Absurd kraftpolitikk

Skrive 17.04.2019.   

Absurd kraftpolitikk   

Kraftpolitikken vår liknar på galskap. Det gjeld både det som skjer på produksjonssida og på forbrukssida.

Trass i at landet allereie har stort overskot av kraft som må eksporterast, får utanlandske kapitalinteresser lov til å bygge ned landet med  nye, ulønsame og skjemmande vindkraftanlegg. BT har informert grundig om dette siste året.  Fordi produksjonen er ulønsam, vert norske forbrukarar tvinga til å betale eit påslag i kraftprisen. Dette går til utbyggjarane, og gjev desse ei ekstrainntekt på om lag 1 milliard kroner per år. Lenger frå sunn kraftmarknad og sunn fornuft er det vanskeleg å kome.

Utbygging av vindkrafta krev også mykje nytt kraftnett, og auke i  nettleiga for forbrukarane.

Det er ikkje mindre absurd på forbrukssida. Dei tradisjonelle forbrukarane, vanleg folk som brukar elektrisitet til lys, varme og anna i heimen, må betale ein høg straffeskatt som heiter elavgift til staten. Elavgifta og subsidiane til vindkraft utgjer tilsaman om lag 10 tusen kroner ekstra per år for ein vanleg familie.

For dei som brukar elektrisitet i bilar og tog, til kraftintensiv industri og diverse anna, er det stikk motsett. Desse slepp både elavgift og andre påslag, og får dessutan mange slags hjelp og støtte frå styresmaktene.

Dei forbrukarane som har finansiert utbygging av det flotte kraftsystemet vårt vert straffa, medan «nykomarane» får sydd puter under armane. Det fins ikkje eit einaste sakleg argument for denne groteske forskjellshandsaminga.

Kvifor i all verda har vi kome ut med ein så irrasjonell politikk? Svake og likesæle politikarar har hovedansvaret. Men mange aktørar har vore med og påverka. Miljørørsla har spela ei hoverolle. I samarbeid med mektige næringsinteresser har dei fått stor makt.

Jens Stoltenberg tok eit kraftig oppgjer med dette uvesenet i boka «Min historie» som kom ut i 2016. Eitt av eksempla som Stoltenberg tok fram, var dei såkalla «Grønne sertifikater» frå 2006. Dette er ei «lureordning» for å få bygd ut ulønsam fornybar kraft. Opplegget er at folk flest må betalte eit tillegg til marknadsprisen, for at kraftutbygging som ikkje er lønsam, skal bli «lønsam» likevel. Samfunnsøkonomen Stoltenberg såg sjølvsagt at dette var rein idioti. Men han greidde ikkje å få regjeringspartnarane sine, SV og SP,  med på å avvise sertifikata.

Den kraftintensive industrien tener på ordninga. Stoltenberg fortel at miljørørsla og industrien pressa så sterkt på at fleirtalet på Stortinget sa ja. Det er berre ein politikar som i etterkant har beklaga, nemleg Heidi Sørensen som var statsekretær i Miljøverndepartementet og tidlegare leiar i Naturvernforbundet. For nokre år sidan gjekk ho ut offentleg og sa at å støtte innføring av desse «sertifikata» var det dummaste ho har gjort.

Det er ei anna EU-ordning som også spelar ei stor rolle for utbygginga av vindkraft. EU har vedteke at dei skal auke andelen fornybar energi frå om lag 5 prosent, som dei hadde tidlegare, til 20 prosent av totalproduksjonen innan 2020. Fordeling på kvart land i EU er gjort i det såkalla «Fornybardirektivet».   

Frå 2011 vart Fornybardirektivet ein del av EØS-avtala vår. Då kom spørsmålet opp om kor stor fornybarandel Norge skulle påleggast. EU kravde 75 prosent. Det ville ikkje regjeringa godta, men etter harde forhandlingar enda vi med 67,5 prosent. Også det er himmelhøgt over det EU-landa har. Og det aukar presset på å bygge ut vindkraft og anna ulønsam kraft.

Då er det litt sært at både milørørsla og kraftkrevande industri heia fram den avtalen. Dei ville at Norge skulle godta kravet frå EU. I 2009 kalla Norsk Industri og Norges Naturvernforbund (NNVF) med fleire inn til pressekonferanse og argumenterte for at Norge måtte godta EU sitt krav – minst. Dei deltok nærast på EU si side i forhandlingane!

På den bakgrunn er det litt spesielt at Naturvernforbundet no går på bana og protesterer mot vindmøllene.

Det er ikkje all kraftproduksjon som er like verdifull for forbrukarane og for kraftsystemet. Vindkraft er tilfeldig kraft, som er mykje mindre verdt enn garantert kraft frå vasskraftverka våre. For nokre år sidan kom ei svensk analyse som sa at den reelle systemverdien av vindkraft i det svenske kraftsystemet var berre to tredjeparten av den nominelle produksjonsevna.

I tillegg er det mange andre som gjerne vil stå fram som «moralske fyrtårn» i klimakampen, og bygge ut meir fornybart. Vi finn fleire av dei i det sentrale miljøbyråkratiet.

