Demokrati, økonomi og solidaritet i unnabakke (E)

Skrive 07.10.2015.   

I ein tv-diskusjon for få år sidan kom politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, med ein interessant uttale om den offentlege debatt her i landet. Vi manglar skikkeleg debatt om dei store sakene, sa han, vi har berre litt mumling.
 
Eg er einig med Stanghelle. Vi manglar eit fritt, sjølvransakande og sakleg offentleg ordskifte om dei store sakene og dei uheldige sider ved dagens Norge. Ein slik debatt er heilt vesentlege for å  ha eit verkeleg demokrati.

Det kommunevalet og den valkampen som vi nettopp har lagt bak oss, er illustrerande. Det vi skulle velje var dei  som skulle styre kommunane våre dei neste fire åra. Likevel var det rikspolitikarane som dominerte debattane i dei store avisene og i radio og tv. Og det var riksmedia som bestemte kva for tema som skulle debatterast, og då valde dei tema som ga best underhaldning. Det verka som det var ei felles forståing mellom rikspolitikarane og riksmedia om å unngå viktige og vaskelege saker;  politikarane ville helst sleppe å ta standpunkt til dei av redsle for å tape stemmer, og media fordi dei trudde at folk heller ville ha krangel og underhaldning enn ein opplyst debatt. Eg trur at begge  undervurderer folket. 

I staden for ein opplyst debatt fekk vi den vanlege einsretta, overfladiske og  kunnskapsfattige slagorddebatt med utgangspunkt i interessene til makteliten i hovedstaden. Den manglande demokratiske debatten fører til at sterke særinteresser vinn fram, til stor ressurssløsing og til at velståande grupper og regionar vinn fram på kostnad av fattigare. Nedanfor vil eg vise nokre døme på dette. 

Den allmektige staten detaljstyrer også kommunane. Det er ein av grunnane til at så få deltek i kommunevala. I år vart det sett ny rekord i låg valdeltaking, over 40 prosent sat heime. Ingen andre demokratiske land har ein så mektig stat. Det er vår særnorske kombinasjonen av sterk politisk sentralstyring og ein steinrik stat som gjev oss  ein maktkonsentrasjon hos staten som er eineståande – og usunn. Makt korrumperer. Og vi ser mange teikn på at det veks fram ein korrumperande politisk ukultur med tilsløring og desinformasjon, samt kameraderi og gjensidige ytingar mellom ein Oslo-elite frå statsforvaltning, politikk, organisasjonar, særinteresser og næringsliv. «Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo» skreiv BA-kommentator Erling Gjelsvik for eit par år sidan. Det er ein ganske presis observasjon. 

Ei anna viktige årsak til manglande offentleg debatt om dei store sakene er media. Konkurransen er blitt hard, og spesielt dei store mediahusa er blitt meir og meir kommersielle. Media elskar å setje dagsorden, men å gjere det i form av opplyst debatt om styringssystemet krev både innsikt og kapital. Då er det forståeleg at media stort sett berre ”mumlar” vidare om dette, og heller vel å satse på det dagsaktuelle, det overflatiske og det populære. Det sel best. Såleis får ukulturen i samfunnsstyringa segle vidare utan nemnande kritikk frå ”den fjerde statsmakt”.

I ein kronikk i BT 29/7 stilte skribent og tidlegare forlagssjef Andreas Skartveit spørsmålet om vi har fått ein politisk elite «der inne» som har lite peiling på den barske røyndomen «der ute». Bakgrunnen er den aktuelle flyktningesituasjonen i Europa. Han skriv om konflikten mellom rikspolitikarane, «dei moralske fyrtårna», og lokalpolitikarane, «dei som skal utføre den vanskeleg og krevjande jobben». Han peikar på at debatten skjer i riksmedia, der rikspolitikarane får dominere, utan omsyn til ein gjenstridig røyndom. Det blir ein debatt om varme hjarte, humanitet  og godvilje. Ein usann og fiktiv debatt. 

Men Skartveit går vidare med døme frå andre samfunnsområde. Han peikar på at før 22. juli var vi nesten dagleg fora av sjølvskryt av politi- og justisleiinga der inne i Oslo, om kor godt det stod til, og om kor mykje godt arbeid som vart gjort. Men så kom prøva. Og eliten der inne, direktorat og departement strauk. 

Skartveit spør om det var fordi dei ikkje visste korleis det var der ute. Og var dei interesserte i å vite det, eller var dei berre opptekne av sitt: styringsdokument og politikk? 

