Er vi som bur utanfor Oslo mindreverdige?

Skrive 19.03.2013.   

Staten si diskriminering av alt utanfor det sentrale Austlandet aukar. Det siste overgrepet er at vi årleg skal betale 10 milliardar kroner til eit håplaust InterCity-tog. Bør vi det? 

Skal vi finne oss i galskapen og uretten?

Den siste tida har staten sin aukande maktarroganse vore omtalt i BT av fleire, både redaksjonelt og i lesarinnlegg. Mange har tatt opp den geografiske skeivfordelinga på kultursektoren. (...) har gjennom sterke innlegg i BT prøvd få i tale vestlandspolitikarane, som taust har funne seg i skeivfordelinga av Vestlandet gjennom alle år. Spesielt har dei utfordra Erna Solberg. Sjølv har eg i to kronikkar i BT prøvd få debatt om uretten og den økonomiske og miljømessige galskapen på transportsektoren gjennom å dokumentere dei faktiske forholda. Men ingenting av dette synes å nytte. Våre folkevalde bryr seg ikkje.

Kva så? Skal vi finne oss i det korrupsjonsliknande maktmisbruket og berre gje opp? Eg syns ikkje det. Vi er i eit valår, og då bør stortingkandidatane vere meir lydhøyre. Sjølv vil eg sjå heilt bort frå parti og kandidatar som eingong ikkje vågar å ta ein open debatt i avisspaltene om desse livsviktige spørsmåla.

Årleg døyr (...) på E39. Storparten av desse liva kunne vore spart med ein tidsmessig veg. For ikkje å snakke om nytten for både folk flest og næringslivet. Samstundes er det tenkt søla vekk over hundre milliardar kroner på eit lyntogprosjekt rundt Oslo (InterCity), som er så ulønsamt at staten krev at resten av landet skal støtte dei relativt velståande reisande med 10 milliardar kroner for året. For kvar dagpendlar med 200 arbeidsdagar betyr det minst 200 000 kroner i årleg reisestøtte. Dette er ei form for doping av arbeidsplassar i Oslo. Ikkje rart då at folk vil flytte dit! Og denne galskapen ser ikkje ut til å skulle ta slutt i tilfelle regjeringsskifte. Erna Solberg har, saman med resten av stortingsrepresentantane, sagt at ho støttar prosjektet. Det er underleg at også ei eventuell Høgre-regjering vil støtte eit tiltak med så liten betalingsvilje i marknaden at det må til enorme statssubsidiar. Eg trudde slik politikk vart slutt med det gamle Sovjet–samveldet.

Bør vi få kjøpe strøm for 5 øre pr. kilowattime?

For å få det økonomisk håplause InterCity-prosjektet til å sjå økonomisk ”fornuftig” ut, har NSB og deira mektige lobbykameratar greidd å overtale stortingspolitikarane til å meine at staten, dvs. alle andre enn brukarne, bør betale den absolutt største kostnaden, dvs. investeringa i den enormt dyre skinnegangen og tilhøyrande utstyr, som no nærmar seg 1 milliard kroner per km. Passasjerane skal berre betale ein del av driftskostnadane.

Eg vil illustrere galskapen i dette nokså eineståande betalingsprinsippet ved å samanlikne med ein bransje som eg kjenner godt, kraftbransjen. Det er stor økonomisk likskap mellom kraftanlegg og lyntog i den forstand at investeringskostnadane er svært høge og driftskostnadane små, spesielt for vasskraftanlegg. Dersom vi skulle brukt same prinsipp for investering og prising innan kraftbransjen som no vert tilrådd for lyntogutbygginga, ville straumforbrukarane få straumen for ein pris som tilsvarar driftsutgiftene. Det vil seie om lag 5 øre per kilowattime. Resten skulle staten betale. Galskap sjølvsagt. Alle dei som forsvarar dette prinsippet ved InterCity vil protestere vilt mot eit slikt opplegg. Spesielt Jens Stoltenberg, Erna Solberg, Victor Norman og alle økonomiekspertane i landet.

