av Europa. For den fulltallige eliten i norsk kraftforsyning fremsto redegjørelsene som overbevisende, så overbevisende at spørsmål og kommentarer nærmest var overflødig.   For Rikard Solheim var det annerledes. For ham var en glimrende redegjørelse et godt utgangspunkt for spørsmål og refleksjon. Er det sikkert at det forholder seg akkurat slik alle synes å mene? Hadde vi for eksempel egentlig et stort underskudd på kraft? Er det et poeng at alle fylker og regioner, eller i og for seg land, må være selvforsynt med kraft?   I disse og mange andre spørsmål...