Med bakgrunn i desse sakene, sluttar Skartveit sin kronikk med nokre sentrale spørsmål: «Har vi fått ein politisk elite rundt våre sentrale styringsorgan som er ekstremt fokusert på det politiske, der det handlar om maktkamp, om lover, budsjett og vedtak?». Vidare spør han om dette er ein elite som berre har gått gradene gjennom ungdomspolitikken, og ikkje har vore innom næringsliv eller lokalpolitikk. 

Til slutt spør Skartveit om vi har fått «eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?». 

Om det er slik, har folkestyreutviklinga frå 1814 tatt eit steg i elitisk retning. 

Dette er særs viktige spørsmål, stilt av ein kunnskapsrik, kjend og respektert person. I eit levande demokrati ville slike spørsmål reist debatt. Men det skjer ikkje. Ingen frå den politiske eliten der inne har så vidt eg har sett kommentert spørsmåla. Som journalistane seier: - når makta vert utfordra, teier ho. Politisk redaktør i Aftenposten konstaterte for fire år sidan at vi ikkje har nokon debatt om dei store spørsmåla her i landet, «berre litt mumling». 

For min del har eg lenge vore stekt oppteken av dei spørsmåla som Skartveit stiller, og eg vil svare ja på alle: Ja, vi har fått ein politisk elite som er fokusert på seg sjølv, på maktkamp og posisjonar. Denne eliten har fått ei snever og lik utdanning og er derfor ganske kunnskapsfattig om røyndomen der ute. Og ja, vi har fått eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute. 

Men det er mykje verre enn det. Det er ikkje berre rikspolitikarane som sit der inne, opptekne av si eiga makt og prestisje, og meler si eiga kake utan tanke på korleis det går med vanleg folk der ute. Vi har dessverre i tillegg fått eit veksande sentralbyråkrati som no er lite opptekne av å gje politikarane faglege råd om kva for løysingar som er best for folk og land ut frå saklege kriterier. Nei, dei er mest opptekne av å få vedtak som tener eliten og som ikkje provoserer sterke grupper. Tidlegare i år kom ei avslørande bok om dette frå ein varslar, - Tesaker som har hatt mange sentrale stillingar i kulturdepartementet. 

Kven er så desse sterke grupper som rikspolitikarane ikkje vil utfordre: Det er mange, og dei er har det til felles at dei er opptekne av eiga makt, prestisje og pengar. Eg må i første rekke nemne riksmedia med NRK i spissen. I staden for å vere eit korrektiv til makta, er «den fjerde statsmakt» vorten ein viktig del av statsmakta. Det er patetisk når leiarane av alle direktorata der inne i Oslo får stå i NRK å messe sine bodskap om behov for store einingar og «robust kompetanse», utan eit einaste kritisk motspørsmål. Sanninga er at både forsking og erfaring viser at stort sjeldan er best. Men dagens journalistar held på å bli like kunnskapsfattige som rikspolitikarane, i dag er det underhaldning og fjas som sel best, så dei har ingen bakgrunn for å kunne stille dei kritiske og relevante spørsmåla. Dermed vert dei eit mikrofonstativ og sandpåstrøarar for sentralmakta. 

Ei anna sterk og maktbevisst gruppe som den politiske eliten ikkje vågar å legge seg ut meg er miljøorganisasjonane. Og heller ikkje denne makta får kritiske spørsmål frå riksmedia. Eg har heile livet vore sterkt oppteken av natur-og miljøvern, og har også vore så heldig å få jobbe med saker som er  knytta til dette, nemleg utvikling av fornybare og miljøvenlege energisystem. For det meste i sterke kunnskapsmiljø, både i inn- og utland. 

Eg har også jobba opp mot miljøorganisasjonar og vore medlem i nokre. Men eg er blitt meir og meir kritisk til at også dei prioriterer makt, prestisje og pengar til seg sjølve framfor det som tener miljøet. (...) 

Det er også fleire andre sterke grupper av særinteresser som er ein del av makteliten der inne i Oslo. Dei er ikkje valde av oss, men dei har fått stor makt fordi dei er beskytta av riksmedia og av kvarandre.  

Kontrasten er det du finn i mindre samfunn i heile landet. Lokalpolitikarar som stiller opp og gjer si «verneplikt» i lokaldemokratiet, stor dugnadsånd og eit utal av frivillige organisasjonar som alle på ideelt grunnlag gjer ein stor innsats for trivsel og velferd for folket.  