Det er også mykje som talar for at vindmøllene får lov av styresmaktene til å snylte på vasskrafta vår.

Norge er eit energiland i særklasse. Litt fordi vi produserer olje og gass, men først og fremst fordi vi lenge har dekka over halvparten av energiforbruket vårt med elektrisitet. Som vi har kunne skaffe fram ved hjelp av den fantastiske vasskrafta. I «normale» industriland har elektrisiteten dekka berre om lag 20 prosent av forbruket, og berre ein liten brøkdel av dette frå fornybar energi. Resten måtte dei dekke med fossile brensel, i første rekke olje.

Kraftpolitikken vår dei siste tiåra har også vore i særklasse – i negativ forstand. Forbrukarane har nærmast vore behandla som «nyttige idiotar».

A. Skartveit har i 50 år vore ein høgt respektert mann i norsk samfunnsliv. For tre år sidan skreiv han ein usedvanleg sterk kronikk i BT om eit stort samfunnsproblem: ukulturen hos «dei moralske fyrtårna» på Stortinget. Han skreiv om «ein kunnskapsfattig og sjølvgod politisk elite», og spurde: «Har vi fått eit folkevalt politisk overhus som sit der inne og regjerer, med minkande kunnskap om og interesse for det som skjer der ute, og for dei som er der ute?».

Skartveit hadde rett. Siste tiåra har det utvikla seg ein ukultur i rikspolitikken. Faktabasert kunnskap er bytta ut med slagord og symbol. Politikarane er blitt mindre opptekne av  kva som er best for folket, men meir av eiga makt og posisjon. Dette fører til at dei nærmast abdiserer på mange politikkområde, og overlet politikken til andre. Det skjer ikkje minst i kraftpolitikken. 

Nokre sentrale energifakta: Allereie før klima kom på dagsorden, såg EU-landa at dei heldt på å få eit forsyningsproblem: Dei var blitt heilt avhengige av importert olje og gass. Oljeforbruket måtte reduserast og fasast ut, og dei måtte finne alternativ. Svaret vart å satse sterkt på energisparing, og på fornybar energi. Det var etablert enorme økonomiske støtteordningar – som ei slags livsforsikring. Det har ført til storstilt utbygging av vindkraft og solkraft.

Dette har dette ført til store utfordringar for kraftsystema i EU. For at eit kraftsystemet ikkje skal bryte saman, er det nemleg eit ufråvikeleg krav at produksjonen heile tida må vere i balanse med forbruket, kvart minutt og kvart sekund. Når det kjem mykje ustabil produksjon inn i systemet, vert balanseoppgåva svært vanskeleg. Det er her vasskrafta kjem inn: Ho kan nemleg mykje raskare enn dei andre produksjonsmåtane justerast opp eller ned i takt med forbruket og derfor fungere som eit slags smøremiddel i systemet. 

Sidan vi har hatt nesten berre vasskraft i kraftsystemet vårt, er dette balanseproblemet lite kjent her i landet.

Men EU har lite vasskraft, men mykje «treg» fossil produksjon. Dei er derfor fullt klar over at vasskrafta si evne til å «smøre» systemet er gull verdt. Det opplevde eg då eg i fem år på 1990-talet var norsk representant i ei ekspertgruppe som hadde til oppgåve å utvikle fornybar energi i det europeiske kraftsystemet. Det vart gjort utrekningar over kor mykje «smøringa» frå vasskraftstasjonar er verdt for systemet. Det var astronomiske summar! Det er nærliggande å kalle denne store ekstraverdien ved av vasskrafta vår for «det skjulte gullet».

Men dei som byggjer vindkraft i EU veit nok om det. Der vert dei truleg nøydde til å betale ei avgift til systemet som kompensasjon for dei ekstra kostnadane som vindkrafta deira påfører systemet. Eg er redd for at dei slepp det her i landet. Mellom anna fordi verken politikarane eller forvaltinga er klar over «det skjulte gullet», dei kan derfor kome til å gje det bort gratis. Opplysningane i BT Magasinet for 10. mars tyder på det.

Sjefen i NVE, Per Sanderud sa nemleg der at «det minste Norge kan gjøre med vår overflod av fornybare kraftkilder, er å bidra til at EU innfrir sine klimamål». Og dåverande statsråd var ubekymra over at det er utenlandske selskap som kjøper opp den norske vindkrafta.

Utbygginga av vindkraft gjev oss enormt kraftoverskot og stekt redusert verdi av den offentleg eigde vasskrafta. Det er gjort utrekningar på at det dreier seg om tap i storleik 100 milliardar kroner for eigarane, det vil seie staten, kommunar og fylkeskommunar.

Eg er korkje i mot kraftutbygging eller utlendingar. Men eg er sterkt i mot vindkraftutbygging som er så ulønsam at folk flest vert tvinga til å betale subsidier til utanlandske kapitalinteresser. Eg likar heller ikkje at desse truleg får lov til å snylte på – og devaluere - vasskrafta vår, og at dei i tillegg ser ut til å få svært velvilleg handsaming av konsesjonssøknadane sine.

 

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (E)

Demokrati, økonomi og solidaritet i unnabakke (E)

Om kvifor eg skriv i aviser – og bok