Skrive 03.05.2019. Kvifor vil ein beskjeden vestlending på 75 år og med kreftsjukdom skrive debattbok om samfunnsspørsmål? Først og fremst på grunn av eit sterkt samfunnsengasjement, og fordi eg har registrert at i dagens Norge er offentleg debatt og politikk blitt meir og meir einsretta, kunnskapsfattig og kortsiktig. Det gjev dårlege vilkår for god samfunnsutvikling. I samfunnsdebatten er kunnskap eit av dei mest brukte honnørorda. Men dette er ein «liksom-kunnskap». Verkeleg kunnskap vert meir og meir mangelvare både i debatt og politikk. Faktabasert kunnskap basert på naturvitskap er nesten fråverande, og generell kunnskap er blitt sterkt devaluert. Årsakene til dette er mange. Det starta vel då marxist-leninistane herja som verst for nokre tiår sidan og etter kvart fekk stor makt i skuleverk, media, forlag og forvaltning. Ideologi fekk rang framfor vitskap og kunnskap for ein heil ungdomsgenerasjon. Skillet mellom å tru og å vite vart gradvis viska ...
Skrive 07.10.2015. I ein tv-diskusjon for få år sidan kom politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, med ein interessant uttale om den offentlege debatt her i landet. Vi manglar skikkeleg debatt om dei store sakene, sa han, vi har berre litt mumling. Eg er einig med Stanghelle. Vi manglar eit fritt, sjølvransakande og sakleg offentleg ordskifte om dei store sakene og dei uheldige sider ved dagens Norge. Ein slik debatt er heilt vesentlege for å ha eit verkeleg demokrati. Det kommunevalet og den valkampen som vi nettopp har lagt bak oss, er illustrerande. Det vi skulle velje var dei som skulle styre kommunane våre dei neste fire åra. Likevel var det rikspolitikarane som dominerte debattane i dei store avisene og i radio og tv. Og det var riksmedia som bestemte kva for tema som skulle debatterast, og då valde dei tema som ga best underhaldning. Det verka som det var ei felles forståing mellom rikspolitikarane og riksmedia om å unngå viktige og vask...
Skrive 06.12.2016. (...) For om lag to veker sidan sende eg eit debattinnlegg til avisa. Eg argumenterte for å droppe bybane til Fyllingsdalen og satse på gode og raske bussar, slik «heile verda» no gjer. Sidan artikkelen ikkje har stått på trykk, reknar eg med at avisa ikkje vil ha den. Det har avisa sjølvsagt rett til. Når eg skriv no er det (...) for å seie litt om kvifor eg syns det er leitt at avisa ser ut til å reagere negativt på kritikk av AP-byrådet I Bergen, og litt forsiktig kritikk av AP og av avisa. (...) Saka er dessverre at i det norske samfunn i dag er det svært avgrensa ytringsfridom for den som ikkje er kjendis, leiar i ein organisasjon, politikar eller har kjenningar i ein redaksjon (...). Maktkritikk er blitt mangelvare. «Gravejournalistar» vert oppsagte over heile landet og dei sosiale skilnadane aukar, utan at årsakene til dette vert nok analysert. Meiningssensur er heller ikkje ukjent. Eg har (...) fått opplyst at (...)-avisene ikkj...