Problemet for alle desse lokalsamfunna, er at den steinrike og allmektige staten der inne i Oslo er vorten meir og meir oppteken av korleis han kan suge mest mogleg pengar inn til seg sjølv og til den sjølvbestalta eliten der inne. Det skjer på utallege måtar. Og det skjer usynleg og utan open debatt. Situasjonen liknar meir på eit korrupt mafiasystem enn eit reelt  demokrati. Skribent og kommentator i BA, Erling Gjelsvik, skreiv for eit par år sidan «Den norske staten har utviklet seg til et snyltedyr som heter Oslo» (BT 7/10-2013).   

Eg vil nemne eit par eksempel på denne overføring av pengar til staten og Oslo-området. Eitt frå samferdslepolitikken og eitt frå energisektoren. Men der fins mange andre. (...) 

I dette ”Det nye Noreg” er det meir viktig å framstå som god enn å vere god. Meir viktig å vere ”innovativ” enn påliteleg. Meir viktig å vere synleg på TV og bygge karriere enn å gjere gangs arbeid. Meir viktig å vere opptatt av spektakulære prosjekt og planer enn å vere opptatt av kvardagslege og ”kjedelege” ting som å halde vedlike skular, bygge vegar, lækje sjuke folk og å ha eit kommunikasjonsystem som fungerer. 

(Ikkje ferdig) 

...


Translated to English, largely by Google Translate and ChatGPT:  

In a television discussion a few years ago, Aftenposten's political editor, Harald Stanghelle, made an interesting statement about public debate in this country. We lack a proper debate on the big issues, he said, we have a bit of mumbling only. 
 
I agree with Stanghelle. Norway lacks a free, self-examining and factual public exchange of opinions about the big issues and the unfortunate aspects of today's Norway. Such a debate is absolutely essential to having a real democracy. 

The municipal election and the election campaign that we put behind us, are illustrative. What we had to choose, were the persons who are to govern our municipalities the next four years. Nevertheless, it was the national politicians who dominated debates in the major newspapers and on radio & television. It was the national media that decided which topics to be debated, and then they chose the topic that provided better entertainment. It seemed to be a common understanding between the national politicians and the national media to avoid important and dirty matters; the politicians prefer not to take a stand on them because of fear of losing votes, and the media because they believed that people would rather have arguments and entertainment instead of an enlightened debate. I think both underestimate the Norwegian people.  

Instead of an enlightened debate, we got the usual single-minded, superficial and knowledge-poor slogan debate based on the interests of the power elite in Oslo. The lack of democratic debate leads to strong special interests winning, to huge waste of resources, and to prosperous groups and regions winning at the expense of poorer ones. Below, I will show some examples.

The all-powerful Norwegian state also governs the municipalities in detail. It is one of the reasons why so few voted in the municipal elections. This year, the voter turnout was record low, and more than 40 percent stayed at home. No other democratic country has such a powerful state. It is our uniquely Norwegian combination of strong political central governance and a super-rich state that gives a concentration of power at the state level that is independent - and unhealthy. Power corrupts. We see many signs that a corrupting political culture is emerging with cover-up and disinformation, as well as camaraderie and mutual favors between an Oslo elite from state administration, politics, organisations, special interests and business. "The Norwegian state has developed into a parasite called Oslo", wrote BA commentator Erling Gjelsvik a couple of years ago. It is a fairly accurate observation. 

Another important reason for the lack of public debate about the big issues, is the media. The competition is fierce, and especially the big media houses have become more and more commercial. The media loves to set the agenda, but to have an informed debate about the governance system requires both insight and capital. Therefore, it is understandable that the media mostly only "mumbles" on about this, and rather focuses on current affairs, superficial matters and whatever is popular. It sells better. In this way, the lack of culture in social governance is allowed to carry on without much criticism from the "fourth state power". 

In an article in Bergens Tidende on July 29, writer and former publishing manager Andreas Skartveit asked whether we have got a political elite "in there" who has little idea of ​​the harsh reality "out there". The background is the current refugee situation in Europe. He writes about the conflict between the national politicians, "the moral lighthouses", and the local politicians, "those who will carry out the difficult and demanding job". He points to the fact that the debate takes place in the national media, where the national politicians are allowed to dominate, regardless of stubborn facts. The result is a debate about warm-heartedness, humanity and goodwill. An untrue and fictitious debate. 

Skartveit continues with examples from other areas of society. He points to the fact that before July 22, we almost daily, had self-bragging feed from the police and justice management in Oslo, about how well things were going, and about how much good work was done. But then came the test. And the elite in there, the directorate and ministry, failed.   

