Er jarnbane viktigare enn 20 000 liv?

Skrive 22.05.2017.   

Det «umulige» skjedde i USA. Trump vann. Taparane var eliten og media, som begge hadde oversett eller ikkje brydd seg om det som hadde skjett på grasrota over mange tiår: Svært mange av dei vanlege lønstakarane hadde ikkje fått del i den velstandsutviklinga som globaliseringa hadde gjeve til mange, spesielt til dei rike. Grasrota opplevde aukande økonomiske problem, arbeidsløyse og at politikarane oversåg dei. Dei mista von om ei betre framtid. Dei følte at Trump var ein politikar som såg dei og snakka til dei. Han lova dei ei betre framtid. Eg trur ikkje dei stemte på Trump fordi dei trudde på lovnadane hans, men for første gong følte dei at det var ein politikar som såg deira situasjon.

Dette forstod ikkje eliten og media, ikkje i USA og ikkje i Norge. Alle var «sjokkert» over resultatet. Det same var «ekspert»-kommentatorane.

«Trumps valseier bør oppfattes som et varskorop til andre land», skreiv Aftenposten på leiar plass dagen etter valet. Det er rett, ikkje minst gjeld det vårt land, med vår oljedopa økonomi. Parallellen til USA er at også vi har sterkt aukande økonomiske forskjellar i landet, og at den politiske eliten og dei store mediehusa både overser dette og heiar fram ordningar som vil auke forskjellane. Og dette skjer stort sett utan offentleg debatt, det skjer i der skjulte. «I Norge har vi nesten ingen offentleg debatt om dei store spørsmåla. Vi har berre litt mumling». Dette var det politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle som sa etter 11. juli-terroren.

Stanghelle hadde rett: vi har svært mange tvilsame ordningar om viktige saker som er komne til utan nemnande offentleg debatt. Ikkje minst gjeld dette innan offentlege tenester. På den eine sida har vi lagt oss til enorm sløsing av ressursar på nokre områder som den økonomiske og politiske eliten tener på, og på den andre sida overser vi enorme manglar på områder som ville hjelpe svake grupper, men som «eliten» er lite opptekne av, og som det derfor vert lite offentleg debatt om.

Dei forsømde områder er mellom andre helse og aldersomsorg.

 Derfor er det flott at BA no inviterer til spørjetime under temaet: «Hva skjer egentlig med offentlige tjenester?»

Personleg meiner eg at vi bør ha godt utbygde offentlege tenester. Men eg saknar ein prinsippell  debatt om viktige spørsmål som: Skal staten gje enorme subsidier til tenester som berre vert gjeve til folk i avgrensa delar av landet? Kor stor del av kostnadane skal brukarane betale sjølve? Og ikkje minst: skal staten halde fram med å ause ut subsidier til friske og vaksne personar samstundes som det er store manglar i til dømes helsevesen og eldreomsorg?  På alle desse områda skjer det i dag – i det skjulte - mykje som er tvilsamt. Mesteparten bak eit fikenblad som heiter miljø/klima.

Eg vil konkretisere med nokre eksempel som sjeldan eller aldri vert debattert.

Jarnbane

Det mest openberre eksempelet er Jarnbane, som er ei offentleg teneste her i landet. Eit spinndyrt og ineffektivt subsidiesluk som no årleg får om lag 20 milliardar kroner i subsidier frå staten. Grunngjevinga frå miljøorganisasjonar og Stortinget er klima. Men dette er basert på myter og  svindel frå NSB/Jernbaneverket. Dei lurer unna dei største postane i kostnads- og energirekneskapet. I tidlegare innlegg har eg vist at det ville vere langt betre både kostnadsmessig og miljømessig å la denne transporten gå med moderne bussar, som ville greie seg utan statssubsidier.

Kva kan vi få igjen for 20 milliardar kroner per år dersom vi brukar desse enorme summane til andre offentlege tenester, for eksempel i helsevesenet? Svaret er: svært mykje. Eg vel helsevesenet fordi ei opinionsgransking i år viste at over 70 prosent av folket ville at meir av ressursane i samfunnet må gå til den offentlege helsetenesta.

I Norge er vi meir knipne med å ta i bruk nye og dyre medisinar og behandlingsmetodar enn land som vi elles samanliknar oss med. Det gjeld til dømes i behandling av kreft. Vi kan stadig vekk lese om kreftpasientar som reiser til utlandet for å redde livet ved hjelp av medisinar som vi ikkje tek oss råd til å bruke her heime. I BT for eitt år sidan fortalde sjefen på Haukeland Universitetssjukehus, Eivind Hansen, at slik behandling av ein kreftpasient ville koste «ein dryg million i året», og det hadde dei ikkje råd til innafor budsjettet. I helsevesenet har vi eit såkalla «Beslutningsforum», som fastset kor mykje det kan få lov å koste helsevesenet å forlenge livet til ein pasient. Eg har forstått det slik at denne prisen er om lag 1 million kroner per år.  

Om vi vel å bruke dei milliardane som vi i dag sløsar bort på jarnbane, ville vi kunne redde 20 000 liv.

