Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2024

Er vi som bur utanfor Oslo mindreverdige?

Skrive 19.03.2013.    Staten si diskriminering av alt utanfor det sentrale Austlandet aukar. Det siste overgrepet er at vi årleg skal betale 10 milliardar kroner til eit håplaust InterCity-tog. Bør vi det?  Skal vi finne oss i galskapen og uretten? Den siste tida har staten sin aukande maktarroganse vore omtalt i BT av fleire, både redaksjonelt og i lesarinnlegg. Mange har tatt opp den geografiske skeivfordelinga på kultursektoren. (...)  har gjennom sterke innlegg i BT prøvd få i tale vestlandspolitikarane, som taust har funne seg i skeivfordelinga av Vestlandet gjennom alle år. Spesielt har dei utfordra Erna Solberg. Sjølv har eg i to kronikkar i BT prøvd få debatt om uretten og den økonomiske og miljømessige galskapen på transportsektoren gjennom å dokumentere dei faktiske forholda. Men ingenting av dette synes å nytte. Våre folkevalde bryr seg ikkje. Kva så? Skal vi finne oss i det korrupsjonsliknande maktmisbruket og berre gje opp? Eg syns ikkje det. V...