Skartveit asks whether it was because they didn’t know what things were like out there. And were they even interested in knowing, or were they only concerned with their own world: steering documents and politics?

Against this backdrop, Skartveit concludes his op-ed with some key questions: “Have we developed a political elite surrounding our central governing institutions that is extremely focused on politics in the narrow sense — power struggles, laws, budgets, and resolutions?” Further, he asks whether this is an elite that has only risen through the ranks of youth politics, without any experience in business or local government.

Finally, Skartveit asks whether we now have “an elected political upper house sitting in there governing, with decreasing knowledge of and interest in what is happening out there, and in those who live out there?”

If that is the case, then the development of the Norwegian democracy since 1814 has taken a step in an elitist direction.

These are extremely important questions, raised by a knowledgeable, well-known, and respected person. In a vibrant democracy, such questions would spark debate. But that’s not happening. As far as I can see, no one from the Norwegian political elite has commented on the questions. As the journalists say — when power is challenged, it stays silent. Four years ago, the political editor of Aftenposten noted that we have no real debate about the big issues in this country, “just a bit of mumbling.”

Personally, I have long been deeply concerned about the questions Skartveit raises, and I would answer yes to all of them: Yes, we have developed a political elite that is focused on itself, on power struggles and positions. This elite has received a narrow and uniform education and is therefore quite ignorant of the realities outside. And yes, we have an elected political upper house that sits in there governing, with decreasing knowledge of and interest in what is happening out there, and in those who live out there.

But it’s much worse than that. It’s not just the national politicians who sit there, preoccupied with their own power and prestige, serving their own interests without thinking about how ordinary people are doing. Unfortunately, Norway also has a growing central bureaucracy that shows little interest in giving politicians professional advice about what solutions are best for the people and the country based on objective criteria. No, they are mostly focused on securing decisions that benefit the elite and avoid provoking powerful interest groups. Earlier this year, a revealing book was published by a whistleblower — Tesaker, who has held many key positions in the Ministry of Culture.

So who are these powerful groups that national politicians dare not challenge? There are many, and what they have in common is a preoccupation with power, prestige, and money. First and foremost, I must mention the Norwegian national media, with NRK at the forefront. Instead of being a check on power, “the fourth estate” has become an integral part of state power. It’s pathetic when the heads of all the directorates in Oslo are allowed on NRK and preach their messages about the need for large units and “robust competence,” without a single critical follow-up question. The truth is that both research and experience show that bigger is rarely better. But today’s journalists are becoming as poorly informed as national politicians. Today, entertainment and fluff sell best, so they have no basis for asking the critical and relevant questions. As a result, they become a mouthpiece and rubber stamp for central power.

Another powerful and self-aware group that the political elite does not dare to confront, is the environmental organizations. And this power too receives no critical questioning from the national media. I have been deeply committed to nature and environmental protection all my life and have been fortunate to work with issues related to this — namely, the development of renewable and environmentally friendly energy systems. Mostly in strong research environments, both in Norway and abroad.

I have also worked with and been a member of several Norwegian environmental organizations. I have become increasingly critical of how they too prioritize power, prestige, and money for themselves over what benefits the environment. (...)

There are also many other strong special interest groups that form part of the power elite in Oslo. They are not elected by the Norwegian people, but they have gained significant power because they are protected by the national media and by each other.

The contrast lies in what you find in smaller communities throughout the country: local politicians who step up and do their “civic duty” in local democracy, a strong spirit of volunteerism, and countless nonprofit organizations that work selflessly to promote the well-being and quality of life of the people.

The problem for all these local communities is that the immensely wealthy and all-powerful state apparatus in Oslo has become increasingly focused on how it can siphon as much money as possible into itself and the self-appointed elite there. This happens in countless ways. And it happens invisibly and without open debate. The situation in Norway resembles a corrupt mafia system more than a genuine democracy. Writer and commentator Erling Gjelsvik wrote a few years ago: “The Norwegian state has evolved into a parasite called Oslo” (BergensTidende, October 7, 2013).

I’ll mention a couple of examples of this transfer of money to the Norwegian state and the Oslo area — one from transport policy and one from the energy sector. But there are many others. (...)

In this “New Norway,” it is more important to appear good than to be good. More important to be “innovative” than reliable. More important to be visible on TV and build a career than to do honest work. More important to focus on spectacular projects and plans than to care about everyday, “boring” things like maintaining schools, building roads, healing sick people, and ensuring we have a functioning communication system.

(Not finished)



Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (E)

Om kvifor eg skriv i aviser – og bok