Eitt av dei store spørsmåla vi bør reise er derfor: Er jarnbane viktigare enn 20 000 liv?

Elektrisitet

Sjølv jobba eg med energi og elektrisitet gjennom heile yrkeslivet. Elektrisitet er ein fantastisk teknologi og ein flott energibærar, og er ei offentleg teneste i dei fleste land.

Her i landet driv styresmaktene ein grotesk forskjellbehandling av brukarane av denne tenesten. På den eine sida vert det lagt enorme statsskattar på den elektrisiteten som vert brukt i såkalla allment forbruk. Det vil seie alt det som vert brukt til lys, varme og alle slags maskiner i både heimar og alle slags bygningar og offentlege institusjonar. Det utgjer fleire tusen kroner per år for ein husstand og  om lag 10 milliardar kroner årleg for landet. Det er desse brukarane som har finansiert det flotte strømsystemet vi har utvikla her i landet. Grunngjevinga for denne skattlegginga har i all hovudsak vore miljø, drive fram av diverse miljøorganisasjonar med Norges Naturvernforbund i  spissen.

På den andre sida har vi alle dei «nye» brukarane av elektrisitet: elbilar, tog og oljeplattformar. Her vert den same elektrisiteten rekna som så miljøvenleg at brukarane slepp både statsskatten og får mange andre goder i tillegg.  

På den eine sida vert elektrisiteten behandla som noko så miljømessig «syndig» at vi må redusere bruken mest mogleg. På den andre sida vert den same elektrisiteten sett på så som det mest miljøvenlege av alt. Korleis er dette mogleg i eit land der favorittordet for dei fleste politikarar er kunnskap?

Vi må gå litt tilbake i tid.

I Norge er vi så heldige at vi har kunne dekke storparten av energiforbruket ved elektrisitet, takka vere vasskrafta. I dei fleste andre industriland har det normale vore at elektrisiteten dekka berre om lag 20 prosent av energibehovet. Resten har stort sett vore dekka av fossile brensel.

Dermed har vi hatt eit «unormalt» energimønster i forhold til dei aller fleste land. Vi har hatt mykje større andel forny bar energi og elektrisitet, medan dei «normale» landa bruket mykje meir fossil energi.

Men så var saka den at miljørørsla, spesielt Norges Naturvernforbund», hata vasskraft. Dermed la dei hatet også på det aukande elektrisitetsbehovet som førte til meir vasskraftutbygging. Dette galdt spesielt elvarme, som utgjorde største posten i forbruket i hus med elektrisk oppvarming.

Denne motstanden passa godt for både petroleumsindustrien, som hadde missa store marknadsandelar i varmemarknaden til den gunstige elvarmen, og for den kraftindustrien som mislikte elvarmen fordi dei heller ville ha mykje og billeg elektrisitet til seg sjølv.

Derfor fekk vi ein uheilag allianse mellom naturvernarar, petroleumsindustrien og den kraftintensive i industrien. Ein mektig allianse som har gjort mykje skade for både landet og for miljøet. Over mange år greidde dei utruleg nok å bygge opp eit bilde der bruk av fossilt brensel vart framstilt som meir miljøvenleg enn vasskraft og elektrisitet. Og elektrisiteten vart belasta med stadig aukande statsskatt med varierande namn; først elektrisitetsavgift, seinare forbrukaravgift. Miljørørsla har heile tida prøvd å marknadsføre denne usosiale skatten som miljøavgift. Og bruk av elektrisitet vart kalla energisløsing.

Heilt  inntil for om lag 15 år sidan fekk «trearbanden» drive på med god støtte frå både «miljøpolitikarar» og media. Vi fekk ei energimelding der hovedtemaet var energisløsing -fordi vi var det land i verda som hadde høgast andel elektrisitet i energimiksen. Og alle våre statstru media kraup som vanleg for miljøorganisasjonane og den mektige staten. «Vi er verdensmestere i energisløsing» skreiv Aftenposten på leiarplass. Og skatten på elektrisitet var igjen sett opp, men ikkje for indurstrien! Hushaldningane måtte svi, som vanleg.  

Eg syns det er naudsynt å minne om denne groteske situasjonen i vår nære fortid. For no er elektrisitet og fornybar energi blitt sjølve «himmelen» og slepp alle slags avigifter når han vert brukt i samferdsle og på oljeplattformar. Men hos dei tradisjonelle forbrukarane – i hus og heim og i alle slags bygningar – vert den same elektrisiteten framleis sett på som så «syndig» at han vert straffa med aukande avgifter. Eg har fleire gonger utfordra miljøstyresmaktene våre om å kome på bana og forklåre denne dobbelmoralen, men utan å få svar, sjølvsagt!

Elektrisiteten er ein flott teknologi og ein svært effektiv energibærar, og vert i dag sett på som miljøvenleg av alle, til og med av miljørørsla. Men styresmaktene driv meiningslaus forskjellhandsaming mellom dei ulike brukarane av elektrisiteten.  

Populære innlegg fra denne bloggen

Forord (E)

Demokrati, økonomi og solidaritet i unnabakke (E)

Om kvifor eg skriv i aviser – og bok