E39 er svært lønsam, InterCity ei katastrofe 

Regjeringa går inn for ein 1000 km lang ferjefri firefelts motorveg på strekninga Kristiansand – Bergen - Trondheim til ein prislapp på 130-150 milliardar kroner. E39 bind saman tre landsdelar med samanlagt to millionar menneske, som i dag har det dårlegaste hovudvegnettet i Vest-Europa. Sløyfer ein bruene og beheld ferjene med 15 min. frekvens, vil prosjektet koste om lag 100 milliardar kroner mindre, altså om lag 40 milliardar kroner. Prosjektet vert framstilt som ein gåvepakke til vestlendingane. Men ”gåva” består i at brukarane, vestlendingane, skal få lov til å betale moroa sjølve, etter at dei i årevis har betalt titals milliardar kroner meir inn til statskassa i form av bilavgifter og bompengar enn kva vi har fått ut til investering og vedlikehald av vegane våre.

Samfunnsøkonomien ved eit prosjekt er bestemt av kostnadane på den eine sida og på den andre sida av nytten for brukarane og samfunnet. Samfunnsnytten for eit prosjekt er nær knytt til betalingsviljen hos brukarane. Ny E39 har svært stor lønsemd samfunnsøkonomisk sett, og vil ha stor betalingsvilje hos brukarane i forhold til kostnadane, spesielt utan bruer over alle fjordane. 

Det såkalla InterCity-prosjektet på Austlandet, eit system av lyntog mellom Oslo, Halden og Lillehammer er kostnadsrekna til om lag 130 milliardar kroner, altså om lag det same som ferjefri E39 og mange gonger dyrare enn E39 utan bruer. Men samfunnøkonomien og betalingsviljen vert mykje dårlegare, ja heilt elendig. Dels fordi transportarbeidet ved dette prosjektet vert berre ein brøkdel, toppen 10 %, av det vi får på E39, men også fordi dei alternative kostnadane for brukarane er mykje lågare enn ved E39.

Dei årlege kostnadane til avskrivingar og drift for InterCity vert i storleik 15 milliardar kroner. Betalingsviljen frå passasjerane kan høgst bli 2 milliardar kroner. Men i tillegg kjem at det fins eit godt alternativ til berre ein brøkdel av kostnaden. Parallelt med InterCity vil det frå 2015 gå 4-felts motorvegar. Eit alternativt opplegg med store og raske bussar på desse vegane kan ta det vesle transportvolumet på InterCity til ein årleg kostnad i storleik 1 milliard kroner og til ein brøkdel av energirekninga for jarnbana.

Når kostnaden er 15 milliardar, betalingsviljen hos brukarane 2 milliardar og alternativkostnaden 1 milliard kroner,  er det for meg uforståeleg at ein kunnskapsrik mann som Victor Norman (BT 21. februar) kan få seg til å seie at Intercity er eit av dei mest lønsame samferdsleprosjekta i landet.

Liknar på korrupsjon 

For InterCity går Oslo-makta inn for å gje Oslo-området og seg sjølve ein verkeleg gåvepakke. Staten, dvs. vi alle andre, skal betale rekninga for InterCity. (...) Subsidieringa frå oss til dei vil verte i storleik 300 000 kroner årleg for kvar dagpendlar med 200 arbeidsdagar (...) Denne ”løysinga” med rask og komfortabel transport til rimeleg pris vil gje stor økonomisk vinst til maktpersonane i Oslo framover. Subsidieringa frå oss til dei vil verte enorm. Både til stortingsrepresentantar, mediefolk og dei titusenvis av byråkratar i alle statsinstitusjonar og organisasjonar som er hopa opp i Oslo. Til dømes NHO, LO, miljøorgansisasjonar og mange andre. Ikkje så rart då at alle desse jublar og syns dette er glupt, eller eit ”kinderegg” som mange av dei kallar det. Dette kinderegget  liknar for meg sterkt på korrupsjon.

Er vi mindre verdt?

Slik statsmakta no behandlar oss, ser det ut til at ho ser på oss utanfor Oslo-området som mindreverdige. Og stortingsrepresentantane våre teier og samtykker. Også den potensielle nye statsministeren. Eg trur mange veljarar ventar svar på kvifor dei går inn for slik forskjellhandsaming til fordel for Oslo-området. 

(Ikke ferdig) 

 

 

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (E)

Demokrati, økonomi og solidaritet i unnabakke (E)

Om kvifor eg skriv i aviser – og bok