Kva er miljøvern?
Stopp tilskitinga!
I norsk miljøpolitikk har det å forgifte og skitne til jord, vatn og natur stort sett vore ikkje-tema i 60 år. Det er på tide at vi vaknar.
I BA for 8. mai 2018 hadde direktør (...) Hambro i Miljødirektoratet eit innlegg om marin forsøpling, og om folks sterke engasjement for å rydde strendene. Ho skriv at dette pressar styresmaktene til å handle.
Det er flott at mange gjer ein stor dugnadsinnsats, men det er ein fallitt for miljøstyresmaktene at folk flest må presse dei til å gjere jobben sin.
Korleis har vi hamna der? Og kvar har det enorme statlege miljøbyråkatiet og alle miljøorganisasjonane vore? Vi må gå litt attende i tid.
Dei siste 60 åra, er det heilt andre spørsmål enn tilskiting av naturmiljøet som har fanga interessa til både miljøstyresmakter, miljøbyråkrati og miljøorganisasjonar.
Dei seinaste 40 åra før hundreårskiftet, var det kamp mot utbygging av vasskraft som var definert som miljøvern. Norges Naturvernforbund (NNV) var nærmast fanatisk på det sporet. Og sidan dei var den største og eldste av miljøorganisasjonane, fekk dei også det offentlege miløbyråkratiet med seg på dette. Forureining og forgifting av naturen gjekk i gløymeboka.
Og dei siste 20 åra er det (...) «menneskeskapte klimaendringer» som er bortimot det einaste miljøproblemet som det er politisk korrekt å snakke om.
Store plastmengder i havet har vore kjent i feire tiår. Men det måtte til ein stranda kval på Sotra med magen full av plast, før saka tvinga seg inn i den såkalla miljødebatten vår.
Like einsretta var miljødebatten og – politikken for 40-50 år sidan. Då budde eg i nokre år i Oslo, like ved fjorden. Med godt stell kunne Oslofjord-området vore eit friluftseldorado for ein halv million menneske. Men vatnet i Oslofjorden var blitt så tilskita at ein måtte langt ut frå Oslo før det var muleg å bade. Og det var mykje rask og skrot på strendene..
Men dette var ikkje tema i «miljødebatten». Til dømes spurde Arbeiderbladet i Oslo i januar 1979 fire kjende «miljøpersonar» om 1978 hadde vore «et tilfredsstillende år for miljøverninteressene? Typisk nok svara representanten frå Oslo Arbeiderparti Naturvernforening slik: «Det kommer an på de forventninger vi hadde. Vi måtte gi tapt i Orkla/Grana, delvis i Alta, men vant Veig/Dagali, Skaidi og Kvænangen, og viktigst av alt, Hardangervidda ble nasjonalpark.»
Også svara frå dei tre andre viste at dei var mest opptekne av kampen mot vasskraftutbygging.
Eg kunne ikkje late vere å reflektere over kvifor dei som kalla seg natur- og miljøvernarar var så lite interesserte i å få slutt på tilskitinga av Oslofjorden, noko som ville gitt hundretusenvis av familiar fin og rein natur i nærmiljøet sitt. Derimot var dei bortimot fanatisk opptekne av kamp mot vasskraftutbygging i høgfjellet, som stort sett ville gje marginale ulemper for eit fåtal personar.
Desse «miljøvernarane» hadde ressursar nok til å skipe pressgrupper for å ivareta sine interesser i høgfjellet. Og ved hjelp av miljøbyråkratiet og massemedia makta dei å skape intrykk av at kamp mot vassdragsutbygging var det einaste miljøvern som var verd å bry seg om. Tilskitinga av naturen fekk halde fram for fullt.
På same måten arbeider no klimalobbyen for at klima skal vere miljøproblemet i særklasse. Det vert bruk hundrevis av milliardar kroner på «klimatiltak», som ofte har lite eller ingen virkning på klimaet. For eksempel Intercity-prosjektet på Austlandet.
Dei «gamle» og viktige miljøsakene rein natur og reint vatn, har tapt både kampen om pengestøtte frå staten, og hjelp og støtte frå miljøorganisasjonane og dei tusenvis av offentlege miljøbyråkratane vi har skaffa oss.
Dette har skapt ei haldning hos mange om at det er greitt å skitne til og kaste frå seg både plast og anna rask overalt. Tenk på korleis det ser ut etter store arrangement som VM på sykkel og Holmenkollrenna.
Det er på høg tid å ta forureininga av jord, vatn og natur på alvor. Det krev at vi stiller krav både til oss sjølve og til det offentlege; til miljøpolitikarar, - byråkratiet og - organisasjonar om at dei legg til sides gamle kjepphestar og verkeleg satsar på ei storstilt opprydding både i tankemønster og i naturen.
I innlegget sitt fortel Hambro om at dei «jobber med» ei lang liste med forebyggande tiltak. Men eg syns at det verkar både puslete og unnvikande i forhold til dei utfordringane vi har skaffa oss.
Eg syns at å hindre tilskiting og forgifting av naturen bør få første prioritet i miljøvernarbeidet. Kva med å lage ei lov som forbyr slikt?
Hambro fortel at folk nesten står i kø for å rydde opp på strendene. Det er flott. Men eit skippertak no og då er ikkje nok!
Ho bør nytte dette engasjementet til å starte ei folkerørsle og ein politikk for å rett opp mange års forsøming. Det vil krevje kraftige omprioriteringar av både milliardar og personell i dei offentlege budsjetta. Tar du den utfordringa, Hambro?